Voss har varierte valfag. Du vel valfag for hausten, og på nytt frå nyttår. Vi har delt valfaga inn i fagkategoriar som inneheld ulike fag. Vi har linjedagar kvar mandag, onsdag og torsdag. Vi har fellesdagar kvar tirsdag og laurdag og valfag tirsdag morgon og heile fredagen!
Data
Eksempel på fag: Spel-design, Grafikk, Årbok, Fotoredigering, Elektronikk. Er du datainteressert og vil lære meir?
Ekstremsport
Voss er et internasjonalt senter innan ekstremsport og på Voss kan du få høve til å prøve fleire sportar i våre valfag, smakebitar der du kan finne ut om dette er noko for deg. Ekstra kostnader.
Film og Foto
Eksempel på fag: Kamera, Regi, Produsent, Redigering, Animasjon, Filmanalyse. Du får lage film, eller du får sjå og diskutere film frå ulike sjangrar.
Kunst & handverk
Fag kan vera: Teikning, Grafikk, Strikking, Sløyd og Foto. Å vere kreativ er sentralt for alle menneske. Her kan du skape sjølv.
Musikk
Fag kan vera: Band, Studio, Innspeling, Teori, Stå på scenen. I musikk er det viktigaste å spele saman; her møtest øving og teori. Skulen har eige lydstudio, kanskje det beste mellom Bergen og Oslo?
Samfunn & filosofi
Fag kan vera: Samfunn, Diskusjon, Bærekraft, Teknologi, Spørsmål, Filosofi, Båtførarprøven, Brettspel. Er det ein samanheng mellom deg og andre?
Skifag
Døme på fag: Alpint, Snøbrett, Frikøyring og Skitur. I frikøyring må du vera god på ski. Elles krev vi ingen forkunnskapar. Det største skisenteret på Vestlandet er i gå-avstand frå skulen.
Trening
Aktivitet ladar batteria. Våre aktive valfag kan til dømes vera: Ballspel, Buldring, Basistrening, Bordtennis, Yoga, Mental trening.
Tur & natur
Faga kan innehalde: Tur- og naturglede, Fjelltur, Sykkel, Bær, Fiske, Smalahovud, Isbading, Grøn livsstil. Voss er omkransa av fjell og vakker natur. Her kan du oppleve og lære meir om naturen.