
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Sri Lanka
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 144 968,-
- Følg linja på Instagram
Du skal få trene variert og prøve ut mange idrettar, og du skal på eventyrlege opplevingar i storslått vestlandsnatur.
Eventyrleg Idrett inneheld ei rekkje aktivitetar og idrettar både til lands og til vanns, inne og ute. I gymsalen skal vi spele forskjellige ballidrettar og vi trenar i treningsstudioet til skulen minst éin gong i veka. Dette kan du også nytte på fritida så mykje du ynskjer.
Vannsport er òg ein del av Eventyrleg Idrett! Normalt køyrer vi eit våttkurs i hav- og elvekajakk på hausten. Vi skal rafte ned Jølstraelva og kjempe med naturkreftene. Du vil få utforska magien i havet når vi dykkar i Førdefjorden og andre vakre områder.
I løpet av våren skal du også på surfekurs i Hoddevika som er omkransa av vill og vakker natur. Du får kyndig innføring i grunnleggande teknikk av ein instruktør.
Linjeturen om hausten går til Geilo for å prøve stisykling!
Det er gode forhold for vinteridrettar i området rundt Sunnfjord folkehøgskule. Vi skal ha eit langrennskurs og gå i dei flotte skiløypene ved Langeland skisenter. Det er gode forhold for skiturar og toppturar. Om du har toppturutstyr så er det veldig bra, men ikkje noko du må ha for å gå denne linja. Det ligg veldig godt til rette for toppturar i Sunnfjord, men du skal også få stå på slalomski eller snowboard. I tillegg til å reise til det populære skisenteret Hodlekve, skal vi også ha ei kort veke i Hemsedal skisenter.
Du vil få vere med på fjellturar med utsikt som gir fred i sjela. Du skal få lære å lage bål og lære å lage mat ute i naturen. I tillegg skal vi sanke inn litt mat og plukke litt bær og sopp.