
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Interrail i Europa
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 19.08.2023
- Pris: fra 129 500,-
Lyst til å bruke eit år på å dyrke meir enn ei interesse? Kombiner det beste frå to verder - opplev både musikk og friluftsliv i lag med gode venner på vakre Voss!
På Voss folkehøgskule har me lange tradisjonar for både musikk og friluftsliv, og kombinerer begge i ei unik linje! Her får du spele konsertar, stå på scenen og dra på turné. I tillegg får du oppleve variert friluftsliv i verdas vakraste bygd: ski- og idrettsbygda Voss! Lær begge fagfelt av dyktige lærarar i eit unikt sosialt miljø!
I musikken fokuserer me på samspel. Det å spele saman med andre gir uvurderleg musikalsk læring. Du utviklar dine instrumentale ferdigheiter, utvidar det musikalske repertoaret ditt og aukar sjangerforståinga di. I varierte bandprosjekt utviklar du evna di til å lytte, trekkjer linjer mellom teori og praksis, og opparbeider øvingsrutinar og samarbeidsevner i eit fellesskap. Du får også arbeide med låtskriving og arrangering, bruke studio og MacLab, samt planleggje og gjennomføre konsertar.
I frilufsliv ligg fokus på samhald, meistring og læring. Gjennom året har me periodar med variert friluftsliv: alt frå fjellturar, hytteturar og telturar, til rafting og leirdueskyting, alpint og snowboard både i bakke og off-piste. Eller kva med kajakk-padling i Næryfjorden, eller leik og trening i Vossabadet? Som elev på Voss fhs får du årskort i Voss resort sin gondol og skisenter, som har gangavstand frå skulen, og du får prøve deg på flyging i Voss Vindtunnel! Og sjølvsagt blir det tid på linja til bålkos med gitar og allsong. Målet er at du skal få prøve mest mogeleg forskjellig, og klassen får sjølv vere med å påverke kva me skal bruke tid på.