Til hovedinnhold

Bli betre i e-sport, og ha ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening og andre idrettar. Jobb saman med andre spelarar for å bli betre i alt frå kommunikasjon til taktisk forståelse.

Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar? Det tek tid og målretta innsats. Her kan du utvikle deg i spelet ditt, samtidig som du får bevege kroppen. Her vil du spele dataspel, lære om trening og kosthald, og finne på kjekke sosiale ting. Du har tilgang til treningsstudio, gymsal og fantastisk flott natur i nærleiken. Vi arrangerer ofte switch kveldar og turneringar, og vi brukar å streame kampane våre for resten av skulen. Du vil også bli kjent med elevar frå linjer som driv med bl.a volleyball, dans, idrett, som ofte pleier å ha interesse for e-sport og trening.  

 I linjetimane vil vi ha hovudfokus på CS2 og Valorant, men vi fokuserer på ferdigheiter som er nyttige for alle FPS-spel. Samarbeid, aim, taktiske ferdigheter og kommunikasjon er viktige stikkord for det vi driv med. For å lære om desse ferdigheitene brukar vi blant anna Aim Lab, demo reviews, førelesingar, spel og konkurransar. Linjelærer har spisskompetanse i CS2 og Valorant, men har også god kunnskap om andre spel, som for eksempel PUBG og Dota 2.  

E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet 

Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på E-sport aktiv er viktige for lokalmiljøet i form av dei hostar UKM-lan for ungdommen i Sunnfjord

Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre og lyst til å utfordre deg sjølv.

Dette vil du lære

  • Taktikk i CS2 og Valorant 
  • Utvikle aimen din 
  • Spelforståelse/Ingame-IQ 
  • Kosthold 
  • Korleis du kjem i betre form 
  • Variert trening og idrett 
  • Eit år med utfordringar og meistring  
  • Arrangere LAN 

Våre forventninger til deg

At du er motivert for å utvikle deg. 
Du forstår at det krevest innsats og struktur for å bli betre i e-sport.  
Du forstår også at livet består av andre ting, og at ein treng å vere aktiv og sosial for å kunne prestere så godt ein kan. 
Du vil lære om korleis ein brukar motgang til læring 
Du bidreg til eit godt klassemiljø og gjer ditt for at dei rundt deg har det bra.

Lars E Skadal

lærar E-sport Aktiv

Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar i fleire år. Også drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå. Han har konkurrert på øverste nivå ligaer som Telialigaen og Altibox ligaen. Les meir om Lars her. 

Epost: lars.e.skadal@gmail.com
Telefon: 99353817

Fra kr 59 600,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 59 600,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 59 600,-
(11 920,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret. 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg

På E-sport Aktiv brukar vi både gymsal og treningsstudioet i undervisninga. Dette gjer vi fordi vi ser at fysisk trening gjer at ein kan prestere betre foran PC-en og i det daglege liv. På treningsstudioet vil du få hjelp til å lage eit treningsprogram som passar til deg, enten du er ny eller har trent mykje tidlegare. 

Linja har også eit eget loungerom som vi har utstyrt med projektor, fleire sofar, kjøleskap og microbølgeomn. Dette brukar vi når vi analyserer demoar, har klassemøter og står til fri disposisjon på kveldstid for minnerike kveldar med livestreams, kortspel og filmar.  

Denne linja er for alle som har interesse og likar e-sport, og vil lære meir om korleis du kan utvikle deg i spelet ditt. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre, og har lyst til å utfordre deg sjølv.  

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Her er de nye folkehøgskolelinjene

Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2024/2025.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Matlinja (høst 2024)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Kompani Hardanger - Halvårskurs

Hardanger Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Design & Fashion - halvårskurs høst 2024

Ringerike Folkehøgskole
Halvårskurs høst16 t/ukeFrilynt

Global Afrika

Lundheim folkehøgskole
Halvårskurs høst18 t/ukeKristen

Friluftsliv Camp Vestland, haust 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Halvårskurs høst14 t/ukeKristen

E-Sport FPS halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Norwegian Language and Culture

Stavanger Urban Folkehøgskole StUF
Halvårskurs høstFrilynt

Backpacker Multisport - Høst 2024

Seljord Folkehøgskule
Halvårskurs høstFrilynt

Spillutvikling halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Friluftsliv Hav (høst 2024)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Fiske & havbruk (høst 24))

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Musikkteater halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høstFrilynt