
Beach & Volleyball, haust
- Sunnfjord Folkehøgskule – Førde
- Telefon: 57 82 99 60
- E-post: kontor@sunnfjord.fhs.no
- Kurslengde: Halvår — høst
- Oppstartsdato: 21.07.2027
- Linjefag: 14 timer/uke
- Pris: fra 68 000,-
- Sted: Førde
- Studietur: Spania - Benidom

Beach & Volleyball:
Sandvolleyball har prioritet tidleg på hausten og på slutten av vår-semesteret, samt på studieturane. Skulen har to sandvolleyballbanar 50 meter frå internatet. I tillegg har vi eit stort og fint anlegg i Hafstadparken berre ein kilometer frå skulen, med fire banar. Som elev på Beach og Volleyball vil du få tilgang til treningsstudio på skulen. Du vil få eit styrkeprogram tilpassa for volleyball og oppfølging av fysioterapeut dersom du vert skada.
Volleyball:
Beach & Volleyball har eit tett samarbeid med og har det meste av undervisninga saman med volleyballinja. Vi har serielag for damer i 2. divisjon og for herre i både 2. og 3. divisjon, i tillegg spelar vi treningskampar og deltek på turneringar. I seriespel er vi delt, men i treningskvardagen trenar vi ofte saman eller ved sida av kvarandre. Vi er kjent for vårt høglytte og entusiastiske volleyballmiljø og gode felleskap.
Hos oss er alle hjarteleg velkomne, anten du er nybyrjar eller erfaren. Vi jobber for at at den enkelte skal utvikle seg, uansett kva nivå ein har når ein startar på skulen. Har du elite- eller juniorlandslags- erfaring i volleyball? Sunnfjord IL kan tilby overbyggings-avtale med Førde VBK, som er ein av dei sterkaste eliteserieklubbane i Norge.
Skuletur til Spania. Prisen kjem i tillegg.
Beach og Volleyball passar både for den erfarne spelaren og for nybyrjarar. Du treng ikkje å ha mykje erfaring. Det viktigaste er at du er motivert til å trene kvar dag og at du er ein lagspelar.
Du synes det er kjekt å spele både sandvolleyball og volleyball oger motivert til å trene mykje. Vi forventar at du ønskjer å ta del i og bidra til fellesskapet.
Obligatorisk: Nei
Pris: 8 000
Varighet: 5 dagar
Måltider pr dag inkludert: 3
I obtober/november reiser linja Beach & Volleyball på treningsleir til Benidorm. I Spania har vi eit tett samarbeid med Move Your Association (mya.no) som gir oss tilgang til dei beste idrettsanlegga i området.
I løpet av treningsoppholdet kjem vi til å kombinere volleyball med beachvolleyball. Vi skal spele treningskampar mot lokale volleyballklubbar og delta i beachvolleyballturnering. Du skal få lære av, og bli godt kjend med Raul Mesa. I 2005 vart han europamester i beachvolleyball, i tillegg har han delteke i OL. Etter karrieren har han utvikla seg til å bli ein av dei dyktigaste og mest ettertrakta trenarane i Europa.
I tillegg til mykje volleyballaktivitet på studieturen skal du blant anna få besøke dei kjende Algar fossene (Fonts de I`Algar). Det er flotte fossefall i fjellet der ein kan bade og kose seg.
Denne turen kostar 8000,- i tillegg til linjeprisen.
Linjeturane er fagturar og dermed obligatoriske på linja. Studieturane inngår i prisen på linja, og måltida er med i prisen.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 4
Veka før haustferien reiser vi til Vestlia på Geilo. Her får du oppleve hotellivet og folkehøgskulelivet på sitt beste. Her kan du senke skuldrane i spa-avdelinga etter ein tur på anten rafting, paintball, go-kart eller stisykling. Linjene har også treningar undervegs i opphaldet.
Obligatorisk: Ja
Pris: Inkludert i linjepris
Varighet: 2 dagar
Nesholmen er KFUK sin idylliske leirstad, som ligg heilt i nede ved Eimhjellevatnet. Her pleier vi å vere to gongar kvar år, ein tur på hausten og ein tur heilt på slutten av året. Her får du oppleve bålkos, kakao, aktivitetar og nyte den flotte vestlandsnaturen.
Otelie er trenarutdanna på Norges Idrettshøgskole, og tidlegare elev og stipp på Sunnfjord Folkehøgskule. Ho spelar aktivt på øvste nivå i serien.
Epost: otelie@sunnfjord.fhs.no
Telefon: 47456074
Alle dagane startar med ei morgonsamling der alle er samla. Deretter er det linjetimar for alle linjene, fram til lunsj. Etter lunsj er det valfag to dagar i veka, medan det er nokre fellestimar andre dagar. På laurdag har vi i likheit med alle andre folkehøgskular, laurdagsseminar. Seminara har forskjellige tema kvar veke.
Last ned timeplan som pdf ↓Linjer som har fleire turar har fleire reiseperiodar.
Du skal velje to valfag á to timar pr veke. Du skal velje nye fag tre gongar i løpet av året. Dei faga vi har på denne lista er eksempel på fag som kan bli, basert på erfaringar dei siste åra. Det kan bli annleis neste skuleår. I tillegg har vi heile valfagsdagar gjennom skuleåret.
Ulike ballspel på mosjonsniva, passar for alle. Det skal vere gøy å halde seg i form.
Bandet har ein viktig funksjon i skulen si årlege musikaloppsetting. Dkulen har tilgang til dei vanlegaste bandinstrumenta, i tillegg kan du sjølvsagt ha med eige instrument.
Enkelt nivå, passar for alle.
Haustaktivitet på skulen sin nye sandvolleyballbaner.
Vi har høgt utdanna danselærar og to gode dansesalar med spesialparkett. Du lærer fleire typer dans, og gruppa har ein viktig funksjon i skulen si musikaloppsetting.
Vi ser aktuelle dokumentarfilmar og diskuterer innhaldet. Faget tek opp aktuelle saker som dukkar opp i nyheter og offentlege diskusjonar.
Korte dagsturar i naturen som ligg nær oss.
Fotball på mosjonistniva på kunstgrasbane. Lærar som har vore aktiv fotballspelar.
Nybegynnaropplæring.
Lær å meistre kajakk på fjorden.
Motivasjon og prestasjon.
Innandørs klatring i nytt klatresenter. Prisen er ikkje fastsett.
Matlaging på bål når du er på tur.
Vi haustar av det naturen gir og lagar mat av det. Bær og sopp, frukt og grønt. Fisking i sjø og vatn.
Du lærar å lage god og næringsrik hybelmat.
Å synge fleirstemt i ensemble. Også solistoppgåver dor den som vil det.
Ulike idrettar og aktivitetar som passar for dei fleste.
Begynnaropplæring i små grupper.
Kunnskap og debatt rundt aktuelle skaer i samfunnet som vedgår oss alle.
Skulen har eit moderne treningsstudio. Du får lære korleis du skal trene fornuftig for å oppnå betre fysisk form.
Elevane er med og lagar årets musikalforestilling.
Lage det som trengs for å sette opp vårt felles musikalprosjekt.
Skulen har volleyball på høgt nivå, men valfaget er for alle som vil spele på mosjonsnivå.
Sunnfjord Folkehøgskule er ein idrettsskule. Her møter du elevar som er interesser i idrett og fellesskap. Her på skulen kan du vere akkarat den du er. Vi trur på ulikskap!
Du kan bidra til at folkehøgskuleåret blir ditt år. Vi vil vi at du tek ansvar for både deg sjølv, folka rundt deg og for globale spørsmål.
Treningsstudio. Spinningsal, Gymsal med servemaskin. Tilgang til storhall i Førdehuset og beachvolleyball-baner.
Sko for hallidrett, treningsklede, sandsokkar, ullsokkar, solbriller. Det er butikkar i nærområdet så alt kan skaffast etter at skulen har starta.
18 år.
1. Det er opent for å søke for skuleåret 2027/28 frå 15.oktober. Du vil motta melding om at søknaden er motatt
2. Opptaket for skuleåret 2027/28 startar 15.november. Du vil motta sms og e-post om svar på søknaden. Dersom det er ledig plass på linja, må du betale inn kr 3000,- i innmeldingspengar.
3. Etter betaling får du automatisk ein e-post med linjebrev, velkomstbrev og meir informasjon om oppstart og detaljar på linja.
Vi legg til rette for deg så godt vi kan og gjer justeringar i samråd med deg. Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpassingar eller lurer på om vi kan legge til rette for deg.