
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: New York med Musikal Teater, London - Dans Idrett og Musikal Teater
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 21.8.21
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 136 800,-
- Følg linja på Instagram
Muskallinja - scena er di! Du får proff undervisning i song, teater og dans, Du får sette opp forestillingar på små og store scener. Workshops i New York og London. Lærar med internasjonal erfaring.
Du står på scena saman med mange andre, musikken løfter rommet, du syng, dansar og mottar applaus frå en stappfull sal! Eller kanskje du sat som publikummar med gåsehud og tenkte "det der vil eg også vere en del av!" Då er musikal-linja perfekt for akkurat deg, for her er det plass til alle uansett erfaring!
- Her får du profesjonell undervisning i song, teater og dans.
- Vi førebur deg til vidare utdanning innan musikalteater og teater.
- Vi har forestillingar på linja som vi reiser på turné med, og vi har felles musikal for heile skulen.
- Vi ser forestillinger i inn- og utland
- Det blir workshops med profesjonelle musikalartistar, regissørar og koreografar i London og New York.
- Workshop med kjende regissørar og musikalartistar på skulen.
- Du får utvikle deg som songar, dansar og skodespelar i løpet av eitt helt år med fokus på alt det ein musikal har og tilby.
- Studietur til London og New York. Der får du møte profesjonelle artistar frå Broadway og West End. Regissørar og koreografar som jobbar med kjende musikalar og artistar.
Sunnfjord Folkehøgskole har den einaste musikal-teaterlinja i Norge som baserer si teaterundervisning på Meisner Technique, ein kjend amerikansk metode for skodespelarutdanning.
På musikal-linja lærer du song, dans og teater, og du får tid til å fokusere på teknikk og formidling.Du vil få tilbod om å ta individuelle timar i song. Noko av undervisninga vil skje saman med danselinja på skulen.