
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: Alpene og Europa fra øst til vest
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 20.08.2022
- Pris: fra 166 000,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
- Følg linja på Youtube
Lær fallskjerm, vindtunnel, paragliding og skikøyring. Prøv skating, padling og klatring. Opplev meistring og eventyr, vennskap, natur og friluftsliv i telt og snøhule. Ekstremsport- og skibygda Voss!
Voss folkehøgskule har Noregs mest komplette tilbod innan ekstremsport. Ekstremsport Luft er for deg som vil bruke mest tid på å utforske luftsportane, men og køyre mykje på ski og prøve andre ekstremsportar. Det å dele unike opplevingar gjer oss eit unikt samhald på linja.
Kast deg ut av eit fly eller helikopter, flyg ned ei fjellside eller flyg lengre og høgare med paraglider ...og ta lisensane til og gjere alt på eiga hand! Flyg mange timar i vindtunnelen. Prøv padling, skating, rappellering og klatring. Køyr endelaus pudder i Myrkdalen, og sving deg ned fjellsidar i Voss Resort.
Ski- og ekstremsportbygda Voss har alle moglegheiter. Nord-Europas største gondolbane ligg i gangavstand til skulen og Noregs største fallskjermsenter ligg ein sykkeltur unna!
Du og vennane dine er med og legg planar i forhold til vêr og vind. Vårt mål er at du skal bli dyktig og sikker i sportane me driv med, og du får fly massevis i løpet av året. Me stiller ofte med fleire lag i NM i vindtunnel.
I tillegg til å bu i ekstremsportmekkaet Voss, får du oppleva ei fantastisk reise gjennom store deler av Europa. Du får oppleva Sognefjorden på sitt beste med padling, teltliv og naturopplevingar. Det blir toppturar i magiske Vossafjell og mange fine turar i områda rundt skulen sine fjellstølar!
Utstyret me bruker er av høgste kvalitet. Sjå komplett utstyrslister under.
Opplev draumane dine! Velkomen!
Tik tok: https://www.tiktok.com/@vossfhsluft
Instagram: https://www.instagram.com/vossfhsluft/