Friluftsliv / KRIK

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Pris: fra 163 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Debio?
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Gloppen
  • Studietur for linja: Surfetur til Biarritz/Europa, KRIK-linjesamling, Surf
  • Studietur for skolen: Surfing i Hoddevika, Elvepadling, Surf og Bibel, Sceneveke, Fridykking, Jaktveke i Høyanger, Fyrvandring/kyst og kultur, Segltur med Statsraad Lehmkuhl, Skiveke i Myrkdalen, Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring, Vintertur i Sogndal, Fellestur Flåm, Finse og Aurland, Toppturveke, Valfrie prosjektveker, Kite på snø, Ski på Sunnmøre, Vintertur med topptur
Det er plass til mykje mellom himmel og jord. Eit folkehøgskuleår med friluftsliv og idrett for eksempel. Og leiartrening og undervisning i kristen tru. Og alt saman i majestetisk Vestlandsnatur.

Eit år med open himmel

Det blir sprakande bål og stille morgonar. Teltliv og topptur. Idrett, friluftsliv, ungdom og tru. Rom for å undre seg, stille spørsmål og lære. Om Gud og medmenneske. Om deg sjølv. Om terrengsykling, surfing, kiting. Elvekajakk, klatring og ski. Det finst så mykje under ein open himmel.

Innhald på linja

Surfetur til Frankrike/Biarritz 12 dagar
Skikøyring i Sunnmørsalpane 2-3 dagar
Toppturar haust og vinter 10-15 dagar
Kiting 2 dagar
Terrengsykling 2 dagar
Isklatring 1 dag
Bibel og surf i Hoddevik 3 dagar
Klatring 3 dagar
Elvekajakk 2 dagar
Bretur 2 dagar
Havkajakk 2 dagar
Beachvolleyball 3 dagar
Ballsport 2 dagar
Nettsport 2 dagar
Kystveke 2 dagar
Via ferrata Loen 1 dag
KRIK-linjesamling 4 dagar
Leiartrening 3-5 dagar
Vandretur om hausten 3 dagar
Skredkurs 3 dagar
Felles snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skiveke i Myrkdalen 5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen 4 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl 5 dagar

 

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/krik/

Alle våre linjer passar for dei som er interesserte i å lære om friluftsliv og ulike aktivitetar i naturen.

Dette vil du lære

Sjå meir tekst på linjesida på friluftslivskulen.no

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du er villeg til å lære, vil bruke dine ressursar og erfaringar, og vil spele på lag med både tilsette og elevar på skulen.

Synne Anmarkrud Vigane

Friluftslivlærar

Synne trivst best der det skjer. Ho er glad i KRIK, friluftsliv og aktivitet, og står på ski eller surfar når ho får sjansen. Ho likar dei fleste idrettar, set pris på ein god konkurranse og er heller ikkje framand for litt show, leik og moro med elevane. Ho har lektorutdanning innan idrett- og friluftsliv, i tillegg til KRLE, interkulturell kommunikasjon og leiingsfag.

Epost: synne@friluftslivskulen.no
Telefon: 45059792

Steinar Saltbones

Friluftslivlærar

Steinar er ein ekte KRIKar, alltid klar for ein fotballkamp eller litt innebandy. Han set stor pris på gode samtalar rundt bålet, gjerne om både tru og tvil. Han er flink til å kombinere idrett, liv og tru, og er utdanna innan folkehøgskulepedagogikk og som prest.

Epost: steinar@friluftslivskulen.no
Telefon: 97021069

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Morgonsamling. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf  ↓

Skulerute

Les meir på friluftslivskulen.no

Vel mellom 40 valfag fordelte på tre ulike periodar gjennom året. Måndagsvalfaga varer i to timar, medan tysdagane er heile valfagsdagar frå frukost til middag. I tillegg kan du velje tre prosjektveker der du får fordjupe deg i noko du har ekstra lyst til å lære meir om. Les meir her: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Vi gjer oppmerksom på at valfagstilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.

Bistand

Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga.

Buldring

Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Pris: 900,-

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen. Eksamensgebyr på omlag kr. 900,-

CrossFit

Pris: 500,-

Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Fotball

Pris: 100,-

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, du får lære om og prøve turfoto/actionfoto og redigering.

Fridykking

Pris: 3 000,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 1 200,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Pris: 600,-

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Pris: 300,-

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Keramikk

På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Kite/toppturveke

Pris: 2 500,-

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 300,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Mat i det fri

Pris: 350,-

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun. Og vi lager sjølvsagt to retters middag kvar gong!

Motorsagkurs

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.

Ordets skole

Informasjon om valgfaget kjem.

Redesign

Kurs i omsying av kle eller å laga noko heilt nytt av gjenbruksmaterialler. Samarbeid med lokal gjenbruksbutikk www.upscaledesign.no

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 1 200,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Surf

Pris: 1 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Surfeveke

Pris: 3 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Terrengsykling

Pris: 750,-

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.

Terrengsykling og stibygging

Pris: 1 000,-

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur

Pris: 400,-

Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.

Topptur/kite

Pris: 800,-

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Pris: 400,-

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Pris: 400,-

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Trening og tur

Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Volleyball

For deg som likar lagspel, og som vil bli bedre på volleyballteknikk.

Tenk deg eit år med fjell utanfor døra, fjord i sikte og nye folk som blir dine nærmaste venner.

Her får du prøve meir, og fylle kvardagen med opplevingar. Ein vanleg tysdag kan ende på ein fjelltopp, rundt eit bål eller på veg mot noko nytt. Du kjem for eitt år, men reiser med vennskap og minne som varer mykje lengre.

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 163 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Myrkdalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Sogndal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Fellestur Flåm, Finse og Aurland
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Surfetur til Biarritz/Europa
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Inkl. i prisen
Minimumspris for linja 163 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 1 800,-
  • Inkl. i prisen

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 163 000,-
(16 300,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Aldersgrenser

Tar unntaksvis inn 16- og 17-åringer på linja Bu og fritid, tilrettelagt linje. Krever individuell vurdering gjennom samtaler med søkeren og ofte et besøk

Opptakskrav

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år. Opptaket held fram til skulestart, men sjansen for å få førstevalet er størst om du søker tidleg!
 
OPPTAKSKRITERIER:
  • Fullstendig utfylt søknad
  • Jamn kjønnsfordeling på skulen
  • Alder, vi prioriterer søkjarar over 18 år

Vi ynskjer at du opplyser om sjukdom/skader.

På skulen er det plass til 140 elevar og dei siste åra har det vore fullt. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år.

Prioriteringskriterier

Vi prioriterer søkjarar over 18 år

Opptaksprosess

Ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år

Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller om du lurer på om vi kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Katrine Vaage Haukaas

KRIK-året kunne jeg levd igjen og igjen! Kule aktiviteter, villmarksliv og internatkos, latter, dype samtaler og allsang under en stjerneklar himmel – med verdens beste folk. Nå har jeg venner for livet! Og drøssevis av minner. Noen spor varer evig!

Hildegunn Hellenes

KRIK-linja er perfekt for dei som ønsker eit kjempevariert opplegg, fullt av spennande og nye opplevelsar, gode samtaler og verdifull tid med Gud.

Ingvild Skumsnes

Å gå på Nordfjord folkehøgskule er det beste valet eg har teke i livet mitt! KRIK-linja hadde ein miks av ulike friluftslivsaktivitetar og eit kristent fellesskap der ein kunne snakka om alt mellom himmel og jord - for meg var det utruleg verdifullt!

Vegard Dugstad

Året på Nordfjord var helt fantastisk! Jeg lærte utrolig mye om friluftsliv, kristenlivet og om meg selv. Kaffien i sofaen, turene og folka gjorde året uforglemmelig! KRIK-linja var variert og man fikk prøve litt av alt, som var veldig bra for meg!

Nyheter

- Det gir meg så mye å se elevenes glede over opplevelsene man får i naturen

Lars Anders har vært både elev og stipendiat på Nordfjord folkehøgskule. Nå er han lærer i friluftsliv og deler store og små naturopplevelser med elevene sine.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

KRIK Adventure Brasil og Portugal

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Kristen

Friluftsliv LETT - Lofoten

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Friluftsliv Explorer 360

Fjordane folkehøgskule
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Friluftsliv langtur

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Friluftsliv Norge

Sogndal folkehøgskule
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Pust - Friluftsliv

Malangen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Aktivt Friluftsliv - Asia

Evje Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Friluftsliv og reise - Nord-Norge og New Zealand

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Friluft / Nord

Helgeland Folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Friluftsliv / Bibel

Nordfjord folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Friluftsliv

Sogndal folkehøgskule
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Bergtatt

Alta folkehøgskole
Helårskurs
20 t/uke
Kristen

Hund og friluftsliv Svalbard

Svalbard folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Action i havgapet - Sør-Afrika & Mosambik

Bømlo folkehøgskule
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt
Update cookies preferences