
- Voss folkehøgskule
- Telefon: 5652 9040
- E-post: post@voss.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur: USA eller Europa !
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Stad: Voss
- Oppstartsdato: 20.08.2022
- Pris: fra 132 000,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Kombiner Data & Friluftsliv! Lær programmering, 3D, grafisk design, action foto,, spel, web. Ski i Voss Resort, fjelltur, seiltur, bålkos, rafting mm. Fagturer i Noreg! Europa/ USA -Silicon Valley
På Data & Friluftsliv får du det beste av to verdenar.
Skulen har lange tradisjonar innan begge områda.
Finn ut om karriere innan data er for deg! Du lærer og prøver ut fagområda, og blir godt rusta til å velge vidare studie.
Samtidig som du nyttar friluftslivet på Voss og kan stå mykje på ski.
Bli med til verdens episenter for teknologi - Silicon Valley. San Francisco, campingtur og LA!
Vi vil lære, trivast og ha det kjekt saman!
DATA
Du lærer og prøver ut dei viktigaste fagområda innan data, og blir godt rusta til å velje retning vidare.
Fagområde: programmering, 3D, grafisk design, action photo, datasikkerhet, spel, web.
Du vil arbeide både breitt og djupt med data, og utvikle kompetanse og interesser innan ulike fagområde.
FRILUFTSLIV
Friluftsliv i verdas vakraste bygd, ski-og idrettsbygda Voss! Fokus på samhald, meistring og læring
Du vil ha friluftslivperiodar utover året med lærerar som har lang erfaring.
Her er noko av det du kan forvente å oppleve:
- alpint og off-piste i Voss Resort, utvikle skiferdigheiter i og utenfor skibakken
- fjell og hytteturar i vakker vestlandsnatur
- havkajakk i Nærøyfjorden
- Seiltur over fleire dagar i vakre Vestlandsfjorder
- leik og trening i Vossabadet
- ulike idrettsaktivitetar
- opplevelser på skulen si eigen seter på Upsete
- bålkos
- rafting
- muligheit for fallskjermhopping og jegerprøve
Kvar fredag er det valgfag!
Du kan velge ski, idrett og ekstremsportsfag i tillegg til linja.
Følg med på vår Instagram!
@vossfhs_kreativ #vossfhsdatafri