Til hovedinnhold

Data

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Pris: fra 151 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Sted: Voss
  • Studietur for linja: USA - Silicon Valley/San Francisco/LA & Roadtrip, Datafaglig tur til Bergen, Telttur & båttur i Nærøyfjorden
  • Studietur for skolen: Stølstur til Upsete, Skuletur til Hardanger
Bli med på et uforglemmelig år hvor du driver på med dine interesser, sammen med likesinnede! Lær spillutvikling, web, koding og 3D. Paintball, gokart og gaming. Fagturer i Norge. Silicon Valley/LA

 

Bli med utvikle kule prosjekt, webapps, spill og 3D prints!

Lær og utforsk med likesinna - i eit veldig godt miljø!

 

Stort nettverk rundt linja. Spennende bedriftsbesøk, vi har besøkt Google, Blizzard og Electronic Arts

- bli med på studietur til selveste Silicon Valley i USA! 

Prøv ulike fag innan data, så du blir bedre rusta til å velje retning vidare.  

Me vil lære, trivast og ha det kjekt saman!

Med støtte fra erfarne lærarar og medelevar, realiserer du dine kreative idear og prosjekt.

Utvikle for eksempel: A.I., web eller spel. I vårt eige lab-nettverk, som elevane er ansvarlege for å drifta, vil me setja opp serverar, wargames og etiske hacking-utfordringar. Du treng ikkje kunne noko på førehand.

Du blir del av eit pulserande, kreativt fagmiljø og utviklar deg dit du vil. Linja samarbeider med dei andre kreative linjene på skulen: Film & Foto, Jazz, Musikkproduksjon og Data & Friluftsliv.

Me fokuserer på fagleg og sosialt fellesskap - me:

Sjekk ut vår Instagram:

@vossfhs er skulen sin profil

@Vossfhsdata og @vossfhsdatafriluftsliv 

TikTok

@vossfhsdata

Karriere innan data? Vel datalinja på Voss! Alle nivå velkomne.

Dette vil du lære

  • Programmering 
  • 3D og VR
  • Datasikkerheit
  • Programmering
  • Grafisk design (Adobe)
  • Spelutvikling
  • Eigne prosjekt

Du får startkompetanse til vidare studiar eller for å fortsette på egenhand!

Våre forventninger til deg

 

  • Du er interessert i - og vil lære meir om data
  • Du har lyst til å utfordre deg sjølv og prøve nye ting
  • Du gler deg til å leike med andre datainteresserte
  • Du møter til undervisning

Kristin Opsum Hollingsworth

Lærar

Kristin er ei positiv dame med stort engasjement for folkehøgskulen. Ho elsker fjellturar og friluftsliv, gjerne på hytta i Vossafjella. Kristin er sertifisert yoga instruktør, med hjarte for god psykisk helse og trivsel. Ho er utdanna systemutviklar, har mastergrad i Kommunikasjon/IKT fra USA, samt pedagogisk utdanning. Før ho kom til Voss arbeidde ho ti år i IKT- og mediebransjen i USA. 

Epost: kristin.opsum@voss.fhs.no

Bjørn Slettemark

Lærar

Bjørn har ei bachelorgrad i datagrafikk, som er skjeringspunktet mellom teknologi og design, og har hatt ei lang fartstid i videospelbransjen. Han har òg utvikla webplattformer som teknologisjef. På fritida sit han anten og kodar foran datamaskina eller så sit han og maler akvarell.

Epost: bjorn.slettemark@voss.fhs.no

På Voss skjer det mykje i løpet av ei veke! Skuleveka er på seks dagar, og på timeplanen står det vanlegvis:

  • Morgonsamling kvar dag
  • Linjefag to og ein halv dagar i veka
  • Valfag ein heil dag + to timar
  • Fellesfag og fellesaktivitetar, inkludert laurdagsundervisning

I tillegg blir timeplanen oppløyst eller endra i periodar gjennom året for å ha linjefagsveker, reiser og og andre prosjekt.  

Last ned timeplan som pdf ↓

Denne får du ved studiestart. 

I våre valfag kan du prøve noko heilt nytt, eller utvikle deg i fag du alt har interesse for. Heile fredag er sett av til valfag - enten du vil fordjupe deg i eit fag eller dele dagen i to fag. I tillegg har me valfag før lunsj på tysdagar. Tilbodet vil variere litt:

Elvepadling

Pris: 2 000,-

Lær deg elvepadling og få NPF Grunnkurs Elv! I dette valfaget lærer du grunnleggjande ferdigheiter og tryggleik i elvepadling. Etter fullført grunnkurs vil du kunne drive med enkel elvepadling.

Stisykling

Voss er omringa av sykkelstiar. Me kan ta gondolen opp og sykle ned igjen til skulen! Passar for deg som er nybegynner eller har sykla før. Du må ha eigen stisykkel og sikkerheitsutstyr.

Topptur

Lær å gå enkle toppturar med randonnee-utstyr! Du vil læra å gjenkjenne skredterreng og ta fornuftige vegval i fjellet. Me går trygge toppturar, så du treng berre eige ski-utstyr (ikkje skredutstyr).

Paragliding

Pris: 8 500,-

Ta paragliderkurs på de same stadene du har sett på TV fra Ekstremsportveko. Våre lærarar tar deg gjennom heile grunnkurset frå skulebakken og fram til du får fly turar frå mange hundre meters høgde!

Snowboard

Lær deg snowboard i Voss Resort. Alle elever ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert teknikk.

Try IT ekstremsport

Pris: 6 300,-

Faget gir ein smakebit på det Voss har å tilby av ulike ekstremsportar. Her får du utfordra seg sjølv, og flytta nokre grenser. Passar for alle. Rafting, tandem fallskjerm, elvepadling m.m

Vindtunnel

Pris: 7 800,-

Lær deg flyging i vindtunnel. Me vil gå metodisk gjennom ulike teknikkar for kroppsflyging og formasjonsflyging. Etter kvart flyr med saman i konkurranseforma FS4A. Dei som har lyst kan få delta i NM!

Band og samspel

Har du lyst til å spela kjente pop- og rocklåtear saman med andre? Då er dette valgfaget for deg. Passer for både nybegynnarar og viderekomne. Alle instrument er velkomne!

Gitar og ukulele

Ønskjer du å lære å spele - eller bli betre på gitar og/eller ukulele? I dette faget lærer du grunnleggande akkordar og grep, rytme og strumming patterns, og å spele kjende låtar.

Restorativ Yoga og avspenning

Du vil lære å koble av på gode måtar og løysne opp i kroppen. Her hentar du energi til «resten av livet» ditt. Du hjelper kroppen til å finne god søvn og kvile. Yogaprogram, Yin Yoga og avspenning.

Smart student

Rekningar, utgifter, matbudsjett, vekesmenyar, husleigekontrakt, studieteknikk, jobbsøking, CV, kreditt og inkasso, reparasjon av eige tøy og utstyr? Få ei praktisk innføring i smart studentliv!

Kreativ dans

Lær nye måtar å skape koreografi på i lag med andre! Lær å bruke dynamikk, uttrykk, musikalitet, partnerarbeid. Me øver på enkle akrobatiske element og løft. Ingen forkunnskapar nødvendig.

Yoga for alle

Yoga hjelper kropp og sinn å finne ro, tilstedeværelse og god energi - ofte er «alt» litt lettere etter en god yoga økt. Kanskje vil du oppleve at du finner din retning og vilje? Sertifisert yogalærer

Beats og studioglede

Me lagar musikk og lærer tekniske element som lyddesign og lett intro til miksing. Lavterskel!

Longboard

Pris: 1 600,-

Lag ditt eige longboard! Vel eit eige design og lag longboardet ditt frå botn. Me bestiller trucks og hjul og lagar motiv på brettet. Til slutt monterer me brettet og lærer å skate!

Frikøyring

For ski- og brettkøyrarar og som vil utvikle seg innan frikøyring. Me lærer alt frå køyring i puddersnø og bratt terreng til vindpakka snø og kuler. Voss har to fantastiske og snøsikre skianlegg.

Alpint

Lær deg skiteknikk i løypene i Voss Resort. Som elev ved skulen får du heiskort inkludert i skuleprisen. Me deler opp i grupper som passer for alle nivå, fra nybyrjar til avansert skikøyring.

Skiinstruktør

Pris: 2 000,-

Skulen har fleire lærere som held skiinstruktørkurs. Etter valgfaget blir de fleste deltakere godkjent som Instruktør trinn 1 i Den Norske Skiskole, og du kan søkje jobb som skiinstruktør.

Slowfashion og re-design

Valfaget for deg som er opptatt av klede, mote, gjenbruk og miljø. Du vil lære enkel saum og ulike saumteknikkar. Me reparerer, redesignar og syr eigne klede og tilbehør.

Filmklubb

Lyst til å utvide din filmhorisont? Då er dette valgfaget for deg! Her dukkar me ned i den fantastiske filmverda og ser filmar du kanskje ikkje ville ha sett til vanleg.

Improteater

Lær å stå framfor ei forsamling utan manus, og kjenn at det går bra! Lær om lytting, tilbod, aksept, spontanitet, status og fortellerteknikk. Leik, latter, sjølvtillit og samarbeid på ein ny måte!

Kajakk

Pris: 500,-

Ønsker du å lære havpadling? Etter det grunnleggande i dette faget kan du låne skulen sine kajakkar på eigenhand. Fine turar på Vangsvatnet ventar! Pris inkluderer kursbevis for Våttkort grunnkurs.

Kreativ Verkstad

Jobb kreativt med ulike teknikker som akvarell, collage, grafikk, oljemaling, akryl, softpastell og oljepastell.

Lindy Hop

Lyst til å sjå ut som ein gjest frå The Great Gatsby på dansegolvet, og danse til skikkeleg kul swing jazz-musikk? Lær deg å danse verdas kulaste swing-stilart: Lindy Hop!

Strikking

Valfaget for deg som ønsker å lære å strikke, eller berre perfeksjonere ferdigheitene dine. Strikking saman er gøy!

Hobbyfilosofi og praktiske tankar

Er du glad i kunnskap og bøker som gir gode verktøy for å leva livet ditt? I dette valfaget skal me gå gjennom hovudpunkt og gje eit overblikk over ulike metodar og filosofiar om det gode liv.

Beats & lytteklubb

Me mekkar beats og høyrer på musikk! Fins det betre måte å starte dagen på? Lågterskel!

Grafikk og trykk

Lær ulike trykkteknikkar som lino, etsing og koldnål.

Fit for life and ski

Valfag for deg som ønsker å trene og bli sterkare, både mentalt og fysisk. Finn treningsglede og tren saman med andre! Perfekt for deg som ønsker å bli klar for vintersesongen med ski og snowboard.

Brettspel

Spel me speler kan vere: Catan, Carcassonne, Werewolf, kanskje Dungeons and Dragons? Det er fint å spele spel som tar litt tid, der ein kan lære strategiar og verkeleg leve seg inn i spelet!

Aktuelt i dag og geopolitikk

Me diskuterer saker som skjer i nyheitsbilete, og korleis verda heng saman politisk og historisk.

Pilates og stretching

Pilates er styrketrening med eigen kroppsvekt, med særleg fokus på stabilitets- og kjernemuskulatur. I tillegg lærer du skadeforebyggande tøying. Perfekt som supplerande trening til ein kvar idrett!

Massasje og restitusjon

Valfag for deg som ønsker å lære ulike massasjeteknikkar og få ro i kroppen gjennom avspenning og yoga. Plei ømme musklar etter ein kvardag med ski og snowboard.

Voss har fantastiske linjer, ca 30 varierte valfag og dyktige lærarar. Her fordjuper me oss i faga! Unike fasilitetar i sentrum av ekstremsport- og kulturbygda Voss, og spennande studieturar i inn- og utland. Her får du både utfordring og meistring i eit inkluderande fellesskap. Opplev draumane dine, velkomen til Voss!

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 151 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Heilårskort Voss resort (gondol og skiheisar)
  • Skulegenser
  • Flyging i vindtunnel, Vossvind
  • Adobe grunnlisens
  • Studietur: Stølstur til Upsete
  • Studietur: Skuletur til Hardanger
  • Studietur: USA - Silicon Valley/San Francisco/LA & Roadtrip
    • Mat (1 måltider per dag)
  • Studietur: Datafaglig tur til Bergen
  • Studietur: Telttur & båttur i Nærøyfjorden
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 151 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 151 000,-
(15 100,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

  • Noen ekstra måltider på studietur USA - Silicon Valley/San Francisco/LA & Roadtrip (1 måltider per dag er inkludert)
  • Mat på studietur Datafaglig tur til Bergen
  • Noen ekstra måltider på studietur Telttur & båttur i Nærøyfjorden (2 måltider per dag er inkludert)
  • Enkelte valgfag
    Noen av våre valgfag koster penger. Les mer om valgfag lenger opp på siden. Du velger valgfag først når du begynner på skolen.
  • Utstyr til linja (se Utstyr til linja nedenfor)
  • Lommepenger. På bloggen forteller fire elever hvor mye lommepenger de brukte i løpet av sitt år på folkehøgskole

Dette utstyret får du låne av skolen

  • Datarom (to klasserom) ope til kl 23 kvar dag!
  • VR
  • Raspberry Pi's
  • Arduino
  • Kinosal 
  • Adobe Suite
  • Musikkstudio og McLab
  • Fotostudio
  • Speglreflekskamera
  • Gymsal og treningstudio
  • Sløydsal
  • Skistall
  • Elevkjøkken og peisestove med mange sofagrupper

Dette utstyret må du stille med selv

  • PC eller laptop må du ta med, denne står fast i dataklasserommet
  • Gjerne spelkonsoll 
  • Sovepose/liggeunderlag
  • Gode sko og regnjakke
  • Gjerne speglreflekskamera, anna kamera eller teiknebrett 
  • Telt, om du har - me bruker den vakre naturen på Voss og skulen sin støl (hytte)
  • Ski/snøbrett, om du vil gå på "skifag" som valfag. Det er gode mogelegheiter for å stå på ski og snøbrett på Voss, skibakken er tett på skulen.  

Me prøver å tilrettelegge slik at alle kan delta på linja, ta kontakt med skulen for meir info.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Sigurd Stenstadvold, IKT avdelingen Helse Vest

Etter å ha teke fagbrev i IKT ville eg på folkehøgskule. Voss og «Datafri» passar mine interesser godt! Eg fekk utvikle meg innen data, friluftsliv og ski. Vindtunnel og streaming er nye interesser. Eg vart utruleg glad i folka og felleskapet!

Sigurd Stenstadvold, IKT avdelingen Helse Vest

Jeg visste før folkehøyskolen at jeg var interessert i teknologi og data, på linjen fikk jeg opplevd ting som forsikret meg om at avgjørelsen om å ta data videre var riktig. Fikk nylig en IKT jobb, de la vekt på den faglige bredden fra datalinja.

Eirik Haugan, Informatikk student, fra Tromsø
Aslak Hollund, NTNU student, fra Oslo

Voss og datalinjen var den største oppturen i mitt liv! Jeg kom meg på beina igjen etter et dårlig år og fikk samtidig uforglemmelige opplevelser på tur og venner for livet.

Aslak Hollund, NTNU student, fra Oslo
Sondre Netteland, Student - Master i Interaksjonsdesign, UiB

Voss Folkehøgskule er ett helt unikt sted. Jeg lærte å sette pris felleskapet, naturen og ikke minst å utfordre meg selv. Fikk trygghet til å studere data videre. Data-friluftsliv gir en helt spesiell hverdag som man alltid vil lengte tilbake til!

Sondre Netteland, Student - Master i Interaksjonsdesign, UiB
Aslak Hollund, software engineer i Konfidens

Voss og datalinjen var den største oppturen i mitt liv! Jeg kom meg på beina igjen etter et dårlig år og fikk samtidig uforglemmelige opplevelser på tur og venner for livet. USA turen var fantastisk, oppleve Silicon Valley og roadtrip med nye venner.

Aslak Hollund, software engineer i Konfidens

Nyheter

Folkehøgskolemamma: – Anbefaler alle foreldre å sende ungdommen sin på folkehøgskole

– Folkehøgskole føles som en trygg overgang til voksenlivet både for foreldre og ungdommen som drar dit, sier Aina Hartmark.

Nora (20) føler seg mer klar for studier og jobb etter et år på folkehøgskole

I sommer har vi snakka med flere elever om hvorfor de valgte folkehøgskole. Les hva Nora sitter igjen med etter sitt år.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Droneracing / Kreativ e-sport

Haugetun Folkehøyskole
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

E-Sport FPS

Bjerkely folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

E-sport: League of Legends

Buskerud Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Spillutvikling

Fana folkehøgskule - Bergen
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Game Design

Sunnhordland folkehøgskule
Helårskurs
21 t/uke
Frilynt

E-sport

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs A
12 t/uke
Frilynt

Spillutvikling

Bjerkely folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Gaming

Risøy Folkehøyskole: Lærerik frihet.
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

E-sport

Lundheim folkehøgskole
Helårskurs A
9 t/uke
Kristen

Rollespill

Nordmøre Folkehøgskule
Helårskurs B
6 t/uke
Frilynt

Gaming Aktiv

Bakketun Folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Kristen

Gaming & Koding

Sjøholt Folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

Gaming & E-sport

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

Spillbedrift

Sunnhordland folkehøgskule
Stipendiatlinje
30 t/uke
Frilynt