Til hovedinnhold

Med profesjonelle dansarar og lærerar vil du utvikle dine danseferdigheiter i Jazz, Contemporary, Showdans, Hiphop og Samba. Vi lagar musikkvideo og har fotoshoot, danseforestilling. Studietur.

På Dans-Idrett får du prøve deg innan mange forskjellige dansestilar. Vi har danseforestilling og vi har fokus på styrketrening og skadeforebyggande trening.

Dans-Idrett  er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing.

Skulen produserer musikal/teater-forestillingar som framstår som profesjonelle. Dei siste åra har vi produsert Children og Eden, Folk og Røvere i Kardemomme By, Kaptein Sabeltann, Hairspray, High school musikal m.m!

Her får du alle tiders muligheit til å oppleve korleis det er å produsere slike forestillingar frå start til slutt. Regi, koreografi, scenografi, musikk, kostyme, sminke og alt det som høyrer med får du vere en del av.

Linja har også eigen danseforestilling for skulen der vi viser fram dansar og koreografiar som vi jobbar med gjennom året.

Du ønskjer å utvikle deg og utfordre deg sjølv. Yte det vesle ekstra, der lagarbeid og innsats er alfa omega! Du vil ha ein kvardag med allsidig trening. Bli med og opplev meistring!

Dette vil du lære

  • Jazz/Contemporary
  • Samba
  • Street Dance, HipHop
  • Koreografiarbeid
  • Styrke/Variasjonstrening
  • Kosthald og ernæring
  • Produksjon av forestilling

Våre forventninger til deg

På Dans Idrett forventar vi at du er motivert for å lære mange forskjellege dansestilar. Komfortsona blir pusha kvar veke og du vil lære meir om styrketrening og allsidig trening. På dans-Idrett er innsats viktigare ein talent. Er du villig til å yte det vesle ekstra? Då vil du få eit fantastisk år og utvikle deg som dansar, person og du får betre fysisk form!

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 16

Måltider pr dag inkludert: 3

Rio de Janeiro        

Bli med til fantastiske Brasil og Rio de Janeiro! I mars reiser Volleyball saman med linjene Dans Idrett, Sport Adventure og Beach og Volleyball til vakre og spennande Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene beachvolleyball på Copacabana saman med profesjonelle trenarar frå Rio. Det blir hektiske og innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima.

I Rio de Janeiro blir beachvolleyball prioritert. Vi skal også spele treningskampar mot lokale lag og sjå toppseriekampar innandørs. Vi har gode kontaktra i Rio som vi har jobba med i mange år som bidreg til å lage ein god, trygg og lærerik studietur.

Når man snakker om Rio de Janeiro er det få ord som beskriv byen betre enn “byen med kontrastar”. Her er det skyhøge bygningar og enorme favelaer. Rik og fattig lev side om side, men samtidig adskilt. Dei fleste menneska du kjem til å møte er hyggelege, varme og nysgjerrige på kven du er og kvar du kjem frå. I løpet av turen til Rio vil du få møte folk fra alle samfunnslag og få sjå korleis dei ulike menneska lev. 

Lokale severdigheter som Sukkertoppen og Kristustatuen skal også opplevast. Solnedgangen fra Sukkertoppen er heilt unik. Vi skal besøke Maracana som er verdens største fotballstadion, her har VM og OL finaler blitt spelt. .

 

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 74 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Brasil - Rio de Janeiro
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 74 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 74 300,-
(14 860,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med kondisjonsapparat, vektrom, spinningssal, gymsal, Sandvolleballbane.

Dette utstyret må du stille med selv

  • Jazzsko
  • Ballettsko
  • Joggesko til bruk inne og ute
  • Minibands (strikk til trening)
  • Powerslide (Abilica)

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Her er vårens halvtårskurs

Vil du lære tegnspråk, oppleve Svalbard eller bli bedre i e-sport? Sjekk alle tilbudene du kan begynne på i januar!

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Freestyle Park, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Freeride Japan, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Reis Afrika, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Halvårskurs friluftsliv (jan-mai 2024)

Lofoten folkehøgskole
Kontakt skulen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Vintereventyr Nord-Norge, vår 2024

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs vårKristen

Volleyball Jenter, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Sport Adventure, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Friluftsliv Mix - vår 2023

Alta folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

PT // Norge - Personleg Trenar

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Bratt - klatring, buldring og stisykkel, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Reiseliv // Fokus Asia

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

Musikal Teater, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vår14 t/ukeKristen