Til hovedinnhold

Eventyrleg idrett, vår 2025

Søk på linja

Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.

Vi startar normalt opp med fotball og beachvolleyball. I mars skal vi delta på skulemeisterskap i volleyball. Då stiller Sport Adventure lag i mix-klassen. Det blir naturlig å trene mot dette i tida før. Dette er ei volleyballturnering der vi gjer vårt beste og har det samtidig gøyast av alle. I desember skal skulen delta på Nordvestcup i fotball som er ei turnering for folkehøgskular. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og i treningsstudio trener vi minst èin gong i veka. Vårt nye treningsstudio på skulen kan du bruke så ofte du vil på fritida heile året. 

Normalt køyrer vi eit våttkurs i elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Å gå Via Ferrata er ei stor naturoppleving. Dette er ei klatrerute som er mulig for dei aller fleste å gjennomføre. Her får du testa høgdeskrekken din og pressa litt grenser. Men følelsen av å stå på toppen av Hoven etter gjennomført tur er det lite som slår.  

Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp. 

Studieturen går til Sri Lanka. Les om den under studieturar.

Du treng ingen forkunnskapar eller spesielle fysiske fortrinn. Du er lysten på å dyrke fellesskap og vennskap med andre gjennom variert idrett, eventyrlege opplevingar både i kvardagen og på reise.

Dette vil du lære

Dette vil du lære

  • Surfing
  • Klatring
  • Rafting
  • Fotball
  • Basketball
  • Sirkeltrening
  • Volleyball
  • Orientering
  • Spinning
  • Badminton
  • Frisbeegolf
  • Langrenn
  • Topptur
  • Beachvolleyball
  • Landhockey
  • Styrketrening
  • Sykling

Våre forventninger til deg

Du er open for mange ulike aktivitetar og idrettar. Du likar å trene og vere aktiv. Vi kjem til å overnatte ute i telt så det må du vere villig til å gjere. Du tek deg sjølv ikkje alt for høgtideleg, men er nysgjerrig på det meste. Du er eventyrlysten og positiv, og ser verdien av fellesskap. 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 14

Måltider pr dag inkludert: 3

Sri Lanka – faktisk kåra til verdas beste reisemål i fleire år

Siste: Sri Lanka blei nettopp kåra til verdas beste reisemål for 2019 av Lonely Planet! Så flott at vi skal dit. Som om ikkje det er nok, så blei landet kåra til beste reisemål også i 2013!

Nettstaden BloombergPursuits plasserer Sri Lanka på topp blant dei 20 beste reisemåla for 2017!

Vi skal mellom anna besøke den berømte Sigiriya-klippa, som står på Unesco si verdsarvliste. Vi skal besøke ein nasjonalpark der vi kan sjå ville elefantar, aper og mange fleire dyr. Vi skal sjølvsagt også nytte oss av dei endelause sandstrendene som omkransar nesten heile øya. Strandidrettar, surfing og andre aktivitetar er lett tilgjengelege. Det blir ein kombinasjon av å reise på rundtur og oppleve landet, vere saman med srilankiske ungdommar, oppleve nokre av dei finaste strendene i verda for å lære vannsport, og avslutte turen med eit par dagar og samle krefter til heimturen.

Svenn Ove Gjøringsbø

Lærar Eventyrleg Idrett

Fra kr 89 100,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 89 100,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 89 100,-
(17 820,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Work Tanzania, vår 2025

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vårKristen

Animasjon // Japan - vår 25

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

E-sport Aktiv, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Kreativ MIX (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

REIS Idrett og Friluftsopplevelser Våren 2025

Ålesund Folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Kunst - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Filmskuespiller halvår, vår 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs vår36 t/ukeFrilynt

Musikkproduksjon (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv LETT (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Historisk håndverk (halvårskurs vår 2025)

Sund folkehøgskole
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt

Forskerspire - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Skuespill halvår, vår 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs vår36 t/ukeFrilynt