
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Norgestur
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 135 968,-
- Følg linja på Instagram
Ynskjer du eit år med fine naturopplevingar og minner for livet? Då er Sunnfjord Folkehøgskule plassen for deg!
Sunnfjord byr på både fjord og fjell, som betyr eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar. Du vil få prøve klatring, randoneeski, kiting, stisykling, fjelltur, telt- og hyttetur, kajakk, surfing og mykje meir. Det beste er at dette er for alle. Om du er ny eller erfaren innan friluftsliv skal vi få mange gode opplevingar samen.
Her får du meir enn 5-stjernes overnatting under åpen himmel med mykje bålkos, mogelegheit for å sjå fløyelsmjukt nordlys og spektakuler vestlandsnatur.
Linjen kjem med følgjande goodiebag:
- brattkort
- våtkort ( havkajakk)
- førstehjelpskurs
- skredlære
- opplæring i kart og kompass
- lederferdigheter
På Friluftsliv Camp Vestland skal vi lære å planlegge trygge turar i ulike naturtypar, og gjere oss gode erfaringar på tur. Du får mogelegheit til å påverke korleis vi skal utforske Sunnfjord.
I vårt lokalområdet reiser vi blant anna til Vetvika, vårt lokale fjell-eldorado på Jølster både sommar og vinter, Europas høgeste sjøklippe (Hornelen), Via Ferrata i Loen, Værlandet, Bladet i Molladalen, Jostedalsbreen, Gaularfjellet på turski og randoneeski og Vettisfossen som er Nord-Europas høgste fossefall.
.
Aktivitetar haustsemester:
- Isklatring og brevandring
- Havkajakk
- Via ferrata Loen
- Surfing i Hoddevika
- Stisykling på Geilo
- Rappellering
- Sportsklatring innendørs og utendørs.
Aktivitetar vårsemester:
- Toppturar vestlandsfjell
- Ferdighetstrening skiteknikk
- Bre-tur
- Snøhole og evt isklatring
- Alpint - telemark
- Studietur i 2 veker på Norgesturnè