
- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvårskurs høst
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 24.08.2024
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 61 550,-
- Følg linja på Instagram
På Volleyball halvår haust kan du få satse fullt på volleyball eit halvt år. Du kan få kombinere toppsatsing med ei spennande folkehøgskuleoppleving. Muligheit for heilt år.
Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. På Volleyball vår er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skadeforebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divisjon).
Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevolleyball.
Linja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.
Kampar tilpassa ditt nivå
Sunnfjord IL og Førde VBK har lag på følgande nivå:
– Elite kvinner (FVBK)
– 2. div. kvinner (Sunnfjord IL)
Sunnfjord IL har lag i 2.divisjon. Har du elite- eller 1.divisjons erfaring? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Noreg.
Les meir om Førde VBK her.
På volleyballinja er det to linjelærarar. Ein har hovudansvar for jentene og ein for gutane.
Volleyballinja har nært samarbeid med ein fysioterapeut. Han har god kunnskap om volleyball-skadar.