Til hovedinnhold

Film og Foto

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Pris: fra 150 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur for linja: Interrail i Europa!, Seiltur i vakre Hardangerfjorden , Telttur & båttur i Nærøyfjorden
  • Studietur for skolen: Stølstur til Upsete, Skuletur til Hardanger
Opplev magien eit skapande miljø og utvikle deg kreativt. Filmfestivalar og utstillingar. Kunstfoto og kortfilmar. Analogt og digitalt. Interrail gjennom Europa. Kanskje blir din film nominert?

Film og Foto har fokus på praktisk tilnærming, kreativt og skapande arbeid. Med støtte fra erfarne lærarar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt. Gjennom utforskning og eksperimentering utviklar du deg som filmskapar og fotograf. Lærere ved linja er prislønna innan film og kunst og jobbar utøvande! Møt anerkjende gjestelærarer fra bransjen! 

Me jobbar både digitalt og analogt med fotografi og lagar fleire utstillingar. Opplev magien i mørkerommet og jobb med gamle teknikkar i moderne uttrykk. Me produserer kortfilmer og jobbar mot filmfestivalar som Amandus Studentfilmfestival - dei siste åra har elevane blitt nominert på fleire festivalar! På hausten besøkjer me Bergen Internasjonale Filmfestival der me får sjå mange spennande førpremierar.  

         

Skulen har eit godt kreativt miljø og linja jobbar tett med musikklinjene og datalinjene. I fellesskap lagar me musikkvideoar, kortfilmar og utstillingar. Kvart år jobbar me for eksterne aktørar som Vossa Jazz, Osafestivalen og Ekstremsportveko. Ei fantastisk mogelegheit til å prøve seg som profesjonell fotograf.

Som elev på Voss vil du såklart ha mogelegheit til å prøve noko av det som gjer Voss til Ekstremsportsbygda. Alle elevar får prøve rafting og flyging hos VossVind. I tillegg får alle elevar årskort til Voss Gondol/skiheisane. Du har enkel tilgang til flott natur heile året som gir ro og inspirasjon. 

        

 

@vossfhsfilmfoto

Sjekk ut fleire filmar her: 

https://www.youtube.com/channel/UCRGHz31j-OZj8IC9VbkDfSA

 

Linja passer for alle som har interessere for fotografi og filmskaping, ingen forkunnskapar trengs. For deg som vil utvikle deg kreativt og vurderer videre studier i fagfeltet.

Dette vil du lære

  • Analogfoto
  • Lyssetting
  • Kamerateknikk
  • Mørkerom
  • Ideutvikling
  • Fortelljarteknikkar
  • Manus
  • Kreativitetsteori
  • Premiere Pro 
  • Photoshop

Våre forventninger til deg

  • Du møter til all undervisning og viser engasjement og samarbeidsvilje
  • Du er interessert i - og vil lære meir om foto og film
  • Du ønsker å utforske, prøve og utvikle deg i faget
  • Du vil jobbe og lære saman med andre
  • Du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve nye ting

Du treng ingen forkunnskaper, det viktigaste er at du er engasjert og vil lære!

Camilla L. Haukedal

Lærar

For Camilla er livet å vere kreativ. Alt innan foto, film, teater og dei fleste andre kunstformer er spennande, i følgje ho. Mest av alt elskar ho å hjelpe elevane til å dyrke sin eigen kreativitet. Camilla er sjølv utøvande kunstnar og har delteke på ei rekke utstillingar og filmfestivalar. Ho har bachelorgrad i foto og master i kunst med fordjuping i film frå Kunsthøgskulen i Bergen. 

Epost: camilla.haukedal@voss.fhs.no
Nettside

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag. I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 150 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: Interrail i Europa!
  • Studietur: Seiltur i vakre Hardangerfjorden
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Telttur & båttur i Nærøyfjorden
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 150 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 150 000,-
(15 000,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Kinosal - linja har eigen kinosal!
  • Mac-lab til redigering og etterabeid
  • Kostymelager og props
  • Adobe Creative Cloud, alle applikasjoner
  • Kunstverksted 
  • Mørkerom og framkalling
  • Studio
  • Analoge og digitale kameraer
  • Profesjonelle videokamera og optikk
  • Digital scanner og fotoprinter
  • DJI Ronin
  • Lydutstyr og lysutstyr 

Dette utstyret må du stille med selv

  • Speglrelflekskamera
  • SD-kort

Me prøver å tilrettelegge så langt det går for at alle kan delta på linja, ta kontakt for meir info.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Brage Merkesdal

Året gav utrolig mye erfaring! Med engasjerte folk, forskjellige ideer og syn på alle kanter, lærte jeg å bli flink til å samarbeid. Jeg fikk utviklet min egen kunstneriske stil. Det finnes virkelig ingen bedre motivasjon enn delt lidenskap for faget

Brage Merkesdal
Daniel Whittle Stensland

Å gå på Voss Folkehøgskule betydde ekstremt mye for meg. Nytt sted, nye venner og nye muligheter! Voss er et vanvittig flott sted og skolen og menneskene på skolen er bare enda bedre!

Daniel Whittle Stensland
Julian Øien

Før jeg begynte på Voss hadde jeg ingen praktisk erfaring med det å skrive manus, regissering eller redigering. Har skrevet, filmet og produsert filmer. Har du lyst å utfordre deg selv, er film- og fotolinjen på Voss en perfekt plass å begynne!

Julian Øien

Nyheter

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Instarail - Foto, Natur og Opplevelser - Europa

Stord Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Foto & Video

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Foto - fashion og kunst

Skjeberg Folkehøyskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Naturfoto Svalbard

Svalbard folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Kristen

Naturfoto

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Nordiska Fotoskolan

Nordiska folkhögskolan
Helårskurs
32 t/uke
Frilynt

Analog foto

Fana folkehøgskule - Bergen
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Global Village - Storytelling

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Kunstfoto Japan

Sund folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Foto

Toten folkehøgskole
Helårskurs B
Frilynt

FotoVideo OSLO

Rønningen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Foto/Opplevelser

Elverum folkehøgskule
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Kreativ & Foto

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
24 t/uke
Kristen

Film og TV - Hollywood

Stord Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt