Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året.
Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.
Ballspel
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Band
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Basketball
Enkelt nivå, passar for alle.
Dans
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Dokumentar og diskusjon
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Fotball
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Internasjonal matlaging
På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget.
Klatring
Pris: 700,-
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Mat på bål
Matlaging på bål når du er på tur.
Mat-auk
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Minikor
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Motivasjon
Korleis motivere seg sjølv og andre for å oppnå eigne og felles mål.
Multisport
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Piano
Begynnaropplæring i små grupper.
Podkast
Lær å lage eigne podcasts med enkle midlar.
Politikk og samfunn
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Regi og drama
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Spikeball
Spikeball eit nytt dynamisk og morosamt 360 graders spel som begeistrar! Reglane er lette å lære og det er eit spel med høgt aktivitetsnivå.
Strikking
Å halde liv i eit gammalt handverk som også er nyttig i dag.
Styrketrening
Nytt treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Topptur
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Volleyball for alle
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i skule-NM? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.