Vektløfting & Functional Fitness, halvår vår

  • Kurslengde: Halvår — vår
  • Oppstartsdato: 04.01.2027
  • Pris: fra 103 000,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen?
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar?
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade?
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Førde
  • Studietur: Thailand, Utanlandstur/treningsleir
På Sunnfjord får du trene under kyndig veiledning av vår dyktige lærar. Om du ynskjer å utvikle deg innan vektløfting og functional fitness er dette linja for deg!

Her på Sunnfjord er alle like mykje velkommen uansett nivå. Vi har profesjoenlle lærar, trenarar og tilsette som tar vare på deg heile døgnet. Treningsopplegget skreddarsydd saman med vår dyktige trenar/lærar som har høg kompetanse innan trening. 

Fasilitetar

Skulen nyttar Spenst Førde sitt senter til undervising og linjertimar. Treninga blir gjennomført både i Spenst Førde sitt vektløftingsrom og Tambarskjelvar sin vektløftarhall. Linjetimane på dagtid vil i stor grad vere på Spenst, medan linja er fast to kveldar i veka saman med Tambarskjelvar IL.

VM i vektløfting 

Vektløftarmiljøet i Sunnfjord har lang tradisjon. Her har det blitt forstra opp fleire store utøvarar, med Stian Grimseth og Ragnar Holme som dei største. Sunnfjord har arrangert både EM og ikkje minst VM i vektløfting. VM i Førde var omtalt som ein av dei beste nokon gong, med slagordet "i den minste byen, med det største hjartet". Sjå heimesida til VM for bileter og resultat. 

Forventningar

På linja forventar vi at du ønskjer å utvikle deg innan  vektløfting. Vi er ikkje opptatt av kva nivå du har i dag. Hos oss er alle velkomne uansett erfaring! Vi har profesjonelle trenarar som har lang erfaring med å tilpasse trening til ulike nivå. Idrettsglede og meistring er sentralt i alt vi gjer.

"The Sunnfjord Spirit"
«The Sunnfjord Spirit» er ei kraft som vert skapt ved at vi står saman og dreg i same retning. På Sunnfjord er vi kvarandre sine tilhengarar. Vi heiar på kvarandre både på trening og i livet. 

Skulen har eige treningssenter med  to vektløftarplattformar frå VM, gymsal, spinningsal og speglsal. 

Trenar og lærar for linja er mangeårig utøvar, trenar, eldsjel og president i vektløftarforbundet Stian Grimseth

Vektløfting & Functional Fitness passar for deg som ynskjer ein kvardag med høgt tempo og mykje trening, og som vil vere ein del av eit inkluderande fellesskap

Dette vil du lære

  • "The Sunnfjord Spirit"
  • Lære teknikkar i vektløfting
  • Utvikle dine ferdigheiter i vektløfting
  • Erfarne trenarar
  • Mogeleg for å delta på konkurransar gjennom vårt eige idrettslag, Sunnfjord IL, Tambarskjelvar eller din moderklubb.
  • Utvikling av fysiske, tekniske og taktiske og mentale ferdigheiter
  • Meistring

Våre forventninger til deg

Sunnfjord Folkehøgskule er ikkje opptatt av kva nivå du er på, men at du vil vere med å bygge fellesskapet og at du er motivert til å bidra til å vere ein del av klassen din og miljøet på skulen. 

Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar.  På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar.  Seminara har forskjellige tema kvar veke.

Last ned timeplan som pdf  ↓
  • Vi startar 21.8.20227
  • September: Felles overnattingstur.
  • Oktober: Haustferie i veke 41 
  • Reiseperiode for nokre linjer okt/nov
  • November: Julemesse
  • Desember: Fotballcup, førjulsaktivitetar, juleferie
  • Januar: Nyttårsball. 
  • Februar: Vinterferie
  • Reiseperiode i mars for heile skulen. 
  • Påskeferie 
  • Mai: Avslutning 

Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.

Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.

Ballspel

Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.

Band

Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.

Basketball

Enkelt nivå, passar for alle.

Beachvolleyball

Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.

Dans

Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.

Dokumentar og diskusjon

Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.

Fjelltur

Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.

Fotball

Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.

Gitar

Nybegynnaropplæring.

Havkajakk

Lær å meistre kajakk på fjorden.

Idrettspsykologi

Motivasjon og prestasjon.

Klatring

Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.

Mat på bål

Matlaging på bål når du er på tur.

Mat-auk

Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.

Matlaging

Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.

Minikor

Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.

Multisport

Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.

Piano

Begynnaropplæring i små grupper.

Politikk og samfunn

Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.

Styrketrening

Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.

Teater musikal

Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.

Teaterproduksjon og design

Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.

Volleyball for alle

Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.

Fra kr 103 000,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Påmeldingsavgift
  • Treningsstudio
  • Studietur: Thailand
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Utanlandstur/treningsleir
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 103 000,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 103 000,-
(20 600,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret må du stille med selv

Treningsklede

Treningssko

 

Aldersgrenser

18 år.

  • Det blir gjort enkelte unntak frå 18-årsgrensa når grunnar tilseier det, og etter samtale med søkjaren og føresette.

Opptakskrav

  • Opptaket tek til 15.november 

  • Held fram til skulestart eller så langt ut i skuleåret det er mogleg å få lån og stipend 

  • Det er fortløpande opptak 

  • Elevar som treng hjelp og støtte til ADL dugleikar blir tekne opp på vilkår om stønad frå NAV eller heimkommune. 

  • Skulen vil i hovudsak ta opp elevar mellom 18 og 27 år 

  • Søkjarar elles kan bli tekne opp etter individuelle vurderingar 

  • Skulen ynskjer ei best mogleg kjønnsbalanse på dei ulike linjene, med unnatak av reine gute-/jentelinjer på volleyball 

  • Elevar som ikkje har gått folkehøgskule tidlegare vil kunne bli prioritert. 

  • Elevar som blir oppfordra av leiinga til å søkje eitt nytt år vil bli prioritert. 

Prioriteringskriterier

  • Opptaket tek til 15.november 
  • Held fram til skulestart eller så langt ut i skuleåret det er mogleg å få lån og stipend 
  • Det er fortløpande opptak 
  • Elevar som treng hjelp og støtte til ADL dugleikar blir tekne opp på vilkår om stønad frå NAV eller heimkommune. 
  • Skulen vil i hovudsak ta opp elevar mellom 18 og 27 år 
  • Søkjarar elles kan bli tekne opp etter individuelle vurderingar 
  • Skulen ynskjer ei best mogleg kjønnsbalanse på dei ulike linjene, med unnatak av reine gute-/jentelinjer på volleyball 
  • Elevar som ikkje har gått folkehøgskule tidlegare vil kunne bli prioritert. 
  • Elevar som blir oppfordra av leiinga til å søkje eitt nytt år vil bli prioritert. 

Opptaksprosess

1. Det er opent for å søke for skuleåret 2027/28 frå 15.oktober. Du vil motta melding om at søknaden er motatt

2. Opptaket for skuleåret 2027/28 startar 15.november. Du vil motta sms og e-post om svar på søknaden. Dersom det er ledig plass på linja, må du betale inn kr 3000,- i innmeldingspengar.

3. Etter betaling får du automatisk ein e-post med linjebrev, velkomstbrev og meir informasjon om oppstart og detaljar på linja. 

Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg. 

Tar legg til rett for alle og tek omsyn skadar og andre utfordringar.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Anbefaler virkelig et halvt år på folkehøgskole om du ikke vet hva du skal etter jul

Da andre planer gikk i vasken søkte Theodor halvtårskurs på folkehøgskole. – En gull mulighet om du har valgt feil eller ikke helt vet hva du skal gjøre, sier han.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Kunst & Kreativitet - VÅR 27 Berlin & Wien

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — vår
Frilynt

SoMe & Innholdsproduksjon - VÅR 27

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — vår
Frilynt

Backpacker Multisport - Vår 2027

Seljord Folkehøgskule
Halvår — vår
Frilynt

REIS Opplevelser Våren 2027

Ålesund Folkehøgskole
Halvår — vår
Kristen

Fiske og friluftsliv Costa Rica

Skogn folkehøgskole
Halvår — vår
Frilynt

Ski og seil - Friluftsliv vår 27

Malangen folkehøgskole
Halvår — vår
Kristen

Humor & Scene - halvårskurs vår 2027

Ringerike Folkehøgskole
Halvår — vår
16 t/uke
Frilynt

Freeride Japan, vår 2027

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Venteliste
Halvår — vår
Kristen

Volleyball Herrer, vår 2027

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — vår
14 t/uke
Kristen

Filmskuespiller halvår, vår 2027

Solbakken Folkehøgskole
Halvår — vår
36 t/uke
Frilynt

Barista & Kjøkkenhage - VÅR 28

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — vår
Frilynt

Skriv & Publiser - VÅR 27

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — vår
Frilynt

Historisk håndverk (halvårskurs vår 2027)

Sund folkehøgskole
Halvår — vår
13 t/uke
Frilynt

Kreativ halvår vår

Nordvestlandet folkehøgskole
Halvår — vår
15 t/uke
Kristen
Update cookies preferences