Til hovedinnhold

Bratt "Opplev Ekstremsport- og skibygda Voss"

Søk på linja

Me lover meistring og vennskap i ekstremsport og skibygda Voss. Brattlinja brukar mest tid på å ha det gøy! For deg som vil utforske fleire ekstremsportar. Mykje køyring på brett og ski. Opplev Voss!

Kvifor Bratt?

Voss folkehøgskule har Noregs mest spennande moglegheit for ski og ekstremsport. Bratt-linja er for deg som vil bruke tid på å utforske fleire ekstremsportar, køyre mykje på ski og leike deg i naturen på Voss. Å dele unike opplevingar i lag gir oss eit unikt samhald og gode vennskap på linja. Store opplevingar blir det garantert!

Vi kikkstarter året med eit fallskjermhopp på Skydive Voss!

Køyr stisykkel, ski eller snowboard ned fra fjellet til skulen, lær deg å klatre, prøv elvepadling i Europas beste elver! Prøv å fly i vindtunnelen. Lær kiting på Hardangervidda. Køyr djup pudder i Myrkdalen og i Voss Resort. Du får årskort begge stader. Me legg opp til mykje køyring og leik på ski og brett. Frikøyring og park.

Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og her finn du sykkelløyper og skiløyper i verdsklasse! 

Du og klassen er med og legg planar ut frå vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med. 

Du får bu i ekstremsporteldoradoet Voss. Oppleva eit eventyr gjennom studietur i store deler av alpane og Europa. Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Du får dra på overnattingsturer i den fantastiske naturen Voss har å by på og du får mange gode opplevelsar rundt bålet, både med klassen og resten av skulen!

Etter eit fantastisk år med mange nye vennskap og store opplevingar.

Lev draumen! Velkomen til Voss! 

 

Bratt passer for deg som er eventyrlysten og vil utfordra deg sjølv. Du treng ingen erfaring frå før. Undervisninga legg me på ditt nivå og tilpassar di form.

Dette vil du lære

Me har dyktige og engasjerte lærarar som lærer deg alt du treng om:

  • Alpin skikøyring/ snowboard (grunnteknikk, videregående teknikk, frikøyring mm)
  • Stisykling (grunn- og vidergående teknikk, stibygging)
  • Klatring og Buldring (Brattkort): Inne og ute
  • Kiting 
  • Elvepadling (våttkort)
  • Havpadling (våttkort)
  • Rappellering
  • Vindtunnelflyging (stor pakke)
  • Tandem fallskjermhopp
  • Rafting
  • Førstehjelp
  • Friluftsliv
  • Mat på tur

Våre forventninger til deg

Vi forventer at du er nysgjerrig på en utfordring. 

  • Ha eit ynskje om å vere aktiv og sosial
  • Oppmøte kvar dag
  • Høg grad av deltaking
  • Sunne haldningar

Alpene og Europa

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 14 dagar

Turen går til både dei største og mest legendariske skistadane rundt St Anton, Innsbruck, Engelberg og Cortina, men også mindre perler som Bovec i Slovenia! Me reiser ofte saman med andre linjer ved skulen - det blir god stemning!

Me reiser gjerne gjennom 12 - 15 land, med det lengste opphaldet i Tirol i Alpane. I løpet av turen blir det gode moglegheiter for ski, surfing og klatring

Turen har som mål å prøva ut sportane me har lært oss gjennom året i nye omgjevnader, men også å prøva nye ting og utfordra oss sjølv.

Det blir også litt tid til å oppleva kulturen i storbyar som til dømes Haag, Basel, Budapest og Praha eller mindre stader i Slovenia, Kroatia eller Italia. Me vel sjølv, og difor endrar turen seg frå år til år.

Me planlegg turen saman i løpet av skuleåret. Elevane er med å legge reiseruta, slik at turen blir «vår». Samhald, turglede og felles opplevingar er i fokus. 

Me har valgt å reisa med tog og buss for å:

  • nå unike stader med kultur og begivenheiter me vil få med oss, som me ikkje får med ei typisk flyreise
  • ha fleksibilitet til å leggja opp reiseruta som me vil
  • kunne flytta oss etter den gode snøen og det gode været
  • kunne ha med nok utstyr 
  • læra om å reise
  • reisa mykje meir miljøvennleg enn med fly

Turen går dei siste vekene i mars. 
Bli med oss på eventyr!

Havkajakk i Nærøyfjorden

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 - 5 dager

Bli med oss på ei uforgløymeleg padletur i den fantastiske Nærøyfjorden, Noregs mest ikoniske UNESCO-verdsarvstad! Me padlar havkajakk frå Gudvangen til Undredal og bur i telt fleire stader langs fjorden. På vegen kan me gå i land og gå fjellturar til gardane «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Bratte fjell som stupar ned i fjorden, krystallklart vatn, gamle gardar og spektakulære fossefall gjer denne turen unik, men det er samhaldet i klassen og dei fine opplevingane kring bålet som kanskje skapar dei beste minna.

Enten du er nybyrjar eller ein erfaren padlar, vil det bli ei lærerik oppleving.

Denne turen vil garantert gje deg minne for livet og ein heilt unik oppleving av Noregs natur.

Kitekurs

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Et av høydepunktane på vinteren er snøkiting på Hardangervidda. Me bur på Haugastøl Turistsenter og lærer oss å kite i området mellom Haugastøl og Dyranut.

Etter ein gjennomgang av utstyr og teknikk, er du klar for å prøve på eigen hand. I løpet av noen timer har du fått kontroll på kiten og er klar for å prøve deg med ski. Den andre dagen "flyg" du bortover vidda og har lært deg dei grunnleggende teknikkane. 

Hyttetur til Myrkdalen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2

Alle elever på skulen får sesongkort i Voss Resort. På idrett og friluftsliv får du også årskort i Myrkdalen. Skianlegget ligg 35 minutter fra Voss og er eit av Noregs beste skisenter.


Me reiser ofte til Myrkdalen på dagstur, men nokon ganger leier me også ei hytte som ligg 50 meter frå bakken. Me står på ski, lager hopp og koser oss saman på hytta med god mat og kveldskos. 

Myrkdalen er Noregs pudderparadis 😎⛷️

Stølstur til Upsete

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Skulen har ein fin gamal støl som ligg vakkert til langs Bergensbanen, like før Upsete stasjon. Her reiser dei fleste linjene på fleire turer i løpet av skuleåret. 

Den andre veka av skuleåret reiser heile skulen opp på stølen. Turen er lagt opp slik at den passar for alle, nokon går lange fjellturar, medan andre fiskar, badar, brenn bål eller speler gitar utanfor hytta. 

Denne turen er utruleg fin for samhaldet på skulen. Me starter skuleåret med ei felles oppleving i noko av den vakraste naturen Noreg har å by på. I tillegg er det en kjekk moglegheit til å bli betre kjend med både medelever, lærare og anna personale på skulen. 

Bli med oss på stølstur til sommaren!

Skuletur til Hardanger

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I slutten av skuleåret reiser me saman på ein fantastisk fin tur til Hardanger. Me overnattar i vakre Rosendal, og i løpet av turen blir det masse kjekke aktivitetar du kan vere med på. Me dreg til Noregs einaste baroni og får omvising på det gamle slottet, me forsøker oss på putball (fotballgolf), drar på fjellturar, badar i både fjord og fjellvatn.

På veg heim drar vi innom den fantastiske Bondhusvatnet, eit av Vestlandets mest fotograferte naturområder.

Når eit folkehøgskuleår går mot slutten, er det ekstra fint å dele slike opplevingar med venner fra heile skulen. Me er mykje på tur med linjene i løpet av skuleåret, og difor er det spesielt kjekt å vere heile elevflokken saman på denne turen.

Caroline Mølgaard Onarheim

Lærar

Kombinerer du rå, sprudlande og omsorgsfull, får du Caroline. Ho driv mellom anna med snowboard, klatring, downhill sykling, kiting og paragliding, og er godt over snittet god i det meste av det. Dei to Alaska huskyane hennar; Nanook og Riven, er ofte med på skuleturar. Caroline har utdanning innan idrett og friluftsliv, pedagogikk, er sertifisert personlig trenar og instruktør i nesten alt.

Epost: caroline.onarheim@voss.fhs.no
Telefon: 97694471
Instagram: @flowerkite

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag. I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 153 300,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Årskort i Myrkdalen
  • Tandem fallskjermhopp m/ video
  • Våttkort Hav
  • Våttkort Elv
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Alpene og Europa
  • Studietur: Havkajakk i Nærøyfjorden
  • Studietur: Kitekurs
  • Studietur: Hyttetur til Myrkdalen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 153 300,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 153 300,-
(15 330,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Brattkortet må du selv bestille på nettet. Koster 200kr. https://www.brattkompetanse.no/kontohandtering/opprett-konto?cid=100968

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Du får låne det meste du treng til linjeaktivitet.
Om du har eigen stisykkel, klatreutstyr, eget turutstyr og annet, så må du gjerne ta det med.

Dette utstyret må du stille med selv

  • Alpinutstyr til å kjøre utenfor løyper
  • eller- Snowboard
  • Turklær
  • Klatresko
  • Turutstyr som sekk, sovepose og liggeunderlag
  • Sykkelhjelm og skihjelm
  • Beskyttelsesutstyr: Ryggplate, knebeskyttelse m.m

Me prøver å tilretteleggja så langt det går for at alle kan delta på linja. Det er mogleg å få til mykje med dei fleste funksjonsnedsettinger.

Me har lærarar med mykje erfaring med elevar med funksjonsnedsetting både innan ekstremsport, ski og friluftsliv. Skulen har fleire sitskiar og disponerer rullestol tilpassa paragliding.

Noregs første paraglidarturar med sitski, både tandem og solo, vart gjennomført i regi av Voss folkehøgskule.

Sjå film her: https://www.instagram.com/p/CKFCsxVBfYQ/?igshid=YmMyMTA2M2Y=

Dei eldste skulebygningane er over hundre år gamle og er ikkje fullt tilpassa rullestol, men internat, matsal, peisestove og TV-stove har heis og god tilkomst. 

Du er hjarteleg velkommen til å kontakt med skulen for meir info.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Eirin Bang Gjul

Mye mestring, venner for livet, gode erfaringer og syke opplevelser som ikke går i glemmeboka med det første. Folkehøgskole året utfordret meg på alt mulig sprell, men mest av alt lærte jeg å tørre å prøve selv om det virker skummelt. "Gønn på!!"

Eirin Bang Gjul
Benjamin Hokstad Vollan

Året mitt på Voss er noe jeg kommer til å prate om i mange mange år.Trengte pause fra skole og stress, så endte opp på Voss fhs som har utviklet meg som person. Alt fra ski til å skaffe meg venner for livet. Det er så latterlig mye bedre enn man trur

Benjamin Hokstad Vollan
Sebastian Skoglund

Jeg elsker skikjøring og gode venner! En kort rusletur fra skolen og rett til gondolen. Her kan du kjøre store åpne flanker, carve fine buer i brede bakker, pløye pudder i skogen og avslutte med å leike i en park av toppklasse. Beste året i mitt liv.

Frå bloggen

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv Ekstremsport

Sagavoll folkehøgskole
Få ledige plasser
Heilårskurs12 t/ukeKristen

LinjeX - Action

Idrettsskolen Numedal folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

X-Sports - New Zealand

Valdres folkehøgskole
HeilårskursKristen

Ekstremsport på Reisefot

Seljord Folkehøgskule
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Sport Extreme Australia

Bakketun Folkehøgskole
Heilårskurs17 t/ukeKristen

Backpacker/Ekstremsport

Elverum folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Extreme - Alpene

Karmøy Folkehøgskule
Fullt
Helårskurs B6 t/ukeFrilynt

Multisport X Bali

Rødde folkehøgskole – Trondheim
HeilårskursKristen

Ekstremsport

Voss folkehøgskule
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

Multisport - Villmark

Pasvik Folkehøgskole
HeilårskursFrilynt

Backpacker Multisport

Seljord Folkehøgskule
Få ledige plasser
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

SPORT & ADVENTURE GO HARD

Hardanger Folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt