Nordfjord folkehøgskule

100 fantastiske turar! 100 å dele opplevinga med. Difor er det minst 100 gode grunnar for å gå på Nordfjord folkehøgskule. Ein del grunnar finn du her. Andre finn du på friluftslivskulen.no. Men dei aller fleste grunnane oppdagar du først når du sjølv er elev på skulen. Du finn dei i møte med deg sjølv. I møte med dei andre. Og i møte med naturen.

Søk på skulenLinjer

Friluftslivskulen ligg fantastisk til mellom bre, fjell og fjord.

På breen knakar og brakar det i 50 milliardar tonn kvit, blank og blå is. På med hjelm, stegjern og klatresele. Klar med isøksa til å møte eit nytt element. Jostedalsbreen er nabo til friluftslivskulen, du kan gå den på langs og på tvers, under over og gjennom den.

Fjella er høge, kvasse, bratte, steile, tøffe og majestetiske. Dei er vakre og luftige. Fjella inviterer til strevsomme oppturar og belønnar med rein plankekøyring ned att. Vi startar i fjæra og går heilt til topps, opp på dei høgste tindane. Av og til eit slit for å kome opp og fram, alltid ei god kjensle av å meistre når vi når målet.

Og så er det fjorden. Ein dag er den speglblank. Vi glir stille i kajakken langs land. Neste dag finn vi fram segla, reiser masta og prøvar vinden. Ytst ute mot havet kjem dei store dønningane innover. No er det surfebrettet sin tur. Så skal vi under overflata, der finn vi eit nytt univers for oppdagingar, dykking og jakt.

Dette står vi for

Skulen sin visjon er Å SETTE SPOR UNDER EIN OPEN HIMMEL. Vi ønskjer å skape eit miljø der vi kan sette avtrykk etter oss og gjere inntrykk på kvarandre.

Dette er måla for Nordfjord folkehøgskule:

 

Meir informasjon om skulen og fagtilbod finn du på vår heimeside friluftslivskulen.no

Fellesturar og fellesfag er ein viktig del av undervisninga. I løpet av året reiser heile skulen saman på pilegrimsvandring, vi skal ha skikurs i Hemsedal, førstehjelpskurs, og alle reiser på skuletur med Statsraad Lehmkuhl.

Alle får prøve seg på ei åleinenatt, og i tillegg blir det felles toppturar både haust, vinter og vår. På skulen har vi felles allmøte, tematimar, kristendom og seminar med spennande gjester. Kvar laurdag er det elevkveld, og i løpet av året brukar vi to veker på å lage vår eigen revy.

Vi har mange valfag. Kvar elev får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går dei fleste valfaga frå frukost til middag.

Akrobatikk

Kropskontroll og leik i eitt fag! Akrobatikk er akkurat så akrobatisk som det høyrest ut, og vi er heldige som har tilgang på ein turnhall med airtrack, skumgrop og stor trampoline. Eit luftig fag!

Allidrett

Idrettshallen på Sandane er stor og velutstyrt, med mellom anna turnhall, løpebane, klatrevegg osv. Du skal få prøve kjende og ukjende aktivitetar, dette er idrettsglede i godt lag!

Barmarkstrening

Skisesongen kjem fortare enn du anar, og då gjeld det å vere klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfare korleis det kjennes på kroppen.

Basistrening

Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke. Vi erfarer korleis det kjennest på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skiten og sliten!

Båtførarkurs

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.

Buldring

På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Ekspedisjonstrening

Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.

Fjelljibbing

Vi går på topptur, eller finn oss fine plassar for å lage hopp eller leike på ski. Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski er ok!

Fjelltur

I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.

Fotball

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.

Gitar

Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Handverksdagar

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Hybelkokken

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Innebandy

Ein fartsfylt og herleg idrett. Her blir det mykje speling og god stemning!

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.

Kajakkbygging

I løpet av året kan du bygge din eigen kajakk! Det er ein segldukskajakk, der du bygger ramma av tre og kler den med seglduk. Det er ganske stilig å ha med seg kajakk heim etter eit folkehøgskuleår.

Kite/toppturveke

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar.

Klatretur til Spania

Vi reiser til Spania, og slår oss ned i ein klatrecamp med gåavstand til fantastiske klatrefelt. Her blir god stemning og bratt læringskurve. Turen passar for deg som har klatra litt før.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Kniv og slire

I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.

Kristen tru

Lyst til å vite litt meir? Kva trur du på? Kva betyr forsoningslære, nådemiddel, inkarnasjon, frelseshistorie, treenighet og andre rare ord? Undervisning, samtale og diskusjon.

Kunstveke

Dette er ei veke der du får undervisning i grunnleggande teikneteknikk, og får god innføring i oljemåling. Ein lokal kunstnar kjem og held kurset.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Longboard

På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv.

Mat i det fri

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.

Minivintertur med toppturar

Dette er ei veke på ski! Det blir vintertur kombinert med toppturar. Vi skal sove ei, to eller tre netter i telt, elles søv vi på skulen, Vi vel toppar og turområde etter ver og føre.

Revy

I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.

Revyplanlegging

Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.

Rørsle

Eit fag der du jobbar med bevegelighet og forebygging av skader. Fokuserer på balanse og stabilitetstrening, noko som er veldig nyttig i forkant av ein aktiv vintersesong.

Segling og sjøliv

Vi startar faget med å lære det grunnleggande innan segling av skulen si Colin Archer-skøyte Medvind. Seinare skal vi bruke også dei mindre båtane som står i naustet.

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Strikking

Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.

Terrengsykling

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.

Terrengsykling og stibygging

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur/kite

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Toppturar og skianlegg

Ei veke på ski! Først to flotte dagar i skitrekk på Stranda, deretter toppturar i Sunnmørsalpane. Snø og skredforhold avgjer turmål.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Treskjæring/karveskurd

Lær å dekorere og forme tre. På sløyden finn du både verktøy og kunnskap - og alt blir delt med deg.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Yoga

Har du lyst til å bli mjukare i kroppen og forebygge skader? Då er yoga/rørsle noko for deg. Vi fokuserer på pust og heilt basis bevegelighet. For alle: Både stive stokkar og mjuke turnarar.

Shetland

Obligatorisk: Ja

Pris: 6.000

Segltur med Statsraad Lehmkuhl til Shetland

Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl og seglar vestover til Shetland. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.

Vi blir henta på Gloppefjorden rett ved skulen, seglar ut Nordfjorden og over Nordsjøen til Shetland. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan kome godt med resten av året.  

I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er den første fellesturen, og denne går av stabelen i september.

Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: 2.500

I januar køyrer vi over fjellet til Hemsedal. Der brukar vi ei heil veke til å utvikle skiteknikken, lære nye triks, auke farten og boltre oss i bakken. Du vel sjølv om du vil stå telemark eller randonné, og alle får undervisning i små grupper på sitt nivå - frå nivå Bambi til nivå Kjus.

På kveldane et vi god mat og har det sosialt og fint - og restituerer støle kroppar til neste dag i bakken.

Denne veka lærer du veldig mykje du får nytte av vidare i skisesongen.

I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Skiveka i Hemsedal i januar er den andre fellesturen.

Stad

Obligatorisk: Ja

Pris: 1.000

Den siste veka i skuleåret reiser elevar og lærarar til Stad og går Pilegrimsvandring frå Ervik til Selja. Dette er ei spesiell vandring der vi går i lang, lag rekke på vandring mot felles mål. Undervegs er det ulike postar og oppgåver, der vi reflekterer over dei verkeleg store spørsmåla i livet. Å gå heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vandringa tek tre dagar, og blir avslutta på klosterøya Selja.

I løpet av skuleåret har vi tre fellesturar der alle elevane er med. Pilegrimsvandringa er den tredje og siste fellesturen.

Internatlivet er ein viktig del av folkehøgskulelivet! Å bu på internat er veldig artig, det oppstår gode og nære venskap, du får prøvd deg på å finne gode kompromiss i kvardagen. Dei fleste elevane våre bur på dobbeltrom, men vi har nokre enkeltrom om nokon har behov for det. Enkeltrom kostar 7000 kr i tillegg.

Internata våre har god standard, og når du får flytta inn tinga dine, hengt opp bilde på veggen og fått alle ting på plass i skapet, så er det stor sjanse for at du kjenner deg heime! Vi håpar du gjer det.

Dei aller fleste romma har eigne bad, nokre få deler bad med eitt anna rom. I det eldste internatet er det do og dusj på gangen, og dei som bur her betalar litt mindre.

Fasiliteter

  • Gymsal
  • Buldrerom
  • Sløyd og smie
  • Syrom
  • Turkjøkken
  • Kapell/stille rom
  • Musikkrom
  • Ei stor, felles daglegstove. I tillegg har alle etasjane på internata sine eigne kjøkken og stover.
  • Store lager/tørkerom for soveposar og turutstyr
  • Bålhus
  • Badestamp
  • Badstove
  • Sandvolleyballbane
  • Gapahukar ved sjøen og i skogen
  • Colin Archer-skøyte
  • Naust med mindre trebåtar med årar og segl
  • Kajakkar og kanoar
  • Telt og lavvoar
  • Bre- og klatreutstyr
  • Fulldempa terrengsyklar

Skulen ligg i Gloppen kommune, nord i Sogn og Fjordane. Området rundt oss heiter Nordfjord. Kjem du frå austlandet, køyrer du over Hemsedal, Filefjell eller Otta/Stryn. Frå nord køyrer du sørover E39 langs kysten, eller om Otta/Stryn. Frå sørvest følgjer du E39 nordover.

Ekspressbuss: Det er fleire daglege avgangar til og frå Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.

Fly: Widerøe har fire daglege avganger til Sandane Lufthamn, flyplassen ligg fire km frå skulen.

Bil: Skulen ligg rett ved E39, hovudvegen langs heile kysten på Vestlandet.

Finn reiserute fra der du bor

Også bygda har mykje å by på. I tillegg til rein natur er det preparete skiløyper og skitrekk.

På Sandane, 6 km frå skulen, er det:

  • kunstgrasbane
  • stor idrettshall med vektrom, løpebane, tre hanballbaner og eigen turnhall
  • svømmeanlegg
  • klatrevegg (15 meter høg)

Vi nyttar oss av dette anlegget både i undervisning og på fritida. Alle elevane får årskort til den store idrettshallen, det betyr at du kan klatre og bade så mykje du vil gjennom heile året.

Sandane er kommunesenteret i Gloppen, og er eit klassisk bygdesentrum der du finn det meste du treng: Butikkar, offentlege kontor, politi, lege, tannlege, frisør, bibliotek, kino, kulturhus og kaféar.

Fra kr 112.600 (Billigste linje / fagvalg)

Inkludert på alle linjer

  • Undervisning
  • Studietur for skulen: Shetland (6.000 kr)
  • Studietur for skulen: Hemsedal (2.500 kr)
  • Studietur for skulen: Stad (1.000 kr)
  • Mat og rom på skulen
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Påmeldingsgebyr
  • Eige bad på rommet

Avhengig av linje

  • Tillegg for linje opp til 9.200 kr

Ikkje inkludert

  • Enkeltrom

Lommepengar, lån og stipend

Sjå kva du får i støtte av Lånekassen og kor mykje lommepengar du treng i løpet av året.

Les meir om prisar, lån og stipend


Søk om lån og stipend hos Lånekassen

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Allmøte. Rydde- og vasketid. Internatmøte. Lunsj. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag resten av dagen.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓
  • 19. august  Skulestart med opningsfest
  • Veke 37  Skuletur med Statsraad Lehmkuhl
  • Veke 41  Haustferie
  • Veke 45 og 46   Prosjektveker og revy
  • 18. november  Familiedag
  • Veke 49  Prosjektveke
  • 19. desember  Julefest
  • 20. desember  Første dag av juleferien
  • 3. januar  Første skuledag etter jul
  • Veke 4  Skikurs i Hemsedal
  • Veke 8  Vinterferie
  • Veke 9  Prosjektveke
  • 24. mars - 3. april  Påskeferie
  • 5. mai   Avslutningsfest
  • 9. mai  Siste skuledag
Last ned årsplan som pdf ↓

Som elev ved Nordfjord folkehøgskule får du vere med og bety noko for verda rundt deg. Nærare bestemt for menneska i og rundt landsbyen Okhaldhunga i Nepal. I denne landsbyen har dei eit sjukehus, og det er dette sjukehuset vi samlar inn pengar til. Behovet for sjukehus og helsehjelp er veldig stort, og pengane vi sender via Normisjon betyr mykje.

I starten av året opprettar elevane eit eige styre for bistandsprosjektet. Styret arrangerer aktivitetar, og er ein motor i innsamlingsarbeidet. Men alle elevane er med! Det er bistandsløp, bistandscasino, bistandskafé, bistandsbilvask, bistandshusvask, bistandsbarnepass + +

Elevane samla inn over 300.000 kroner kvart år til dette prosjektet.

På kveldstid vel du sjølv kor aktiv du vil vere. Laurdagskveldane er det elevkveld som er obligatorisk for alle, men dei andre kveldane du er på skulen er det frivilleg kva du vil vere med på.

Både stipendiatar og andre elevar arrangerer ein del fritidsaktivitetar - som volleyball, kanonball, fotball i ballbingen, bading i stampen, baking, spelekveldar, quiz, osv.

Ein kveld i veka er det frivilleg møte i kapellet på skulen. Då er det gjerne lovsang, andakt, bøn, samtale og kanskje litt diskusjon - og kaffi/te til slutt.

Det er alltid tilsyn på jobb på kveldane. Tilsyn kan låse opp dører, svare på spørsmål, ringe legevakta, sjekke brannalarmen, og dele ut plaster og gode ord om du skulle trenge det.

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 1. februar kvart år. Opptaket held fram til skulestart, men sjansen for å få førstevalet er størst om du søker tidleg!
 
OPPTAKSKRITERIER:
  • Fullstendig utfylt søknad med vitnemål/karakterutskrift og fråvær.
  • Jamn kjønnsfordeling på skulen
  • Alder, vi prioriterer søkjarar over 18 år

Vi ynskjer at du opplyser om sjukdom/skader.

På skulen er det plass til 135 elevar og dei siste åra har det vore fullt. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år.

Hildegunn Gjesdal Tennebø

Rektor

Hildegunn har fjellbjørk og kaffimaskin på kontoret sitt. Skrivebordet er ryddig, og dama likeså. Rektor Hildegunn er flink til å bestemme ting når andre vinglar, og meiner det er mykje god folkehelse i ei god historie.

Ho har studert samfunnsgeografi og religionsvitenskap, ledelsesfag, og interkulturell forståing. Ho har tidlegare jobba ved hovedkontoret til Normisjon. Og så likar ho å gå på jakt.

Epost: hildegunn@friluftslivskulen.no
Telefon: 57 86 80 40 og 911 84 679

Odd Harald Halse

Inspektør

Odd Harald kan bli sint, men det er veldig sjeldan. Faktisk har det berre skjedd ein gong.

Har eit stabilt, godt humør, og det kjem godt med når han endar opp i shorts og t-skjorte på kjøkkenet midt på natta midt i desember - i eit kaos av kjevle, mjøl, lefser og flatbrød.

Odd Harald har den kjende utdanningskombinasjonen dataingeniør og spesialpedagogikk, og har til og med jobba på spikerfabrikk.

Epost: oddharald@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868042 og 41409563

Jorunn Eikenes

Kontorsekretær

Jorunn har det mest sosiale kontoret på skulen, det kjem stadig folk innom for å slå av ein prat - eventuelt varme seg på omnen som er innstilt på sydentemperatur. Jorunn trur ikkje sjølv ho er så veldig rotete, men tilstanden på kontoret tilseier noko anna.

Ho har utdanning innan sosiologi, media og journalistikk, og likar artige folk.

Epost: kontor@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868040 og 90156932

Grethe Vik

Internatleiar

Grethe likar peiskos og turar i skog og mark. Særleg viss både peisen, skogen og marka ligg på Sørstranda. Ho er ikkje spesielt redd for å seie kva ho meiner, og ho likar - når sant skal seiast - særleg godt vise menn.

Ho er utdanna sekretær, med diverse tilleggsdiagnoser. Og ho drøymer om å gå over Grønland - frå kafé til kafé, mellom innvandrarbutikkar og hippe oslofolk.

Epost: grethe@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868045 og 92019399

Yngvild Benestad Tjomsland

Husmor

Yngvild har jobba på slottet. Hos kongen, altså. Så du kan jo berre tenke deg kor bra husmor ho er! I tillegg til erfaringa frå slottet, har ho utdanning som sosionom. Ho spelar heilt fabelaktig på piano, og er ein organisator av rang.

Epost: yngvild@friluftslivskulen.no
Telefon: 91815445

Per Momrak

Lærar på Friluftsliv/Jakt og fiske. Avdelingsleiar friluftsliv.

Per er ikkje spesielt lat. Han er eigentleg heilt motsett av lat. Han blir faktisk litt gretten viss han må sitte i ro, og han kan ikkje fatte at folk kan gå ein heil dag utan å gjere noko fornuftig. Mannen elskar jakt, fiske, cola og sjokolade.

Per er utdanna møbelsnekkar, og så har han diverse vidareutdanning i forming, friluftsliv og mat.

Epost: per@friluftslivskulen.no
Telefon: 911 30 626

Jon Kjetil Fossli

Lærar på Friluftsliv/Vind og vatn

Jon Kjetil er ikkje så veldig glad i sushi, men han syns til gjengjeld at Kygo er kul. Han likar å surfe og stå på ski, og drikke Pukka- og Yogi-te. Han er dronepilot av første klasse, og har i tillegg utdanning innan idrett, kristendom og friluftsliv.

Epost: jonkjetil@friluftslivskulen.no
Telefon: 48216078

Annichen Andvig Iwarsson

Lærar på Friluftsliv/Norske eventyr

Annichen er ualminneleg glad i delfiakake. Og eigentleg alle andre kaker med smør og sjokolade. Når ho ikkje et kake, spring ho bratte bakkar med bildekk på slep etter seg. Og går Grønland på tvers. Ho har dessutan ei fortid som keeper på bandylandslaget. 

Annichen har utdanning i idrett, friluftsliv, ernæring, geografi, økonomi og administasjon.

Epost: annichen@friluftslivskulen.no
Telefon: 90632128

Erlend Aunevik

Lærar på Friluftsliv/Fjellsport

Erlend er eit multitalent. Og dette multitalentet utfaldar seg spesielt innan ski, klatring, elvepadling og surfing. I tillegg er han ein skikkeleg gram-jeger, som nektar å bære på tungt utstyr. Han vil heller hakke tenner ei heil natt i den superlette soveposen sin, enn å bære på ein vanleg sovepose som andre folk.
 
Erlend har studert geografi, RLE, historie og friluftsliv.
 

Epost: erlend@friluftslivskulen.no
Telefon: 99506457

Magny Barmen

Lærar på Friluftsliv/Bu og fritid

Magny har turnringar i stova, og det er så stilig at det går rykte om det på bygda. Ho er over snittet glad i å lage bål og å danse, så jonsokafta er ein sikker vinnar i livet til Magny. Ho elskar fisk, og særleg torsketunge, men er ikkje spesielt glad i lutefisk.

Magny er veldig spesialpedagogisk. Ho er allmennlærar, og i tillegg har ho utdanning innan kroppsøving, matematikk og friluftsliv.

Epost: magny@friluftslivskulen.no
Telefon: 917 72 309

Eivind Kjerstad Nilsen

Lærar på Friluftsliv/Ski og surf

Eivind er utdanna prest, men det er det ikkje så lett å sjå på grunn av alle krøllane. Han er ein blid sørlending som står på ski når han kan, og gjer papirarbeid når han må.

Epost: eivind@friluftslivskulen.no
Telefon: 47608267

Lisbeth Engejordet Momrak

Lærar på Friluftsliv/Bu og fritid

Syns du Lisbeth ser ung, frisk og sprek ut? Det er heilt rett. Og grunnen er mest truleg at ho har jobba på brusfabrikk i 15 år. Ho likar skikkeleg godt å køyre på ski, og aller best når pudderet når til skuldrane.

Lisbeth har følgjande fag i utdanninga si: Kroppsøving, ski og snøaktivitet, matematikk, kunst og handverk.

Epost: lisbeth@friluftslivskulen.no
Telefon: 91 30 91 36

Magnar Holvik

Lærar på Friluftsliv/Bu og fritid

Det er veldig bra å ha ein skikkeleg bestefar på ein folkehøgskule. Magnar hevdar stadig at han er for gammal til både det eine og det andre, men det er sjølvsagt berre tøys. Han er utdanna tømrar, og er handverkar frå innerst til ytterst. Til alt hell er han i tillegg tålmodig, og lærer alle som vil å snekre, spikke, smi, lage longboard og kajakk. Og så fortel han ville historier frå gamledagar.

Epost: magnararneholvik@gmail.com
Telefon: 99575939

Steinar Saltbones

Lærar på Friluftsliv/KRIK

Steinar er utdanna prest, men syns per i dag at det er artigare å jobbe på folkehøgskule. Her kan han for eksempel spele veldig mykje fotball og innebandy. Og så kan han stå på ski i arbeidstida - utan prestekjole.

Han er ein sindig kar frå Oppdal som ikkje er lett å irritere. Han er glad i gode samtalar rundt bålet, og likar å sjå elevar klare ting dei ikkje trudde dei skulle meistre.

Epost: steinar@friluftslivskulen.no
Telefon: 97021069

Lars-Ove Eikje

Lærar på Friluftsliv/Ekspedisjon og Friluftsliv/Vegleiing

Lars-Ove lærer elevane sine å gå fornuftig. Altså å gå sakte, nyte livet på tur, og ikkje sjå på klokka. Han er ikkje så opptatt av turutstyr, og brukar gamalt utstyr viss han kan. Han er huseigar og handy, og når det gjeld verktøy gjeld ikkje denne regelen om å bruke gamalt utstyr. 

Lars-Ove likar kake, han har retningssans, og har i tillegg studert geografi, matematikk, friluftsliv og KRL.

Epost: larsove@friluftslivskulen.no
Telefon: 47645829

Tord Hafnor

Lærar på Friluftsliv/Aktivitet

Viss du ser ein veldig høg fyr med bart, briller og caps, så er det truleg Tord. Viss han i tillegg fortel ein veldig engasjerande elefantvits, så er det heilt sikkert Tord.

Viss du vil bli like høg som Tord, og like flink til å fortelje elefantvitsar, bør du ta bachelor i idrett og friluftsliv, og deretter studere litt geografi og pedagogikk.

Epost: tord@friluftslivskulen.no
Telefon: 41604644

Aina Minde Lemming

Lærar

Aina er "en handlingens kvinne". Ho surrar ikkje vekk tida med tomt prat, og viss ho for eksempel syns at eit rom skulle vore rydda - så ryddar ho. Og kastar. Ho er ganske bergensk av seg, utan å vere bergensar, og du slepp å lure på kva ho meiner om ei sak.

Aina er utdanna i helse- og sosialfag, idrett og friluftsliv.

Epost: aina@friluftslivskulen.no
Telefon: 45618309

Jesper Backer Lemming

Friluftslivlærar (vikar)

Jesper er utdanna innan idrett, økonomi og administrasjon. Han er hundeførar, førstehjelpar og sjelesørgar. I tillegg er han, viss vi skal vere ærlege, ein smule distré og vimsete. Han likar godt ein god samtale og ein aldri så liten diskusjon, og kan gjerne kverulere litt - om nokon skulle ynskje det.

Epost: jesper@friluftslivskulen.no
Telefon: 902 29 018

Kristina Tomasgard

Miljøarbeidar

Kristina er heile skulen si storesøster og tante. Ho har eit stort og varmt hjarte, og deler ut både smil og klemmar til alle som vil ha. I tillegg deler ho ut skikkelege skjennepreiker til dei som ikkje tek oppvasken, ryddar rommet sitt eller forøvrig ikkje oppfører seg fint. Kristina er ein sangfugl og i tillegg dronning av parodiering, og er sjølvsagt sjefen over revyen på skulen.

Epost: kristina@friluftslivskulen.no
Telefon: 41557016

Eirin Bakketun Sægrov

Miljøarbeidar

Eirin er frå gard, og ho er livredd alle dyr. Eller, ikkje livredd. Men ganske redd. Så difor fann ho ut at ho skulle bli sjukepleiar i staden for bonde. Men etter å ha jobba litt som sjukepleiar, fann ho ut at ho likegodt kunne prøve å vere miljøarbeidar her på Nordfjord. Ein suveren plan.

Eirin ler og flirer av det meste, og er spesialist til å få dei som ikkje vil ting til å ville ting likevel.

Epost: eirin.bakketun@gmail.com
Telefon: 995 15 835

Knut Torvanger

Økonomileiar

Knut økonomimann sit på kontoret sitt i andre etasje og har oversikt over heile skuleøkonomien. Han syns det er kjekt å lage budsjett - det er jammen flaks at det finst folk som han.

Knut går seg stadig opp på nye og gamle fjelltoppar, men trass denne tendensen er han likevel ein havets mann. Han likar vind og blæst, og syns "bøkehaud" - altså tørka torskehovud - er den beste maten han får.

Epost: knut@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868043 og 47022250

Vidar Bolstad

Kokk/kjøkkenleiar

Vidar er sterk. Faktisk den sterkaste kokken vi har. Han nektar å fortelje kor tungt han løftar, for det meiner han er ein skikkeleg flau ting å fortelje om. Han vil heller ikkje snakke om at han hadde ei langhåra karriere som bassist på starten av 90-talet.

Kokken er utdanna kokk, og har jobba på hotell før han oppgraderte seg sjølv til Nordfjord-kokk.

Epost: vidar@friluftslivskulen.no
Telefon: 57868047 og 91176434

Terje Hauge

Kokk

Terje har berre eitt auge av glas. Det andre er kjedeleg normalt. Han er ein ekstremt sprek kokk, og går på fjellet kvar dag. Og då meiner vi KVAR dag.

Epost: terje@friluftslivskulen.no
Telefon: 91720451

Marit Bakkelid

Kjøkken- og internatassistent

Marit er ei av desse lokale, flinke damene som lagar frukost til deg, serverer middag, ryddar og vaskar opp og moppar milevis med golv i løpet av eit år. Marit er eigentleg pensjonist, men ho syns det er så kjekt å jobbe på folkehøgskulen at ho er her framleis.

Telefon: 95284968

Else Løkke

Kokk

Else er agroteknikar i husdyrbruk - altså ein høgt utdanna bonde. Ho driv med hest og hund og kanin, og er ein av forkjemparane for fjordhesten sin eksistens. Else er også forkjempar for havregrynsgraut, og lagar den beste grauten på Nordfjord.

Ho likar ekstremt store steinar - slike som er store som hus og hytter. Og det passar fint, når ho bur i det som faktisk er Nord-Europa si største ur.

Epost: else@viegarden.com
Telefon: 90707858

Jorunn Vereide

Kjøkken-/internatassistent

Jorunn har ete frukost med president George W. Bush. Dette burde imponere dei fleste. Av andre imponerande ting må vi nemne at ho har gått rundt heile Nordfjorden på 18 dagar.

På skulen er ho ei av desse praktiske damene som kan vaske, rydde, sy, servere, pynte og organisere. På fritida er Jorunn kunsthandverkar, og produserer mellom anna akvarellar og oljemåleri med lokale motiv.

Telefon: 957 77 901

Jofrid Flølo

Kjøkken-/internatassistent

Jofrid elskar å bu mellom bre, fjell og fjord. Ho likar alle dyr, men er først og fremst sauebonde og saueentusiast. Ho har kontorutdanning, og har jobba mykje i butikk, men har etterkvart spesialisert seg på å vere folkehøgskuleassistent, fjøsassistent og barnebarnassistent.

Telefon: 906 75 979

Torill Torgnes

Kjøkken-/internatassistent

Torill har syn for detaljar. Ho er utdanna kartgrafikar, og har jobba i sjøkartverket. Ho kan å lage kart, med andre ord! Og elskar, som alle kan skjøne, små detaljar. Ser ho eit kart, så står ho med nasen inntil og studerer. Men ho syns data er ein uting, så når dataen inntok sjøkartverket stakk Torill av. Elles kan vi nemne at ho likar folkekunst, kultur, strikking, og eig ein gard i Nordland.

Telefon: 913 99 810

Gunhild Aabrekk

Nattevakt/kjøkken

Gunhild er kanskje verdas mest pliktoppfyllande dame. Det er ein ganske svær tittel, men forklaringa er enkel: Ingen har stålkontroll på lister, elevar, soving, system, alarmar og rutiner som Gunhild.

Telefon: 971 83 628

Olav Bjørn Tystad

Driftsleiar

Først var han mekanikar på ein bilverkstad. Så vart han vaktmeister og driftsleiar på Nordfjord. Og sidan har det gått slag i slag. Olav Bjørn er mannen vi spør om varme, kulde, snøbrøyting, grasklipping, lyspærer, tastatur, verktøy, maling, nøklar...og gjerne ei andakt i ny og ne.

Han har hytte ved havet, padlar kajakk, og det kjekkaste han veit er å vere saman med bestevenen sin: Kona Venke.

Epost: olav@friluftslivskulen.no
Telefon: 57 86 80 52 og 977 21 662

Emmanuel Sadorge

Vaktmeister

Emmanuel er den mest franske vaktmeisteren vi har. Han elskar sneglar og froskelår, er ein pastakokk av rang, og likar for øvrig fjell og jakt og fiske i norsk natur. Utdanninga seier at han er murar - men her på skulen er fagområdet betydeleg utvida: Han fiksar absolutt alt som kan fiksast. Må han peike ut ein favoritt av opera og rock seier han rock. Etter litt tenketid.

Telefon: 984 18 687

Linjer på Nordfjord folkehøgskule

Friluftsliv / FjellsportLedig plass

Friluftsliv / Fjellsport

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / Jakt og fiskeLedig plass

Friluftsliv / Jakt og fiske

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / KRIKLedig plass

Friluftsliv / KRIK

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / Norske eventyrLedig plass

Friluftsliv / Norske eventyr

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / EkspedisjonLedig plass

Friluftsliv / Ekspedisjon

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / Bu og fritidLedig plass

Friluftsliv / Bu og fritid

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / AktivitetFullt

Friluftsliv / Aktivitet

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / Vind og vatnFullt

Friluftsliv / Vind og vatn

Nordfjord folkehøgskule
HeilårskursKristen
Friluftsliv / Ski og surfFullt

Friluftsliv / Ski og surf

Nordfjord folkehøgskule
Heilårskurs20 t/ukeKristen
Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbodFullt

Friluftsliv / Vegleiing, 2.-års tilbod

Nordfjord folkehøgskule
StipendiatlinjeKristen
Søk på skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Øyvind Lindgård

Det beste med friluftsliv er følelsen av å vere fri. Oj. Det var svulstig. Men det er sånn! Å berre kunne vere på tur, og ikkje trenge å tenkje på noko anna.

Øyvind Lindgård, elev 2013/2014
Thea Holth Hovemoen

Nordfjord gav meg eventyr, utfordringar, turar, erfaringar og opplevingar i massevis! Nordfjord er ei investering i livet. I ettertid har det gitt inspirasjon til endå fleire turar og opplevingar.

Thea Holth Hovemoen, elev 2010/2011
Agnes Guttormsen

Det var ein stor skule med mange elevar, og det var masse forskjellige folk. Eg lærte å møte ulike menneske og mennesketypar. Vi lærte å tolerere kvarandre og leve med kvarandre.

Frå bloggen

- Ikke for sent å starte på folkehøgskole når du er over 20!

– Jeg ville ikke sitte som 40-åring å angre på at jeg aldri valgte folkehøgskole, sier Heidi Medgard Oskam (25) fra Ål. Hun har akkurat ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2017/2018

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen