
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Rio De Janeiro - Brasil, Spania - Benidom
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 140 768,-
- Følg linja på Instagram
Vil du spele beachvolleyball og volleyball? Hos oss skal du få trene med ball kvar dag! Gjennom trening, kampar og turneringar skal du få oppleve idrettsglede og meistring både i sanden og i hallen.
Beach & Volleyball:
Sandvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane. Skulen har to sandvolleyballbanar 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire banar. Som elev på Beach og Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysioterapeut dersom du vert skada.
Volleyball:
Beach & Volleyball har eit tett samarbeid med og har det meste av undervisninga saman med volleyballinja. Vi har serielag for damer i 2. divisjon og for herre i både 2. og 3. divisjon, i tillegg spelar vi treningskampar og deltek på turneringar. I seriespel er vi delt, men i treningskvardagen trenar vi ofte saman eller ved sida av kvarandre. Vi er kjent for vårt høglytte og entusiastiske volleyballmiljø og gode felleskap.
Hos oss er alle hjarteleg velkomne, anten du er nybyrjar eller erfaren. Vi jobber for at at den enkelte skal utvikle seg, uansett kva nivå ein har når ein startar på skulen. Har du elite- eller juniorlandslags- erfaring i volleyball? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.