- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Dreamhack Winter Örebro, Sri Lanka - verdas beste reisemål, felles for alle
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 22.08.2020
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 107 300,-
Bli betre i e-sport, og får du ein aktiv kvardag med klatring, styrketrening, sandvolleyball m.m. E-sport Aktiv er e-sport pluss aktivitet. Studieturar til Dreamhack og Sri Lanka.
Vil du utfordre deg sjølv innanfor e-sport, eller berre bli betre? Det tek tid og innsats. Likevel vil du vere med å knuse alle myter om at gamer-folket er skjermvrak som ikkje har eit anna liv. Vi skal samtidig drive idrett og leik, og vi skal trene både i treningsstudio, gymsal og ute. Vi har dessutan Norges finaste sandhall for alle slag sandsportar, og vi har 12 meters klatrevegg. Nemnte vi unike naturforhold?
Vi er ein sports- og idrettskule
Sunnfjord Folkehøgskole har en lang tradisjon i konkuranseidrettar med Norges mestvinnende volleyballag blant folkehøgskuler i NM for Vidaregåande skuler. Her på E-sport aktiv vil vi bygge vidare på denne gode tradisjonen. Ved å fokusere på lagbygging og individuelle ferdigheiter, er ambisjonsnivået at du skal bli betre både som enkeltperson og som lagspelar.
Denne linja er for alle som har interesse og lidenskap for gaming og E-sport. Linja bygger rundt prinsippet om breiddeidrett, og vi ønskjer alle velkommen, uavhengig om du er challenger eller bronze. Viktigast er at du har lyst til å bli betre, og lyst til å utfordre deg sjølv på alle plan.
På linja vil vi hente inn personar med spisskompetanse i ulike spel for at du skal få ekstra gode inputs. Så om du speler Overwatch, League of Legends, CS:GO eller Heartstone, vil du til ei viss grad få tilrettelagt undervisning. Fokuset på linja vil hovudsakleg vere på å lære å sjølv bli betre, og hjelpe kvarandre. Fysisk trening i E-Sport virkar prestasjonsfremjande for utøvarane.