
Tilpassa Sunnfjord
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Helårskurs
- Oppstartsdato: 21.08.2027
- Pris: Kontakt skolen
- Sted: Førde

Tilpassa Sunnfjord er basert på at alle elevar med ulike funksjonsevner eller tilpassingsbehov har rett til eit fullverdig og likeverdig år på folkehøgskule. Grunntanken er at også elevar med tilpassingsbehov skal få vere med å bestemme over sin eigen kvardag og kva dei synes er meiningsfullt å vere med på.
Vår modell opnar også for eit opplegg for dei elevane som søkjer ordinært og som til dømes treng barnehageplass for eige barn, eller tilpasning grunna ulike typar funksjonsnedsetting. Eleven veljer kva linje han eller ho ønskjer å gå på, så langt det let seg gjere. Vi skreddarsyr både undervisningsopplegg og bu-situasjon ut ifrå kapasitet, behov og meistringsnivå. Målet er at eleven er med på ei av dei eksisterande linjene våre.
Skulen har fagpersonar som er relevante for mange brukarar. Dei kan tilpasse undervisning i praktiske og sosiale fag som butrening, økonomi, matlaging, og kropp og helse når det er behov for det. Målet er sjølvstendiggjering i trygge omgjevnadar. Du får sjanse til å meistre utfordringar i kvardagslivet, slik at du i størst mogeleg grad blir rusta til eit liv i eigen bustad, med jobb og i lokalmiljøet.
Elevar som søkjer på særskilt grunnlag kan få tildelt plass før 1. februar. Søk tidleg! Send gjerne ein epost til rektor, eller bruk søknadsskjemaet.
På Tilpassa Sunnfjord er det plass til alle som treng tilpassing i større eller mindre grad. Alle har rett til å gå på folkehøgskule. Ta kontakt med skulen for vegleiing til å søke økonomisk støtte.
For elevar med behov for hjelp i kvardagslivet har vi eit miljøteam som kan legge til rette for praktisk og sosial støtte, også utanom undervisningstid. Ved behov for bu-trening vil ADL-fag inngå i undervisninga, td matlaging, økonomi, reinhald etc. Det blir utarbeida ein personleg plan for kvar elev i samarbeid med miljøteamet på skulen.
Sjå også på innhaldet på linja du ønskjer å følgje.
Du er villig til å delta på linja så godt du kan utifrå føresetnadene dine, både sosialt og fagleg. Du vil gjerne samarbeide med skulen for å einast om kva tilpassing som er ønskjeleg og nødvendig for di deltaking på linje og i skulemiljøet. Du ynskjer å gjere ein innsats for å oppleve eit år med trivsel, meistring og utvikling i ditt eige liv.
Linjeturane er fagturar og dermed obligatoriske på linja. Studieturane inngår i prisen på linja, og måltida er med i prisen.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 4
Veka før haustferien reiser vi til Vestlia på Geilo. Her får du oppleve hotellivet og folkehøgskulelivet på sitt beste. Her kan du senke skuldrane i spa-avdelinga etter ein tur på anten rafting, paintball, go-kart eller stisykling. Linjene har også treningar undervegs i opphaldet.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Nesholmen er KFUK sin idylliske leirstad, som ligg heilt i nede ved Eimhjellevatnet. Her pleier vi å vere to gongar kvar år, ein tur på hausten og ein tur heilt på slutten av året. Her får du oppleve bålkos, kakao, aktivitetar og nyte den flotte vestlandsnaturen.
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar. På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar. Seminara har forskjellige tema kvar veke.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
Sunnfjord Folkehøgskule er ein idrettsskule. Her møter du elevar som er interesser i idrett og fellesskap. Her på skulen kan du vere akkarat den du er. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
18 år.
1. Det er opent for å søke for skuleåret 2027/28 frå 15.oktober. Du vil motta melding om at søknaden er motatt
2. Opptaket for skuleåret 2027/28 startar 15.november. Du vil motta sms og e-post om svar på søknaden. Dersom det er ledig plass på linja, må du betale inn kr 3000,- i innmeldingspengar.
3. Etter betaling får du automatisk ein e-post med linjebrev, velkomstbrev og meir informasjon om oppstart og detaljar på linja.
Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret. Hos oss går alle på dei ordinære linjene. Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.