- Sunnfjord Folkehøgskule
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Brasil, Sri Lanka - verdas beste reisemål, felles for alle
- Verdigrunnlag: KristenDei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: VegetarDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Førde
- Oppstartsdato: 22.08.2020
- Linjefag: 14 timar/veke
- Pris: fra 119 300,-
Landets største volleyballinje. Treningar kvar dag. Både innevolleyball og beachvolley i oppvarma sandhall. Turneringar og skule-NM. Studieturar Rio de Janeiro. Påmeldingstur til Sri Lanka.
Vil du satse på volleyball i eitt år? Er du motivert for å trene mykje? Vil du spele volleyball og ha eit folkehøskuleår for livet?
Du får balltrening kvar dag, styrketrening på vårt nye streningssenter på skulen, KM, seriespel, skule-NM og turneringar i inn- og utland. Sunnfjord Folkehøgskule har profesjonelle trenarar frå Canada og Brasil. Innevolleyball har hovudprioritet, men du kan også trene beachvolleyball og andre sandsportar i Sunnfjordhallen med brasiliananske topptrenarar. Sunnfjordhallen er ein oppvarma spesialhall for sandidrettar med tilnærma strandmiljø. Der er det også profesjonell servemaskin for å trene på mottak. Nyttig også for innevolleyball.
Treningsleir i Brasil og Sri Lanka. Treningsleir i Rio de Janeiro, Brasil, om hausten og Sri Lanka om vinteren (ekstrå påmelding). I Rio bur og trener du på Copacabana, verdas mest berømte strand. Sri Lanka: Sjå Fellestur for skolen.
Skulen har idrettslag som kan stille lag i seriespel. Er du på elite eller 1. div. nivå, har Sunnfjord i.l. overbyggings-avtale med Førde vbk. eller andre klubbar i elite og 1. div. Du kan søke på linja uansett nivå!
Skule NM: Sunnfjord fhs har som målsetting å ta medaljer i NM Mvgs (skule NM) kvart år.
Solidaritetsprosjekt. Gjennom ulike prosjekt (arbeid, dugnad, innsamlingar, lotteri, julemesse o.a.) samlar elevane inn pengar til skulen sine solidaritetsprosjekt.