Dans Explore, Brasil

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 21.08.2027
  • Linjefag: 14 timer/uke
  • Pris: fra 172 900,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
  • Studietur for linja: Brasil, London
  • Studietur for skolen: Geilo - Vestlia, Nesholmen
På Dans Explore får du danse og trene kvar dag! Du får kjenne på meistring, utvikle betre fysisk form. Eit år der du vil utvikle deg som dansar og menneske!

Du blir ein del av eit større miljø ved Danseverkstaden i Førde, og vere ein del av dei store oppsetningane på Førde si storscene, Førdehuset.  Du får kjenne på meistring, utvikle teknikk og fysikk og ikkje minst vere med på tur og oppleve det pulserande livet i Rio de Janeiro og musikalverda i London. Eit år der du vil utvikle deg som dansar, utøver og ikkje minst som menneske.

  • Faste dansetimar i Jazz, Musikal Showdans, Contemporary
  • Idrett, styrke og gruppetrening
  • Store dansesalar med speil, ballett-barrer, godt musikkanlegg og kvalitetsgolv
  • Danseworkshop i inn- og utland
  • Yoga workshop
  • Gratis danseklasser ved den lokale danseskulen; Danseverkstedet
  • Musikalforestilling
  • Danseforestilling
  • Koreografi/Improvisasjon
  • Du kan ta eksamen i ballett
  • Buldring/klatring
  • Treningsstudio på skulen
  • Spinningsal
  • Gymsal
  • Tilrettelagt treningsprogram og oppfølging

Linja har eigen danseforestilling og er svært delaktig i skulen si store musikalsatsing. Dei siste åra har skulen blant anna produsert forestillinger som Hairspray, Chicago, Folk og Røvere i Kardemomme By, FAME. Linja si danseforestilling er eit av fleire høgdepunkt for heile skulen i løpet av året.

Du får vere med på fotoshoots, og vi lagar film av dansar/aktivitetar på linja. Frå fotoshoot får du med deg flotte bilder som er tatt av profesjonell fotograf.

Du ønskjer å utvikle deg og utfordre deg sjølv. Yte det vesle ekstra, der lagarbeid og innsats er alfa omega! Du vil ha ein kvardag med allsidig trening. Bli med og opplev meistring!

Dette vil du lære

  • Jazz/Contemporary
  • Samba
  • Musikal / showdans
  • Street Dance, HipHop
  • Koreografiarbeid
  • Styrke/Variasjonstrening
  • Kosthald og ernæring
  • Produksjon av forestilling

Våre forventninger til deg

På Dans Explore forventar vi at du er motivert for å lære mange forskjellege dansestilar. Komfortsona blir pusha kvar veke og du vil lære meir om allsidig trening og ulike idretter. På Dans Idrett er innsats viktigare enn talent. Er du villig til å yte det vesle ekstra? Då vil du få eit fantastisk år og utvikle deg som dansar, menneske og du får betre fysisk form!

Sunniva Thingnes-Fagerli

Lærar Dans Multisport

Sunniva har si utdanning frå Bårdar Akademiet, med dans, song og musikalteater. Med mål om å bringe danse- og musikkglede vidare, tok Sunniva grunnskulelærarutdanning på OsloMet etterpå. Ved sidan av studiet levde ho som dansar, deltok på danseklassar og tok oppdrag og underviste dans, freelance. Sunniva elskar også alt det den vakre naturen har å by på, både topptur, klatring og sykling.

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar.  På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar.  Seminara har forskjellige tema kvar veke.

Last ned timeplan som pdf  ↓
  • Vi startar 21.8.20227
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41 
  • Reiseperiode for nokre linjer okt/nov
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie 
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Sunnfjord Folkehøgskule er ein idrettsskule. Her møter du elevar som er interesser i idrett og fellesskap. Her på skulen kan du vere akkarat den du er. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål. 

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 172 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Treningsstudio
  • Påmeldingsavgift kr 2 500,-
  • Studietur: Geilo - Vestlia
  • Studietur: Nesholmen
  • Studietur: Brasil
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: London (10 000 kr)
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 172 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 172 900,-
(17 290,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Dansesal med spesialparkett, lydanlegg og speilvegg. Treningsstudio med kondisjonsapparat, vektrom, spinningssal, gymsal, Sandvolleballbane med mjuk strandsand.

Dette utstyret må du stille med selv

  • Jazzsko
  • Ballettsko
  • Joggesko til bruk inne og ute
  • Minibands (strikk til trening)
  • Powerslide (Abilica)
  • Kvite sko til å danse og opptre med Danse- og treningsklede
  • Svart tettsittende shorts («bikershorts»)
  • Joggesko til bruk ute
  • Enkelt turutstyr (fjellsko, liten tursekk, turtøy)

Aldersgrenser

18 år.

  • Det blir gjort enkelte unntak frå 18-årsgrensa når grunnar tilseier det, og etter samtale med søkjaren og føresette.

Opptakskrav

  • Opptaket tek til 15.november 

  • Held fram til skulestart eller så langt ut i skuleåret det er mogleg å få lån og stipend 

  • Det er fortløpande opptak 

  • Elevar som treng hjelp og støtte til ADL dugleikar blir tekne opp på vilkår om stønad frå NAV eller heimkommune. 

  • Skulen vil i hovudsak ta opp elevar mellom 18 og 27 år 

  • Søkjarar elles kan bli tekne opp etter individuelle vurderingar 

  • Skulen ynskjer ei best mogleg kjønnsbalanse på dei ulike linjene, med unnatak av reine gute-/jentelinjer på volleyball 

  • Elevar som ikkje har gått folkehøgskule tidlegare vil kunne bli prioritert. 

  • Elevar som blir oppfordra av leiinga til å søkje eitt nytt år vil bli prioritert. 

Prioriteringskriterier

  • Opptaket tek til 15.november 
  • Held fram til skulestart eller så langt ut i skuleåret det er mogleg å få lån og stipend 
  • Det er fortløpande opptak 
  • Elevar som treng hjelp og støtte til ADL dugleikar blir tekne opp på vilkår om stønad frå NAV eller heimkommune. 
  • Skulen vil i hovudsak ta opp elevar mellom 18 og 27 år 
  • Søkjarar elles kan bli tekne opp etter individuelle vurderingar 
  • Skulen ynskjer ei best mogleg kjønnsbalanse på dei ulike linjene, med unnatak av reine gute-/jentelinjer på volleyball 
  • Elevar som ikkje har gått folkehøgskule tidlegare vil kunne bli prioritert. 
  • Elevar som blir oppfordra av leiinga til å søkje eitt nytt år vil bli prioritert. 

Opptaksprosess

1. Det er opent for å søke for skuleåret 2027/28 frå 15.oktober. Du vil motta melding om at søknaden er motatt

2. Opptaket for skuleåret 2027/28 startar 15.november. Du vil motta sms og e-post om svar på søknaden. Dersom det er ledig plass på linja, må du betale inn kr 3000,- i innmeldingspengar.

3. Etter betaling får du automatisk ein e-post med linjebrev, velkomstbrev og meir informasjon om oppstart og detaljar på linja. 

Vi har god erfaring med å legge til rette for deg med funksjonsnedsetting eller kronisk sjukdom. Det kan vere rullestolbrukarar, mage/tarmsykdommar og elevar innanfor autismespekteret. Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Thea Werness Wang

Jeg begynnte på danselinja fordi jeg ville utfordre meg i dansestiler jeg ikke hadde danset så mye fra før av, noe jeg ikke angrer et sekund på. I løpet av en uke holder vi på med dans og andre aktiviteter. Vi lærer alltid noe nytt.

Vårinn Kvinnesland

Året mitt på Sunnfjord har vært kjempebra. Jeg valgte Danselinja uten så mye danseerfaring, men selv om det har vært utfordrende har jeg opplevd å få til mye også. Jeg angrer ikke på valget mitt!

Nina Trondsen

Noe av det beste med danselinjen på Sunnfjord er studieturen til Brasil. Der danset vi samba og hip hop, i tillegg til flere utflukter og andre strandaktiviteter. Jeg har fått mange gode venner her og trives med en hverdag som inneholder mye dans.

Nyheter

- Vi har ikke garanti for at du får kjæreste

Folkehøgskolene ruller nå ut en ny kampanje med fokus på at det er bedre å få kjæreste på folkehøgskole enn på sjekkeapper. Det er nemlig ikke få tidligere elever som fikk fant kjærligheten på folkehøgskole.

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva du skal gjøre, sier han.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Musikal og Dans

Fredrikstad Folkehøyskole, Haugetun
Helårskurs
Kristen

Musikaldans Broadway

Seljord Folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Street og samtidsdans

Oslo Folkehøgskole Rønningen
Helårskurs
Kristen

Dans

Toten folkehøgskole
Helårskurs B
5 t/uke
Frilynt

Dans Four Styles

Trøndertun folkehøgskole
Helårskurs
24 t/uke
Frilynt

Dans

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
12 t/uke
Frilynt

Dans Forstudium

Trøndertun folkehøgskole
Helårskurs
25 t/uke
Frilynt

Dans, trening & reise

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

K-pop Korean wave

Hadeland folkehøgskole
Helårskurs
13 t/uke
Frilynt

Folkedans & fellesskap - Interrail Europa

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Helårskurs
Frilynt

Musikal

Ringerike Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Skuespill for Scene og Film

Danvik Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Nordiska Teaterskolan – skuespillertrening

Nordiska folkhögskolan
Helårskurs
32 t/uke
Frilynt

Musikal og performance

Bergen folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt
Update cookies preferences