E-sport Aktiv, vår 2025
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — vår
- Oppstartsdato: 06.01.2025
- Pris: fra 74 100,-
- Stad: Førde
- Studietur: Spania - Fuerteventura
Vil du utvikle deg sjølv som e-sportutøvar? Det tek tid og målretta innsats. Her kan du utvikle deg i spelet ditt, samtidig som du får bevege kroppen. Her vil du spele dataspel, lære om trening og kosthald, og finne på kjekke sosiale ting. Du har tilgang til treningsstudio, gymsal og fantastisk flott natur i nærleiken. Vi arrangerer ofte switch kveldar og turneringar, og vi brukar å streame kampane våre for resten av skulen. Du vil også bli kjent med elevar frå linjer som driv med bl.a volleyball, dans, idrett, som ofte pleier å ha interesse for e-sport og trening.
I linjetimane vil vi ha hovudfokus på CS2 og Valorant, men vi fokuserer på ferdigheiter som er nyttige for alle FPS-spel. Samarbeid, aim, taktiske ferdigheter og kommunikasjon er viktige stikkord for det vi driv med. For å lære om desse ferdigheitene brukar vi blant anna Aim Lab, demo reviews, førelesingar, spel og konkurransar. Linjelærer har spisskompetanse i CS2 og Valorant, men har også god kunnskap om andre spel, som for eksempel PUBG og Dota 2.
E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet
Sunnfjord Folkehøgskole har ein lang tradisjon som idrettsskule. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar. Elevane på E-sport aktiv er viktige for lokalmiljøet i form av dei hostar UKM-lan for ungdommen i Sunnfjord.
Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for E-sport. Vi ønskjer alle velkommen, uavhengig av nivå. Det viktigaste er at du er motivert til å bli betre og lyst til å utfordre deg sjølv.
- At du er motivert for å utvikle deg.
- Du forstår at det krevest innsats og struktur for å bli betre i e-sport.
- Du forstår også at livet består av andre ting, og at ein treng å vere aktiv og sosial for å kunne - prestere så godt ein kan.
- Du vil lære om korleis ein brukar motgang til læring
- Du bidreg til eit godt klassemiljø og gjer ditt for at dei rundt deg har det bra.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Måltider pr dag inkludert: 3
Studieturen vil gå til Fuerteventura. Der skal vi bu og ha aktivitetar i Las Playitas. Dette er ein treningsresort med topp moderne utstyr og fasiliteter. Her skal du få velje to aktiviteter kvar dag og valgmuligheten er stor. Fuerteventura er ei av øyene som høyrer til Gran Canaria i Spania. Her er det stabilt klima med mykje sol og varme. https://www.playitas.net/en.
Turen er inkludert i linja.
Lars har konkurrert i landstoppen i CS:GO, og var aktiv utøvar i fleire år. Også drive mykje med fleire FPSar som Valorant, Overwatch og PUBG på høgt nivå. Han har konkurrert på øverste nivå ligaer som Telialigaen og Altibox ligaen. Les meir om Lars her.
Epost: lars.e.skadal@gmail.com
Telefon: 99353817
På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsjukdommar og elevar innanfor autismespekteret.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg
Les hvilke helt nye linjer du kan søke på skoleåret 2024/2025.
Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...