Friluftsliv/Bu og fritid

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Pris: fra 147 700,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Debio?
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Gloppen
  • Studietur for linja: Spenningskurset, Kystveke, Ski på Sunnmøre
  • Studietur for skolen: Surfing i Hoddevika, Elvepadling, Surf og Bibel, Sceneveke, Fridykking, Jaktveke i Høyanger, Fyrvandring/kyst og kultur, Segltur med Statsraad Lehmkuhl, Skiveke i Myrkdalen, Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring, Vintertur i Sogndal, Fellestur Flåm, Finse og Aurland, Toppturveke, Valfrie prosjektveker, Kite på snø, Ski på Sunnmøre, Vintertur med topptur
Nye vener. Nye aktivitetar. For deg som treng spesiell tilrettelegging. Eit inkluderande fellesskap og ein trygg start på livet heimafrå. Og eit godt miljø for ny læring og ny meistring.

På eigne bein

No har du sjansen. I trygge rammer med gode folk rundt deg. Første året heimanfrå. Det blir eit godt år, med mange nye vennskap.

Du får lage turutstyr og mat, både på kjøkenet og over eit sprakande bål. Du vil kjenne meistring og lære mykje i møte med natur, aktivitetar og nye vener. Du får overnatte i lavvo, padle kano og dra krabbeteiner.

Du skal få løyse band og knyte band.

Spesielt tilrettelagt for ungdom med lett utviklingshemming. Tilbodet vårt krev ekstra økonomiske ressursar frå NAV.

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/bu-og-fritid/

Lisbeth Engejordet Momrak

Lærar og avdelingsleiar på Bu og fritid

Lisbeth trivst aller best når ho får vere i aktivitet. Ho blir gjerne med på tur, enten det er på ski, til fots eller rundt eit bål med noko godt å ete. Ho er tålmodig og omsorgsfull, og har alltid orden i sakene sine. Lisbeth har utdanning innan kroppsøving, matematikk og kunst og handverk.

Epost: lisbeth@friluftslivskulen.no
Telefon: 91 30 91 36

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Morgonsamling. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf  ↓

Skulerute

Les meir på friluftslivskulen.no

Vel mellom 40 valfag fordelte på tre ulike periodar gjennom året. Måndagsvalfaga varer i to timar, medan tysdagane er heile valfagsdagar frå frukost til middag. I tillegg kan du velje tre prosjektveker der du får fordjupe deg i noko du har ekstra lyst til å lære meir om. Les meir her: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Vi gjer oppmerksom på at valfagstilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.

Bistand

Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga.

Buldring

Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Pris: 900,-

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen. Eksamensgebyr på omlag kr. 900,-

CrossFit

Pris: 500,-

Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Fotball

Pris: 100,-

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, du får lære om og prøve turfoto/actionfoto og redigering.

Fridykking

Pris: 3 000,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 1 200,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Pris: 600,-

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Pris: 300,-

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Kite/toppturveke

Pris: 2 500,-

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 300,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Mat i det fri

Pris: 350,-

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun. Og vi lager sjølvsagt to retters middag kvar gong!

Motorsagkurs

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.

Norskundervisning

Pris: 400,-

Basic Norwegian. Both oral and written. Class will be held in the afternoon.

Ordets skole

Redesign

Kurs i omsying av kle eller å laga noko heilt nytt av gjenbruksmaterialler. Samarbeid med lokal gjenbruksbutikk www.upscaledesign.no

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 1 200,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Surf

Pris: 1 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Surfeveke

Pris: 3 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Terrengsykling

Pris: 750,-

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.

Terrengsykling og stibygging

Pris: 1 000,-

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur

Pris: 400,-

Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.

Topptur/kite

Pris: 800,-

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Pris: 400,-

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Pris: 400,-

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Trearbeid og keramikk

Vi nyttar sløyden til å lage nyttige ting av tre. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Trening og tur

Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Tenk deg eit år med fjell utanfor døra, fjord i sikte og nye folk som blir dine nærmaste venner.

Her får du prøve meir, og fylle kvardagen med opplevingar. Ein vanleg tysdag kan ende på ein fjelltopp, rundt eit bål eller på veg mot noko nytt. Du kjem for eitt år, men reiser med vennskap og minne som varer mykje lengre.

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 147 700,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Myrkdalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Stadlandet rundt, Pilgrimsvandring
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Sogndal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Fellestur Flåm, Finse og Aurland
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Spenningskurset
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Kystveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Ski på Sunnmøre
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
  • Inkl. i prisen
Minimumspris for linja 147 700,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 1 800,-
  • Inkl. i prisen

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 147 700,-
(14 770,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Aldersgrenser

Tar unntaksvis inn 16- og 17-åringer på linja Bu og fritid, tilrettelagt linje. Krever individuell vurdering gjennom samtaler med søkeren og ofte et besøk

Opptakskrav

Nordfjord folkehøgskule har ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år. Opptaket held fram til skulestart, men sjansen for å få førstevalet er størst om du søker tidleg!
 
OPPTAKSKRITERIER:
  • Fullstendig utfylt søknad
  • Jamn kjønnsfordeling på skulen
  • Alder, vi prioriterer søkjarar over 18 år

Vi ynskjer at du opplyser om sjukdom/skader.

På skulen er det plass til 140 elevar og dei siste åra har det vore fullt. Gjennomsnittsalderen er ca 20 år.

Prioriteringskriterier

Vi prioriterer søkjarar over 18 år

Opptaksprosess

Ingen søknadsfrist, men vi startar opptaket 15.november kvart år

Linja Bu og fritid er for ungdom som har som mål å flytte i eigen bustad, men som treng litt øving og hjelp på vegen. Linja er spesielt tilrettelagt for ungdom med lett utviklingshemming. Elevane på denne linja får svært tett oppfølging - både i skuletida og på fritida. Linja er godt bemanna, og dei tilsette har spesialutdanning og/eller lang erfaring i dette arbeidet.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

John André Horn

På linja får eg lære masse, og eg får vere aktiv. Eg likar godt å gå fjellturar, og her er fjella høgare enn heime. På skulen er matlaging kjekt. Eg likar å lage mat.

Ida Flæthe Solheim

"Her kan eg vere den eg er! Her på Nordfjord ser alle meg. Alle stoppar for å prate med meg." På linja får ho lære masse, og ho får vere aktiv. Og det syns Ida er viktig.

Nyheter

Bo- og arbeidstrening på folkehøgskole

Folkehøgskole skal være for alle! Her finner du mer informasjon om det tilrettelagte tilbudet for ungdom med utviklingshemming. Det lønner seg å planlegge skoleåret i god tid. Noen skoler starter opptaket allerede 1. november.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Bo med oss - botreningslinje

Fredrikstad Folkehøyskole, Haugetun
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

Bo.Aktiv

Sunnmøre Folkehøgskule
Helårskurs
30 t/uke
Kristen

Aktiv hverdag - botrening

Nordvestlandet folkehøgskole
Helårskurs
29 t/uke
Kristen

Aktiv - botrening

Alta folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Botrening - Friluftsliv

Malangen folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Botrening

Grenland Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Musikk, bu og fritid

Manger folkehøgskule
Helårskurs
21 t/uke
Frilynt

Bu og fritid

Fjordane folkehøgskule
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Bo og fritid, Europa og Gran Canaria

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
12 t/uke
Frilynt

Hverdagsliv og aktiv fritid

Torshus folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Botrening & Aktiv fritid / kreativ, sosial, aktiv

Stavern folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Bo og aktiv

Skjeberg Folkehøyskole
Helårskurs
Frilynt

Aktiv Bo og Fritid - Et tilrettelagt tilbud

Valdres folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

REIS Bo og Fritid

Ålesund Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen
Update cookies preferences