Til hovedinnhold

Friluftsliv / Fjord og fjell

Søk på linja
Ledig plass

Det meste av det beste innan friluftsliv. Nærøyfjorden, Sunnmørsalpane, Lofoten og sjølvsagt mange turar i Nordfjord - på fjella og breane, i elva, på fjorden og surfing i Hoddevik.



FRÅ TARE TIL TOPP
Bre og elvar, hav og surfestrender, skog og sykkelstiar, fjord og fjell. På vår nye linje har vi plukka frå topp 10 lista over vakre turmål i Norge. I løpet av hausten reiser vi til desse fire naturperlene: Nærøyfjorden, Loen, Lofoten og Sunnmørsalpane. Det blir også vintertur i Jotunheimen, surfing i Hoddevika, fiske i Bremanger og mange toppturar i Nordfjord.

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/linjer/fjord-og-fjell/

FAKTA:
Nærøyfjorden (havkajakk og fjelltur) 3 dagar
Høgt og lågt i Lofoten (surfing, toppturar og fiske) 8 dagar
Breoppleving 3 dagar
Kystfriluftsliv i Nordfjord 3 dagar
Terrengsykling 3 dagar
Skitur gjennom Breheimen og Jotunheimen 8 dagar
Segling 2 dagar
Via Ferrata 1 dag
Vandretur om hausten 3 dagar
Klatring 4 dagar
Toppturar haust og vinter 4 dagar
Aktivitetsveke i Jotunheimen (fellestur for heile skulen) 5 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Snøholetur 3 dagar
Skiveke i Hemsedal 5 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar

Skiveke i Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Tidleg i vintersesongen køyrer vi over fjellet til Hemsedal for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!

Majestetisk vandring på Stadlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.

Vintertur i Nordfjordfjella

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.

Toppturveke

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.

Valfrie prosjektveker

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/

Valfrie prosjektveker - Kystveke

Obligatorisk: Nei

Pris: 600

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi seglar ut til kysten, og ankrar opp på ein handelsstad. Her vert det segling, fisking, kanskje ein fjelltur, god mat og hygge. Du får sløye fisken, rense garnet, stå til rors i Medvind, heise segla og lære om korleis sjøen har vore livsnerva for folka som har budd her ute i alle tider.

Valfrie prosjektveker - Fyrvandring/kyst og kultur

Obligatorisk: Nei

Pris: 700

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane. 

Valfrie prosjektveker - Jaktveke i Høyanger

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Jakt på hjort. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.

Valfrie prosjektveker - Minivintertur med topptur

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.

Valfrie prosjektveker - Surfing i Hoddevika

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.     

Valfrie prosjektveker - Toppturar og skianlegg

Obligatorisk: Nei

Pris: 1 500

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Lisbeth Engejordet Momrak

Lærar på Friluftsliv/Bu og fritid

Syns du Lisbeth ser ung, frisk og sprek ut? Det er heilt rett. Og grunnen er mest truleg at ho har jobba på brusfabrikk i 15 år. Ho likar skikkeleg godt å køyre på ski, og aller best når pudderet når til skuldrane.

Lisbeth har følgjande fag i utdanninga si: Kroppsøving, ski og snøaktivitet, matematikk, kunst og handverk.

Epost: lisbeth@friluftslivskulen.no
Telefon: 91 30 91 36

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Allmøte. Rydde- og vasketid. Internatmøte. Lunsj. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag resten av dagen.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓

SKULERUTE for skuleåret 2021/2022

  • 21. aug  Skulestart med opningsfest
  • 6.  – 10. sept Fellesturar - Fondsbu/Jotunheimen
  • 18. sept Fri
  • 8. - 17. okt Haustferie
  • 6.  nov Fri
  • 8. - 19. nov Prosjektveker
  • 20. nov Familiedag
  • 29. nov - 3. des Prosjektveke
  • 17. des Juleferie
  • 5. jan Første dag etter jul
  • 24. - 28. jan Skikurs i Hemsedal
  • 29. – 31. jan Frihelg
  • 19. - 27. feb Vinterferie
  • 28. feb - 4. mars Prosjektveke
  • 9. - 18. april  Påskeferie
  • 5. - 7. mai Minifolkehøgskule
  • 7. mai Avslutningsfest
  • 11. mai Siste skuledag

Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går dei fleste valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Akrobatikk

Kropskontroll og leik i eitt fag! Akrobatikk er akkurat så akrobatisk som det høyrest ut, og vi er heldige som har tilgang på ein turnhall med airtrack, skumgrop og stor trampoline. Eit luftig fag!

Allidrett

Idrettshallen på Sandane er stor og velutstyrt, med mellom anna turnhall, løpebane, klatrevegg osv. Du skal få prøve kjende og ukjende aktivitetar, dette er idrettsglede i godt lag!

Barmarkstrening

Skisesongen kjem fortare enn du anar, og då gjeld det å vere klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfare korleis det kjennes på kroppen.

Basistrening

Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke. Vi erfarer korleis det kjennest på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skiten og sliten!

Buldring

På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Ekspedisjonstrening

Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.

Fjelljibbing

Vi går på topptur, eller finn oss fine plassar for å lage hopp eller leike på ski. Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski er ok!

Fjelltur

I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.

Fotball

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.

Gitar

Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Handverksdagar

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Hybelkokken

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Innebandy

Ein fartsfylt og herleg idrett. Her blir det mykje speling og god stemning!

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.

Kite/toppturveke

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Kniv og slire

I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.

Kristen tru

Lyst til å vite litt meir? Kva trur du på? Kva betyr forsoningslære, nådemiddel, inkarnasjon, frelseshistorie, treenighet og andre rare ord? Undervisning, samtale og diskusjon.

Kunstveke

Dette er ei veke der du får undervisning i grunnleggande teikneteknikk, og får god innføring i oljemåling. Ein lokal kunstnar kjem og held kurset.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Longboard

På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv.

Mat i det fri

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.

Minivintertur med toppturar

Dette er ei veke på ski! Det blir vintertur kombinert med toppturar. Vi skal sove ei, to eller tre netter i telt, elles søv vi på skulen, Vi vel toppar og turområde etter ver og føre.

Revy

I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.

Revyplanlegging

Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.

Rørsle

Eit fag der du jobbar med bevegelighet og forebygging av skader. Fokuserer på balanse og stabilitetstrening, noko som er veldig nyttig i forkant av ein aktiv vintersesong.

Segling og sjøliv

Vi startar faget med å lære det grunnleggande innan segling av skulen si Colin Archer-skøyte Medvind. Seinare skal vi bruke også dei mindre båtane som står i naustet.

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Strikking

Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.

Terrengsykling

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.

Terrengsykling og stibygging

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur/kite

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Toppturar og skianlegg

Ei veke på ski! Først to flotte dagar i skitrekk på Stranda, deretter toppturar i Sunnmørsalpane. Snø og skredforhold avgjer turmål.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Treskjæring/karveskurd

Lær å dekorere og forme tre. På sløyden finn du både verktøy og kunnskap - og alt blir delt med deg.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Yoga

Har du lyst til å bli mjukare i kroppen og forebygge skader? Då er yoga/rørsle noko for deg. Vi fokuserer på pust og heilt basis bevegelighet. For alle: Både stive stokkar og mjuke turnarar.

100 fantastiske turar! 100 å dele opplevinga med. Difor er det minst 100 gode grunnar for å gå på Nordfjord folkehøgskule. Ein del grunnar finn du her. Andre finn du på friluftslivskulen.no. Men dei aller fleste grunnane oppdagar du først når du sjølv er elev på skulen. Du finn dei i møte med deg sjølv. I møte med dei andre. Og i møte med naturen.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 129 400,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom eller enkeltrom)
  • Bad på rommet
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Skiveke i Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Majestetisk vandring på Stadlandet
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Nordfjordfjella
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Valfrie prosjektveker - Minivintertur med topptur
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 129 400,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 129 400,-
(12 940,- per måned)
Du betaler månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Byungdom strømmer til bygda for å gå på folkehøgskole

Storslått natur, fjell og fjord lokker. Det samme gjør lysten til å oppleve livet på bygda. Stadig flere byungdom flytter til mindre steder for å ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Friluftsliv Explore

Molde Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Friluftsliv

Nordmøre Folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Natur og Friluftsliv

Harstad Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Arktis - Svalbard

Alta folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv - Idrett

Fredly Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Eksotisk friluftsliv - Karibien

Valdres folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv Lofoten

Lofoten folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Multisport

Sunnmøre Folkehøgskule
Ledig plass
HeilårskursKristen

Friluftsliv LETT

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Arktisk selvberging - Urfolk

Pasvik Folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursFrilynt

Ski og Klatring

Nordvestlandet folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Idrett & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
Ledig plass
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt