Topptur Klatring Fjellsport

Søk på linja
Ledig plass

Vi skal på mange turar. Toppturar på ski og til fots, overnattingsturar i fjellet med teltet på ryggen og i hytter, gå turar på bre og klatre både inne og ute i fjellet. Studietur til New Zealand.

På Topptur Klatring Fjellsport får du vere ute til alle årstider, lære korleis ein kan vere trygg opp og ned vakre, kvite, snødekte fjellsider og vere trygg på breen med sele og tau. Vi skal og ta brattkort og lære klatring. Studietur til New Zealand og Sri Lanka, Sunnfjordruta og Ålfoten - Gjegnalunden.

Dette året skal vi bruke naturen aktivt, og det er viktig å ta vare på den og gi noko tilbake, for vi vil jo at generasjonane etter oss skal kunne ha dei same fantastiske opplevingane ute i naturen som vi! Difor skal vi vere berekraftige og reparere jakker og bukser med hol,  fikse skisko, ski og bindingar som går i stykke og bidra med å gjere nærmiljøet reinare.

Dette kjem du til å oppleve:

Dette året skal vi vere mykje på tur!

Linja passar for den som likar å vere ute i alt slags ver og føreforhold. Du treng ikkje vere spesielt flink på ski, men du må like å ta utfordringar og ikkje ta deg sjølv alt for seriøst.

Dette vil du lære

  • Topptur på ski

  • Base camp

  •  Klatring

  •  Topptur til fots

  •  Fjellsport

  •  Telttur og overnatting

  •  Bretur

Våre forventninger til deg

Du likar å vere ute, og du synes det er fint å oppleve naturen og friluftslivet. Det er viktig at du er sporty og synes at det er kjekt å lære nye ting.

New Zealand og Sri Lanka

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: ca 3 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

I februar dreg Topptur Klatring og Fjellsport saman med linja Villmarksliv på studietur til eventyret New Zealand og Sri Lanka.

New Zealand og Sri Lanka er eit av verdas mest spennande reisemål.

Vi skal oppleve New Zealand sin ville og flott natur gjennom fridykking, caving, kajakkpadling og fjellklatring. New Zealand byr også på ville aktivitetar, og vi kan oppleve naturen gjennom bungee jumping og river jet boat. Om forholda ligg til rette for det, skal vi også bestige Nordøyas høgaste fjell Mt. Ruapehu 2797 moh.

For å få ned kvilepulsen kan vi ta ei overnatting under open himmel. Saman skal vi oppdage den varierte naturen på Nordøya, og få innblikk i historien til landet New Zealand og kulturen til Maorifolket. Maorifolket kom opprinneleg frå andre øysamfunn i Polynesia, og befolka New Zealand på 1200-talet.

Vidare dreg vi til Sri Lanka, som du kan lese meir om her.  Der møter vi resten av skulen. Saman skal vi på eventyr og utforske Sri Lanka. Øya har det aller meste. Perfekt klima, milevis med strender, ville dyr, vakker natur og flotte folk. Og der finn vi vår søsterskule Kamam Folk High School.

Du er sjølv ansvarleg for å ta dei vaksinene som trengs i god tid før turen. Ta kontakt med din lege eller sjekk Folkehelsa for råd om kva vaksiner du bør ta.

Skulen har ikkje medisinsk kompetanse og gir ikkje råd om vaksinering. Vaksiner er ikkje inkludert i skulen sine prisar.

 

bildetekst

Sunnfjordruta

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil ei veke.

Måltider pr dag inkludert: 3

Det er vår, dagane blir lengre, sola varmar, det er kanskje begynt å bli litt grønt i dalane, du e våryr, du er lei av mørket, du har lyst opp i høgda, du har lyst på ei utfordring, du har lyst på tur. Vi skal gå Sunnfjordruta!

Sunnfjordruta er fantastiske dagar med ski på beina i unike omgivelsar, med mange kjempefine oppturar, nokre nedturar og ikkje minst nydelege nedkøyringar! Vi går frå dal til dal via høgfjellet og søv i låglandet.

Målet for turen er Snønipa, Sunnfjords høgste fjell, turen dit går opp via Haugabreen, og her er det fantastisk utsikt i alle retningar.

På Sunnfjordruta får du dal, vatn, fjord, fjell og bre, alt i ein tur.

Ålfoten og Gjegnalunden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: Inntil ei veke.

Måltider pr dag inkludert: 3

Hausten er den flottaste tida på året, difor skal vi besøke eit av det flottaste områda vi har i Norge, nemleg Ålfoten Landskapsvernområde.

Her kan vi finne på mykje moro, og vi skal vere på tur i mange dagar.

Hybelen vår blir teltet som vi ber med oss i sekken, og vi skal vere heilt sjølvforsynte til fjells i mange dagar. Men kanskje vi stikk innom nokre av dei flotte hyttene som ligg i området viss det passar seg.

Målet for turen er Sunnfjord sin einast tind, Maritind! Dette er ein sjeldan besøkt topp og eit fantastisk turmål. Vi må faktisk klatre for å komme oss heilt til toppen! Vi vil og i løpet av turen gå på bre.

Øyvind Holsen Foss

lærar

Øyvind er fødd i ein djup dal kalla Holsen. Foreldra tok han med opp på desse fjella allereie som 3 åring, og dermed var interessa for fjell og friluftsliv i full gang. Dei siste årar har han stort sett hengt i tau som tilkomsteknikar eller guida folk til fjells. Sommarstid likar han best å springe rundt på fjelltoppane eller klatre bratte fjellsider. Vinterstid står han på ski og snowboard.

Epost: holsenoyvind@gmail.com
Telefon: 93888506

Kvar morgon startar vi med eit kvarters morgonsamling kl 09.00.

Dei fleste dagane det både linjetimar og fellestimar. Valfag to gongar pr veke. Enkelte dagar er det tider der romma skal reingjerast, og vask av fellesareal går på rundgang.

Frukost startar kl 08.30. Vi har 45 min lunsj kl 13.30.Middag er kl 16.00 og kveldsmat frå kl 19.30.

Rotid kl 23.30.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • Oppstart 24. august
  • Avslutning 9. mai

Planen til nedlasting er for inneverande skuleår, vil bli oppdatert.

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje to eller tre valfag på to timar pr veke. Enkelte fag blir samla opp i lengre økter som skjer av og til, særleg ved fag der ein må reise bort frå skulen. Dei faga vi ha på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Fridykking

Pris: 600,-

Lær å dykke utan å bruke lufttank. Vi bruker kun våtdrakt, maske, snorkel og svømmeføtter. Prisen dekker sertifisering leige av basseng til øvingsbruk. Skulen stiller med det meste av utstyret.

Gitar

For dei som kan litt eller ingen ting frå før. Ta gjerne med eigen gitar.

Internasjonal matlaging

Pris: 300,-

På vår skule har vi lærarar frå mange land. Desse tek med seg sine mattradisjonar, noko du vil ha stor glede av i dette valfaget. Ein betaler for råvarer til matlaginga. Prisen kan variere litt.

Klatring

Pris: 400,-

Vi har klatrevegg på tolv meters høgde. Brattkort-sertifisering er inkludert i kurset. Skulen stiller det meste av utstyret til disposisjon.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Regi og drama

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Sandsport

Variert idrett i landets finaste sandhall, som er oppvarma til heilårsbruk. Brasiliansk trenar som underviser i mange forskjellige sandidrettar.

Sandvolleyball

Vi har landets finaste sandhall som er oppvarma til heilårsbruk. Topp kvalifisert lærar.

Scrapbook

Pris: 300,-

Lag kort, dekorasjonar og minnebøker med avanserte papirteknikkar.

Solidaritet og bistand

Vi organiserer skulen sitt bistandsarbeid. Du lærer å motivere andre til å engsjere seg, og du lærer korleis vi organiserer "foundraising" og aksjonar.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå. Kanskje får vi eit mix-lag som stiller i NM-kvalik for vid. skular? Eller spelar kun for gøy. Du bestemmer.

På Sunnfjord Folkehøgskule vil vi at du skal ta ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. Her møter du idrettsutøvarar, reiselystne backpackers, naturelskarar og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt livs viktigaste!

Linjer ved skulen

Fra kr 129 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Reiseforsikring
  • Treningsstudio
  • Studietur: New Zealand og Sri Lanka
    • Mat (3 måltider per dag)
    • Visum
  • Studietur: Sunnfjordruta
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Ålfoten og Gjegnalunden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 129 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 129 300,-
(12 930,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Alternativ mat (glutenfri, melkefri, vegan etc) om du har behov for dette. Ta kontakt med skolen for mer informasjon.
  • Utstyr til linjen (se Utstyr til linjen nedenfor)
  • Hjemreiser fra skolen:
    • Høstferie, juleferie, vinterferie, påskeferie
      Vi har kun stengt i feriane, ingen andre frihelgar. Dersom du treng å reise heim utanom feriane, så lar det seg lett ordne.
  • Om du velger å bli på skolen i hjemreisehelgene må du ordne deg mat selv.
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret må du stille med selv

Gode turklede til ski og barmark. Høvelege ski (læraren kan hjelpe til dersom du treng å kjøpe nytt utstyr).

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Pudder Surf JapanLedig plass

Pudder Surf Japan

Høgtun Folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen
Ski og sykkelLedig plass

Ski og sykkel

Sogndal folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt
Friluftsliv / Ski og surfLedig plass

Friluftsliv / Ski og surf

Nordfjord folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeKristen
Switch - park & pudderLedig plass

Switch - park & pudder

Hallingdal Folkehøgskule
Heilårskurs13 t/ukeFrilynt
Ski og KlatringFullt

Ski og Klatring

Sogndal folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt
Snowboard/FreeskiLedig plass

Snowboard/Freeski

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs14 t/ukeFrilynt
Freeride CanadaLedig plass

Freeride Canada

Molde Folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen
Freeride - Surf - JotunheimenLedig plass

Freeride - Surf - Jotunheimen

Valdres folkehøgskole
HeilårskursKristen
Off Piste - ski & sykkelLedig plass

Off Piste - ski & sykkel

Alta folkehøgskole
HeilårskursKristen
Brett, Ski og Surf - Lett: MaldiveneLedig plass

Brett, Ski og Surf - Lett: Maldivene

Fredly Folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen
X-sportFullt

X-sport

Hedmarktoppen folkehøyskole
HeilårskursKristen
Surfing & skiLedig plass

Surfing & ski

Lofoten folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt