Til hovedinnhold

Volleyball jenter, haust 2023

Søk på linja

På Volleyball halvår haust kan du få satse fullt på volleyball eit halvt år. Du kan få kombinere toppsatsing med ei spennande folkehøgskuleoppleving. Ledig plass for jenter. Muligheit for heilt år.

Og ikkje minst kan du få dyrke hobbyen din saman med dei andre som har same interessa. På Volleyball vår er det balltrening kvar dag. I tillegg kjem noko styrke- og skadeforebyggande trening. Vi har eige idrettslag (Sunnfjord IL) og deltek i seriespel (2.divisjon).

Vi driv primært med innandørsvolleyball, men skal også spele beach-, snø-, gras- og gjørmevolleyball.

Linja har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede, meistring og lagspel er sentralt i alt vi gjer. Vår visjon er ikkje kun å undervise i volleyball, men å inspirere, motivere, å utvikle menneske både på og utanfor bana. Med andre ord: Menneske først, så volleyball.

Kampar tilpassa ditt nivå

Sunnfjord IL og Førde VBK har lag på følgande nivå:
– Elite kvinner (FVBK)
– 2. div. kvinner (Sunnfjord IL)
Sunnfjord IL har lag i 2.divisjon. Har du elite- eller 1.divisjons erfaring? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Noreg.
Les meir om Førde VBK her.

På volleyballinja er det to linjelærarar. Ein har hovudansvar for jentene og ein for gutane. Dersom vi kvalifiserer eit mix-lag til Skule-NM, så vil det i ein periode vere ein ekstra lagleiar.

Volleyballinja har nært samarbeid med ein fysioterapeut. Han har god kunnskap om volleyball-skadar. 

 

Vi forventar at du ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og kunnskap om volleyball. Det vert høg treningsbelastning og ein hektisk kvardag. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag.

Dette vil du lære

  • Balltrening kvar dag.
  • Erfarne trenarar
  • Treningsleir i utlandet
  • Kampar i 2.divisjon (eller høgare med Førde VBK)
  • Skule-NM
  • Trenar 1 kurs
  • The Sunnfjord Spirit
  • NM i snøvolley
  • Utvikling av fysiske, tekniske og taktiske ferdigheiter
  • Meistring

På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på bana og i livet. «The Sunnfjord Spirit» har avgjort mange jamne volleyballkampar!

Våre forventninger til deg

  • Du er villig til å trene kvar dag
  • Du er opptatt av å bygge laget like mykje som å utvikle eigne ferdigheiter.

Otelie Tuft

Lærar på Volleyball og Beach og volleyball

Otelie er trenarutdanna på Norges Idrettshøgskole, og tidlegare elev og stipp på Sunnfjord Folkehøgskule. Ho spelar aktivt på øvste nivå i serien.

Epost: otelie@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 47456074

På Sunnfjord Folkehøgskule møter du idrettsutøvarar, dansarar, gamers, naturelskarar, dei som likar å stå på ei scene og mange fleire. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 67 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 67 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 67 300,-
(13 460,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Inkludert er mellom anna - alle spelarlisensar du treng for organisert spel - overtrekksdrakter og spelardrakter - reiser til bortekampar

Dette utstyret får du låne av skolen

Treningsstudio. Spinningsal, Gymsal med servemaskin. Tilgang til storhall i Førdehuset og  beachvolleyball-baner.

Dette utstyret må du stille med selv

Sko for hallidrett, idretts- og treningsklede. Skulen har innkjøpsavtale, alt kan skaffast etter at skulen har starta.

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Tren - Halvårskurs Høst

Nordmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Multisport X, høst 2023

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs høst16 t/ukeKristen

Fjellsport og Kajakk (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Kreativ MIX (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

FIT // Norge - Friluftsliv, idrett & trening

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Foto Film Friluftsliv (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Kontakt skulen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Tegneserier & Illustrasjon - HØST 2023

Buskerud Folkehøgskole
Få ledige plasser
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Humor & Scene - Høst 2023

Ringerike Folkehøgskole
Fullt
Halvårskurs høst16 t/ukeFrilynt

Fit for Future - Halvårskurs Høst

Nordmøre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Eventlinja (høst 2023)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

E-sport: League of Legends - HØST 2023

Buskerud Folkehøgskole
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Sport Adventure, haust 2023

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvårskurs høst14 t/ukeKristen