- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Brasil, Sri Lanka - verdas beste reisemål, felles for alle, London
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 22.08.2020
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 119 900,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Dans Idrett Brasil gir deg stor variasjon innanfor dans, trening og flotte reisemål. Jazz, Contemporary, musikal teater, ballett og Funk-Jazz er ein del av kvardagen. England, Brasil og Sri Lanka.
Tilrettelagt treningsprogram for deg i topp moderne treningstudio på skulen, store dansesalar og muligheit til å førebu eksamen i ballett. Skulen har også ein oppvarma sandhall med god sommar året rundt.
På hausten reiser Dans Idrett Brasil på studietur til London, og Rio de Janeiro. I februar reiser vi på studietur til Sri Lanka samtidig med dei andre linjene. Les meir om Sri Lanka-turen her! Sri Lanka-turen er frivillig.
- Faste dansetimar innanfor Jazz, musikaldans, ballett, Street Dance, Contemporary
- 2 store dansesalar med speil, ballett-barrer, godt musikkanlegg og kvalitetsgolv
- Musikalforestilling
- Du kan ta eksamen i ballett på Danseverkstedet
- Trening i oppvarma sandhall året rundt
- Trening i skulen sitt eige treningsstudio
- Studietur til England, London der vi ser West End-musikalar og tar danseklasser.
- Studietur til Brasil, Rio de Janeiro der vi har privat instruktør i samba, hiphop. Vi tar også danseklasser ved dansestudioet Centro de Artes Nòs de Danca.
- Faste treningar på sandstranda Copacabana med mange forskjellige sandidrettar, Surfing, Body Board, stand up paddling m.m
Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing.
Andre veker har vi f.eks. prosjekt saman med fotolinja på skulen. Då får du som danselev erfare korleis fotoshoots fungerer, og vi lagar filmar av dansar/aktivitetar på linja.
Skulen produserer fullskala musikalar og forestillingar som framstår som gjennomførte og profesjonelle.