
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Sri Lanka
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Pris: fra 144 968,-
På Helse & Trening skal vi ha det kjekt med varierte treningsformer og idrettar - både utandørs, i gymsal og på treningsstudio! Du vil lære om fysisk, psykisk og sosial helse, velvære og sjukdom.
På Helse & Trening vil du få prøve ut mange forskjellige treningsformer og aktivitetar. I kvardagane vekslar vi mellom tradisjonell styrke- og kondisjonstrening, ulike idrettar, og variert helseretta undervisning. Vestlandet er eit eldorado for utandørs aktivitetar, så på hausten og våren forsøker vi å nytte oss mest mogleg av det.I tillegg til dei kvardagslege treningane, vil du for eksempel få spektakulære opplevingar som å surfe i Hoddevika, klatre Via Ferrata i Loen,stisykle på Geilo, og padle elvekajakk i Jølstra.
I tillegg har skulen eigen gymsal og treningsstudio, som vi nytter oss mykje av når det freistar mindre å vere ute. Dette er fasilitetar som òg er tilgjengelege for deg på fritida. Parallelt med varierte aktivitetar, vil du få lære meir om helse og velvære, både gjennom undervisning, studieturar, workshops og avspenningsteknikkar som meditasjon og mindfulness. Alt i eit trygt og positivt miljø, kor du vil knytte sterke band og få venner for livet!
Vårt mål er at du skal oppleve trenings- og idrettsglede, meistring og fellesskap. Vi trur på fellesskapet som ein helsefremmande arena, og vil gjere vårt ytterste for at du skal få oppleve det hos oss!
Studieturen går til Sri Lanka. Les meir om den lenger nede.