Til hovedinnhold

På Volleyball halvår vår kan du få satse fullt på volleyball eit halvt år. Du kan få kombinere toppsatsing med ei spennande folkehøgskuleoppleving.

Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. På Volleyball vår er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skadeforebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divisjon).

Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevolleyball.

Linja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

Kampar tilpassa ditt nivå

Sunnfjord IL og Førde VBK har lag på følgande nivå:
– Elite kvinner (FVBK)
– 2. div. kvinner (Sunnfjord IL)
Sunnfjord IL har lag i 2.divisjon. Har du elite- eller 1.divisjons erfaring? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Noreg.
Les meir om Førde VBK her.

På volleyballinja er det to linjelærarar. Ein har hovudansvar for jentene og ein for gutane. 

Volleyballinja har nært samarbeid med ein fysioterapeut. Han har god kunnskap om volleyball-skadar

 

Fotograf Nigel Boyce:

Vi forventar at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag.

Dette vil du lære

  • Balltrening kvar dag.
  • Erfarne trenarar
  • Treningsleir i utlandet
  • Kampar i 2.divisjon (eller høgare med Førde VBK)
  • Skule-NM
  • Trenar 1 kurs
  • The Sunnfjord Spirit
  • NM i snøvolley
  • Utvikling av fysiske, tekniske og taktiske ferdigheiter
  • Meistring

På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjord Spirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar

Våre forventninger til deg

  • Du er villig til å trene kvar dag
  • Du er opptatt av å bygge laget like mykje som å utvikle eigne ferdigheiter

Rio De Janeiro - Brasil

Obligatorisk: Nei

Pris: 16 000

Varighet: 16

Måltider pr dag inkludert: 3

Bli med til fantastiske Brasil og Rio de Janeiro! I mars reiser saman med linjene Volleyball og Beach & Volleyball til vakre og spennande Rio de Janeiro i 2 veker. Her skal du få trene beachvolleyball, beach tennis og styrketrening på Copacabana. Det blir innhaldsrike dagar i eit varmt og behageleg klima.

Vi har gode kontaktra i Rio som vi har jobba med i mange år som bidreg til å lage ein god, trygg og lærerik studietur.

Når man snakker om Rio de Janeiro er det få ord som beskriv byen betre enn “byen med kontrastar”. Her er det skyhøge bygningar og enorme favelaer. Rik og fattig lev side om side, men samtidig adskilt. Dei fleste menneska du kjem til å møte er hyggelige, varme og nysgjerrige på kven du er og kvar du kjem frå. I løpet av turen til Rio vil du få møte folk fra alle samfunnslag og få sjå korleis dei ulike menneska lev. 

Lokale severdigheter som Sukkertoppen, Kristustatuen og Favela skal også opplevast. Solnedgangen fra Sukkertoppen er heilt unik. Vi skal på fotballkamp på Maracana som er verdens største fotballstadion, her har VM og OL finaler blitt spelt. Sjølv om du kanskje ikkje er veldig interessert i fotball. Så må alle oppleve atmosfæren på ein fotballkamp i Brasil.
Det er eit minne for livet!

Merk at denne turen ikkje er obligatorisk og kan veljast. 

Spania - Benidom

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

I mars pakkar vi baggen og reiser til Benidorm (Spania) på treningsleir. Vi har eit tett samarbeid med Move Your Association (mya.no) som gir oss tilgang til dei beste idrettsanlegga i området. På treningsleiren kombinerar vi volleyball med noko beachvolleyball. I Benidorm spelar vi treningskampar mot lokale klubbar. Du skal også få lære av og bli godt kjend med den dyktige trenaren Raul Mesa. 

 

Som elev på linjene Volleyball og Beach & Volleyball har ein høve til å velje tur til Rio De Janeiro i Brasil istadenfor Spania. Dette vil medføre ein ekstrakostnad på kr 15.000,-.

 

Fra kr 78 550,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Spania - Benidom
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 78 550,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 78 550,-
(15 710,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Switch-park & pudder, halvårskurs vår

Hallingdal Folkehøgskule
Halvårskurs vår13 t/ukeFrilynt

Vintereventyr 2025 - Polarhund og friluftsliv

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs vårKristen

Arktisk friluftsliv - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Musikkproduksjon (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Mix - vår 2024

Alta folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Idrett og Friluftsliv (vår-25)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Camp Vestland, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Halvårskurs vår14 t/ukeKristen

Backpacking og trening: Sør-Amerika

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Halvårskurs Idrett og Friluftsliv vår

Molde Folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Ekspedisjon og friluftsliv - vår 2025

Svalbard folkehøgskole
Halvårskurs vår15 t/ukeKristen

Dyrepasser, halvårskurs vår

Hallingdal Folkehøgskule
Halvårskurs vår13 t/ukeFrilynt

Musikal Teater, vår 2025

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vår14 t/ukeKristen