
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvårskurs høst
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 59 300,-
Ynskjer du eit år med utallige naturopplevingar og minner for livet? Då er Sunnfjord Folkehøgskule plassen for deg!
Har du lyst på eit år med flotte naturopplevingar saman med jamaldringa og ein trygg og dyktig lærar? Køyre botnlaus pudder? Bestige nokre av norges absolutt flottaste fjell. Lære å ferdast trygt ute? Då er Sunnfjord plassen for deg
Kompetanse for livet
På Fjellsport freeride står utviklinga av deg som person og dine ferdigheiter i sentrum. Gjennom naturopplevingar og eit breitt spekter av aktivitetar vil du kjenne på eit trygt og nært vennskap med dine medelevar. Vi skal skape opplevingar saman. Vår visjon er å formidle kompetanse og kunnskap som du kan benytte på eigenhand etter folkehøgskulen til eit godt og bærekraftig friluftsliv i framtida. Gjennom året får du høve til å oppleve turar på både på fjell, fjord og bre.
Aktivitetar haustsemester:
- Fjellklatring i Jotunheimen
- Isklatring og brevandring på Jostedalsbreen
- Elvekajakk
- Havkajakk
- Via ferrata Loen
- Surfing i Hoddevika
- Stisykling på Geilo
- Rappellering
- Sportsklatring innendørs og utendørs.