Til hovedinnhold

Fjellsport Freeride, vår 2024

Søk på linja

Bli med på vinterens vakraste eventyr. Du kan bli med ei motivert gruppe ungdommar på tindebestiging og skikjøring i nokre av Norges flottaste skifjell. Vi skal også klatre og kite. Studietur!

Frå spisse tindar på Sunnmøre til lange deilige fjellsider i Sunnfjord, Sogndal og Jotunheimen. Skulen vår ligg plassert midt i smørauga i forhold til gode skidestinasjonar. Vi har eit stort utval av nære skifjell som ligg innanfor ein times rekkevidde fra skulen.

Du vil i løpet av dette halvåret utvikle deg som skikjørar, få kunnskap om skred og fjell. Samtidig skal vi også klatre, kite og finne på andre sprell for å kople av frå skikjøringa. Du vil få nye venner med felles interesser og eit nettverk av venner frå heile landet. Dette er verdfulle relasjonar som du vil nye godt av i åra som kjem. På skulen vil vi ha mange aktivitetar og sosiale arrangement som gjer at du enkelt vil danne deg ein omgangskrets.

Innan ein time frå skulen mot aust kan vi komme oss heilt inn til Norges største bre, Jostedalsbreen. På vegen dit køyrer vi forbi dei flottaste skifjella i Sunnfjord. Ein time frå skulen den andre vegen, mot vest, når vi heilt til havs og nokre av dei finaste klatre- og turfjella i Norge! Fjella i Sunnfjord er lite besøkt, og vi kan nokre plassar vere på tur fleire dagar i strekk utan å sjå andre folk. Vi kan gå opp urørte fjellsider og køyre førstespor ned igjen.

Breane i aust skaper eit kaldt og snørikt klima, og på enkelte av toppane kan du sjå både bre og hav på same tid, Sunnfjord gir eit mangfald du ikkje finn nokon annan plass innanfor så kort avstand! 

 Studietur til Alpane, Sveits og Italia! 

Du bør vere ein aktiv person som er glad i vere på tur, men det er ingen krav til fysisk god form. Du treng ikkje å vere spesielt god på ski, men det er ein fordel å ha stått på ski utanfor løypene.

Dette vil du lære

  • Toppturar på ski og til fots
  • Overnattingsturar i fjellet
  • Sove i telt og hytter
  • Gå turar på bre
  • Klatre
  • Vere på tur i all slags ver, haust, vinter og vår

Våre forventninger til deg

Du likar å vere ute, og du synes det er fint å oppleve naturen og friluftslivet. Det er viktig at du trivs ute og synes at det er kjekt å lære nye ting.

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 veker

Måltider pr dag inkludert: 3

Studieturen er den ultimate opplevinga for deg som vil utvikle deg som skikøyrar og som ynskjer å setje svingar i Alpanes legendariske snø. Fjellsport Freeride reiser i mars  – blir du med oss?

I mars skal alle førebuingane og timane med trening toppast, då Fjellsport Freeride drar på studietur til Alpane i Sentral-Europa i 2 veker. Vår første destinasjon er Verbier i Sveits. Her skal vi boltre oss blant verdas største skianlegg i 6 dagar og gå på toppturar i eit fantastisk landskap med utsikt til spisse og mektige tindar, Europas største isbrear og frodige grøne dalar langt der nede i låglandet. I tillegg skal vi besøke Freeride World Tour for å oppleve verdens beste skikøyrarar på nært hald.

Videre dreg vi over landegrensa til Italia og i skuggen av det verdskjende Matterhorn til alpe-landsbyen Cervinia. Skianlegget er Italias høgstliggande og delar heisar med Zermatt på sveitsisk side, noko som gir gode mogelegheiter for en dagstur over landegrensa. I tillegg til 54 skiheiser, vil det bli store mogelegheiter for off-piste køyring og pudder utanfor anlegga. Her blir vi nokon dagar før vi dreg vidare sørover i Italia.

Dei siste dagane nytast i storbyen Milano der det eksisterer uendelege mogelegheiter for shopping og kulturelle opplevingar. I tillegg dreg vi på dagsutflukter der vi klatrar på varme og behagelige italienske klipper.

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 86 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Alpane - Italia og Sveits
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 86 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 86 300,-
(17 260,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Telt 

Dette utstyret må du stille med selv

  • Toppturski
  • Skistøvler
  • Skifeller
  • Skredsøker
  • Søkestang (Kan lånes)
  • Spade (Kan lånes)
  • Skihjelm
  • Topptursekk (25-45 liter)
  • Tursekk (65-100 liter)
  • Sovepose (Komfort -10)
  • Liggeunderlag (Kan lånast)
  • Klatresele (Kan lånast)

Lurt å ha, men ikke obligatorisk:

  • Klatresko
  • Klatresele
  • Stormkjøkken
  • Sykkel
  • Sykkelhjem (Gjerne fullface)
  • Knebeskyttere
  • Våtdrakt

Det som ikkje står her, kan du rekne med at skulen har eller du treng det ikkje.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Sondre Pettersen

Året mitt på Sunnfjord har vært ett av mine beste år i livet. Det at jeg kunne dele lidenskapen med likesinnede mennesker var helt spesielt. Alle legger opp til at du kan være deg selv og dyrke lidenskapen fullt ut.

Sondre Pettersen
Matilde Roland

Tiden min på Sunnfjord var virkelig en investering for livet. På linja har du en lærer som har usedvanlig mye livserfaring for alderen, og som har ekstremt mye kunnskap om friluftsliv, skred og ski. Og det er rett og slett et privilegium!

Matilde Roland
Camilla Lauvås

Vi gjer veldig mykje ulike ting, alt ifrå kano ned elver til toppturar og klatring både inne og ute. Vi har også surfa i Hoddevika og gått Via Ferrata i Loen. Vi opplever mykje ilag, og det skaper eit sterkt band mellom oss.

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Bratt - klatring, buldring og stisykkel, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Dans Idrett, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vår14 t/ukeKristen

FIT // Thailand - friluftsliv, idrett og trening

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

PT // Norge - Personleg Trenar

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vår15 t/ukeFrilynt

Reiseliv // Fokus Asia

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

Multisport X Bali, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Volleyball Jenter, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Animasjon // Japan - Manga & Anime

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs vårFrilynt

Friluftsliv Mix - vår 2023

Alta folkehøgskole
Halvårskurs vårKristen

Freestyle Park, vår 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs vår16 t/ukeKristen

Sport Adventure, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vårKristen

Musikal Teater, vår 2024

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs vår14 t/ukeKristen