Friluftsliv / Ski og surf

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Linjefag: 20 timer/uke
  • Pris: fra 157 700,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Debio?
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Gloppen
  • Studietur for linja: Pudderjakt, Ski og segl, Surfetur til Biarritz/Europa, Surf
  • Studietur for skolen: Surfing i Hoddevika, Elvepadling, Surf og Bibel, Sceneveke, Fridykking, Jaktveke i Høyanger, Fyrvandring/kyst og kultur, Segltur med Statsraad Lehmkuhl, Skiveke i Myrkdalen, Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring, Vintertur i Sogndal, Fellestur Flåm, Finse og Aurland, Toppturveke, Valfrie prosjektveker, Kite på snø, Ski på Sunnmøre, Vintertur med topptur
Det handlar om å flyte. På toppen av elementa. Den rette kjensla i laussnøen på Stranda og i Sogndal. Bestige kvasse fjell i Jotunheimen og på Sunnmøre. Eller med surfebrettet blant bølgjene på Stad.


EIT ÅR MED FRI FLYT

Du skal ut og leite etter den rette balansen. Ut og leite etter dei største opplevingane. På linja Friluftsliv/Ski og surf har vi naturlegvis hovudfokus på friluftsliv, ski og surf. Linjeturen er ein surfetur til Biaritz i Frankrike. Vi skal på roadtrip, på leit etter pudderparadis i heile Norge. På Ski og segl turen tek vi båten inn Hjørrundfjorden, går frå fjæra og opp på flotte Sunnmørsfjell. Vi nyttar fjella til turar på ski og til fots. Skianlegga rundt skulen får ofte mykje snø, og då vil vi vere først ute. I tillegg til ski og surf får du prøve eit bredt spekter av aktivitetar. Du får ein god smakebit av klatring, kajakk, bre, stisykling og mykje anna. Friluftsliv gjennomsyrar alle aktivitetane vi driv med.

Du kan ikkje surfe gjennom heile livet.
Men du kan surfe gjennom eit heilt skuleår i Nordfjord.

Innhald på linja

Surfetur til Frankrike 12 dagar
Pudderjakt i Noreg 6 dagar
Surfing på Stad 7 dagar
Ski og segl på Sunnmøre 4 dagar
Skikøyring i anlegg 5 dagar
Tinderangling 3 dagar
Kystveke 3 dagar
Terrengsykling 3 dagar
Elvepadling 2 dagar
Havkajakk 3 dagar
Klatring 3 dagar
Toppturar 10-15 dagar
Vandretur om hausten 3 dagar
Skredkurs 3 dagar
Felles snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skiveke i Myrkdalen 5 dagar
Fellestur Flåm, Finse og Aurlandsdalen 4 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar
Segltur til Shetland med Statsraad Lehmkuhl 5 dagar

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/ski-og-surf/

Alle våre linjer passar for dei som er interesserte i å lære om friluftsliv og ulike aktivitetar i naturen.

Dette vil du lære

Vi skal
Surfe
Klatre
Padle elvekajakk
Tinderangle
Telte
Stisykle
og stå masse på ski!

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du er villeg til å lære, vil bruke dine ressursar og erfaringar, og vil spele på lag med både tilsette og elevar på skulen.

Lars Anders Hoel

Friluftslivlærar

Lars Anders er ein ekte sunnmøring som gjerne spring opp fjella, anten med ski på beina eller joggesko på føtene. Rundt bålet er han den som får fram dei gode samtalane og skapar rom for både latter og ettertanke. Han har lektorutdanning innan idrett og friluftsliv. 

Epost: larsanders@friluftslivskulen.no
Telefon: 90723291

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Morgonsamling. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf  ↓

Skulerute

Les meir på friluftslivskulen.no

Vel mellom 40 valfag fordelte på tre ulike periodar gjennom året. Måndagsvalfaga varer i to timar, medan tysdagane er heile valfagsdagar frå frukost til middag. I tillegg kan du velje tre prosjektveker der du får fordjupe deg i noko du har ekstra lyst til å lære meir om. Les meir her: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Vi gjer oppmerksom på at valfagstilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.

Bistand

Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga.

Buldring

Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Pris: 900,-

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen. Eksamensgebyr på omlag kr. 900,-

CrossFit

Pris: 500,-

Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Fotball

Pris: 100,-

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, du får lære om og prøve turfoto/actionfoto og redigering.

Fridykking

Pris: 3 000,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 1 200,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Pris: 600,-

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Pris: 300,-

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Kite/toppturveke

Pris: 2 500,-

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 300,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Mat i det fri

Pris: 350,-

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun. Og vi lager sjølvsagt to retters middag kvar gong!

Motorsagkurs

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.

Norskundervisning

Pris: 400,-

Basic Norwegian. Both oral and written. Class will be held in the afternoon.

Ordets skole

Redesign

Kurs i omsying av kle eller å laga noko heilt nytt av gjenbruksmaterialler. Samarbeid med lokal gjenbruksbutikk www.upscaledesign.no

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 1 200,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Surf

Pris: 1 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Surfeveke

Pris: 3 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Terrengsykling

Pris: 750,-

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.

Terrengsykling og stibygging

Pris: 1 000,-

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur

Pris: 400,-

Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.

Topptur/kite

Pris: 800,-

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Pris: 400,-

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Pris: 400,-

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Trearbeid og keramikk

Vi nyttar sløyden til å lage nyttige ting av tre. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Trening og tur

Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Tenk deg eit år med fjell utanfor døra, fjord i sikte og nye folk som blir dine nærmaste venner.

Her får du prøve meir, og fylle kvardagen med opplevingar. Ein vanleg tysdag kan ende på ein fjelltopp, rundt eit bål eller på veg mot noko nytt. Du kjem for eitt år, men reiser med vennskap og minne som varer mykje lengre.

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 157 700,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Myrkdalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Sogndal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Fellestur Flåm, Finse og Aurland
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Pudderjakt
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Ski og segl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Surfetur til Biarritz/Europa
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Inkl. i prisen
Minimumspris for linja 157 700,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 1 800,-
  • Inkl. i prisen

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 157 700,-
(15 770,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.
Vedr. pris på utanlandsturar: Vi tek atterhald om prisendringar som følge av forhold utanfor skulen sin kontroll, t.d. endringar i valutakurser, pålegg frå styresmakter, tryggleiksforhold, uro eller kanselleringar av transporttilbud. Dersom slike ting skulle oppstå kan vi måtte justere noko på pris for å kunne gjennomføre reisa. Ved større avvik vil elevane bli orienterte dersom det skulle verte nødvendig å lage alternative opplegg eller avlyse reisa

Husk at du også trenger penger til dette

Aldersgrenser

Tar unntaksvis inn 16- og 17-åringer på linja Bu og fritid, tilrettelagt linje. Krever individuell vurdering gjennom samtaler med søkeren og ofte et besøk

Opptakskrav

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år. Opptaket held fram til skulestart, men sjansen for å få førstevalet er størst om du søker tidleg!
 
OPPTAKSKRITERIER:
  • Fullstendig utfylt søknad
  • Jamn kjønnsfordeling på skulen
  • Alder, vi prioriterer søkjarar over 18 år

Vi ynskjer at du opplyser om sjukdom/skader.

På skulen er det plass til 140 elevar og dei siste åra har det vore fullt. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år.

Prioriteringskriterier

Vi prioriterer søkjarar over 18 år

Opptaksprosess

Ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år

Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller om du lurer på om vi kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Simen Eid Nielsen

Å surfe er som å sykle. Det er litt vanskeleg å lære, men du gløymer det ikkje når du kan det. Vi hadde bølgjer på ca 1,5 meter, når du er nybegynnar opplevast det som ganske svært. men det går fint!

Helene Hvattum

Eg vil lære nye ting. Lære å stå telemark. Lære å surfe. Lære å nyte friluftslivet fullt ut. Og her går det an å prøve nye ting, lære nye ting - utan å bli flau for at eg ikkje kan det frå før.

Marie Fossen Nordal

Eg likar, nei, eg ELSKAR å stå på ski! Og så har eg veldig lyst til å lære å surfe, eg har alltid hatt lyst til å ta ei grøn bølgje.

Sigri Sognnes Andresen

Det er godt å vere her. Eg er på heilt rett plass! På folkehogskole.no kryssa eg av på interessene mine, og så dukka det opp ei liste med skular som kunne vere aktuelle. Av dei var Nordfjord.

Nyheter

- Det gir meg så mye å se elevenes glede over opplevelsene man får i naturen

Lars Anders har vært både elev og stipendiat på Nordfjord folkehøgskule. Nå er han lærer i friluftsliv og deler store og små naturopplevelser med elevene sine.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Freeride Japan

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Helårskurs
Kristen

Snowboard/Freeski

Elverum folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Skatelinja - Barcelona og Japan

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
12 t/uke
Frilynt

Friluftsliv / Ski og fjellsport

Nordfjord folkehøgskule
Helårskurs
Kristen

Musikk Ski Snowboard

Toten folkehøgskole
Helårskurs A
Frilynt

X-Sport

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
20 t/uke
Kristen

Ski og klatring

Sogndal folkehøgskule
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Freeride Canada & Portugal

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Ski og klatring

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Frikjøring

Alta folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Friluft / Lux

Helgeland Folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Switch - park & pudder -Geilo Hemsedal Østerrike

Hallingdal Folkehøgskole
Helårskurs
19 t/uke
Frilynt

Ski Sykkel Surf

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Yoga - ski og surf - Tenerife

Hallingdal Folkehøgskole
Helårskurs
13 t/uke
Frilynt
Update cookies preferences