Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går dei fleste valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt
Barmarkstrening
Skisesongen kjem fortare enn du anar, og då gjeld det å vere klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfare korleis det kjennes på kroppen.
Basistrening
Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke. Vi erfarer korleis det kjennest på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skiten og sliten!
Buldring
På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.
Båtførarkurs
Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.
Din tur
I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!
Ekspedisjonstrening
Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.
Fjelljibbing
Vi går på topptur, eller finn oss fine plassar for å lage hopp eller leike på ski. Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski er ok!
Fjelltur
I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.
Fotball
Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.
Fotografi
Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.
Fridykking
Pris: 1 200,-
Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke.
Fyrvandring, kyst og kultur
Pris: 900,-
Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.
Gitar
Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!
Golf
Pris: 1 000,-
Her vil du få lære grunnleggjande teknikk, reglar og korleis ein skal opptre på golfbana. Kurset er praktisk retta og vil i stor grad haldast ute på treningsfeltet/bana.
Handverksdagar: tre og keramikk
Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.
Havkajakk grunnkurs
Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.
Heilt grøn
Pris: 200,-
Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.
Hybelkokken
Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.
Jaktveke i Høyanger
Pris: 1 700,-
Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.
Jegerprøve
Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.
Jegerprøve og kystveke
Pris: 1 400,-
Teoretisk og praktisk jegerprøvekurs, du blir klar for små-og storviltjakt (for å gå på storviltjakt må ein i tillegg skyte den obligatoriske jaktprøven). Tur til kysten, fisking, seglebåt og god mat!
Julebakst og tradisjonsmat
Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.
Kite/toppturveke
Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar.
Klatring
Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.
Klatring i hallar + isklatring
Pris: 1 050,-
Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.
Kniv og slire
I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.
Kråssbu
Allsidig trening er her eit stikkord. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.
Langrenn
For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.
Longboard
På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv.
Mat i det fri
Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.
Motorsagkurs og stibygging
Pris: 1 200,-
Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Andre uka blir det fokus på stibygging.
Revy
I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.
Revyplanlegging
Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.
Skiinstruksjon/topptur
Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.
Smiing
I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.
Sport og spel
Pris: 900,-
Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.
Strikking
Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.
Surfmix
Pris: 3 000,-
Det blir surferelatert trening og aktivitetar i fjorden, kanskje ein tur til skatehall og sy din eigen skifteponcho. Turen går til Hoddevika for å surfe.
Terrengsykling
Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.
Terrengsykling og stibygging
Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!
Topptur/kite
Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.
Topptur/skred
Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.
Topptur/turleiing
Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.
Toving og keramikk
Ull-arbeid med både toving og nålefilting. Vi kan lage bruksting som sitjeunderlag, vottar, tøfler eller biletkunst. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.
Trearbeid
På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.
Treningsleir
Pris: 200,-
Ulike formar for trening og aktivitet. Ei heil veke med stor variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.
Utstyrslaging
Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.