Til hovedinnhold

Friluftsliv / Ski

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 23.08.2025
  • Pris: fra 159 950,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Gloppen
  • Studietur: Bibel og surf, Elvepadling, Førestilling og korveke, Surfing i Hoddevika, Fridykking, Gloppen er toppen, Fyrvandring/kyst og kultur, Jaktveke i Høyanger, Fellestur Flåm, Finse og Aurland, Segltur med Statsraad Lehmkuhl, Skiveke i Myrkdalen, Majestetisk vandring på Stadlandet, Vintertur i Nordfjordfjella, Toppturveke, Valfrie prosjektveker, Kite på snø, Ski på Sunnmøre, Vintertur med topptur
Fart, spenning, nye opplevingar og sterkt fellesskap. Turar på heile vestlandet, med ikoniske toppar, fine nedkøyringar og nypreppa snø. Film og foto på tur. Der den beste snøen er, finn du oss!

Det handlar om å vere der når det skjer. Når snøen dalar lett i fjellet på seinhausten og årets første spor blir lagt. Eller når det dumpar i skianlegga på Vestlandet midtvinters. Og når slushen i Jotunheimen er perfekt litt utpå vårenVi søker alltid etter den gode snøen, og hiv alt anna når skiføret er godt 
Gjennom vinteren prioriterar vi skiheis for å få kjørt mest mogleg på ski. På hausten brukar vi tida på å førebu oss mot vinteren med blant anna heisbasert stisykling, turn, ski-spesifikk trening. I tillegg skal du få lære korleis du lager din eigen skifilm.

 

Innhald:

  • 10 dagar alpetur
  • 12 dagar skianlegg
  • Alpint trinn 1 kurs
  • 5 dagar topptur
  • 4-5 dagar pudderjakt i Norge
  • 5 dagar ski og segl på Sunnmøre
  • 3 dagar basecamp og ski i Jotunheimen
  • 5 dagar stisykling i nærområdet og Nesbyen
  • 2 dagar heisbasert stisykling i Hafjell
  • 3 dagar skikøyring på Galdhøpiggen skisenter
  • 2 dagar brekurs for skikøyrarar
  • 2 dagar turn og akrobatikk
  • 2 dagar kurs i film og redigering
  • 3 dagar elvepadling
  • 2 dagar surfing
  • 5 dagar skredkurs
  • 3 dagar kokelagstur
  • 2 dagar førstehjelpskurs
  • 1 dag Via Ferrata
  • 3 dagar felles topptur
  • 5 dagar Vestlandsfavoritter - felles skuletur til Flåm, Finse, Aurland og Utladalen
  • 5 dagar skiveke i Hemsedal
  • 3 dagar pilgrimsvandring

 

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/ski

 

Alle våre linjer passar for dei som er interesserte i å lære om friluftsliv og ulike aktivitetar i naturen.

Dette vil du lære

Sjå meir tekst på linjesida på friluftslivskulen.no

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du er villeg til å lære, vil bruke dine ressursar og erfaringar, og vil spele på lag med både tilsette og elevar på skulen.

Erlend Aunevik

Friluftslivlærar

Erlend er eit multitalent. Og dette multitalentet utfaldar seg spesielt innan ski, klatring, elvepadling og surfing. I tillegg er han ein skikkeleg gram-jeger, som nektar å bære på tungt utstyr. Han vil heller hakke tenner ei heil natt i den superlette soveposen sin, enn å bære på ein vanleg sovepose som andre folk.
 
Erlend har studert geografi, RLE, historie og friluftsliv.
 

Epost: erlend@friluftslivskulen.no
Telefon: 99506457

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓

Skulerute

Les meir på friluftslivskulen.no

Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Vi gjer oppmerksom på at valfagstilbodet kan variere noko frå år til år, avhengig av elevinteresse og talet på påmelde til dei enkelte faga.

Bibel og ball

Hallidrett og bibellesing i skjønn foreining med idrettsutdanna teolog.

Bistand

Vi jobbar i lag med korleis vi kan samla inn gode pengar til sjukehuset i Okhaldhunga.

Buldring

Vi har ein 250 m2 stor innandørs klatrevegg og her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Pris: 900,-

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen. Eksamensgebyr på omlag kr. 900,-

CrossFit

Pris: 500,-

Crossfit/Functional fitness inspirert trening i skulens eigen boks. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Fotball

Pris: 100,-

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, du får lære om og prøve turfoto/actionfoto og redigering.

Fridykking

Pris: 3 000,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke. Inkl. leige utstyr og kurs.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 1 200,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Pris: 600,-

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Pris: 300,-

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva. Eksamenavgift er kr. 350,-

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Kite/toppturveke

Pris: 2 500,-

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar. Vi reiser dit vinden bles.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 300,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Mat i det fri

Pris: 350,-

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun. Og vi lager sjølvsagt to retters middag kvar gong!

Motorsagkurs

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Støtta av skogbrukarlaget.

Norskundervisning

Pris: 400,-

Basic Norwegian. Both oral and written. Class will be held in the afternoon.

Ordets skole

Redesign

Kurs i omsying av kle eller å laga noko heilt nytt av gjenbruksmaterialler. Samarbeid med lokal gjenbruksbutikk www.upscaledesign.no

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 1 200,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Surf

Pris: 1 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Surfeveke

Pris: 3 000,-

Vi reiser til Hoddevika og surfar.

Terrengsykling

Pris: 750,-

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar. Pris er for leige av sykkel.

Terrengsykling og stibygging

Pris: 1 000,-

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur

Pris: 400,-

Vi går toppturar på ski i området til skulen. Godt skiterreng rett utanom døra ventar deg.

Topptur/kite

Pris: 800,-

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Pris: 400,-

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Pris: 400,-

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Trearbeid og keramikk

Vi nyttar sløyden til å lage nyttige ting av tre. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Trening og tur

Ulike formar for trening og tur. Ei heil veke med variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Det er her det skjer. Ikkje midt i det største lyskrysset i landet, eller i den største folkevrimmelen. Nei, det er her det skjer.

Her som fjella reiser seg frå dei grøne markane, der fjorden blenkjer mot deg i haustsola og der himmelen over deg er mørk nok til å kunne sjå stjernene på vinteren.

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 159 950,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Fellestur Flåm, Finse og Aurland
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Myrkdalen
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Majestetisk vandring på Stadlandet
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Nordfjordfjella
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 159 950,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • Inkl. i prisen
  • Inkl. i prisen
  • Inkl. i prisen

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 159 950,-
(15 995,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller om du lurer på om vi kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

- Det gir meg så mye å se elevenes glede over opplevelsene man får i naturen

Lars Anders har vært både elev og stipendiat på Nordfjord folkehøgskule. Nå er han lærer i friluftsliv og deler store og små naturopplevelser med elevene sine.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Pudder Surf - Japan

Nordvestlandet folkehøgskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Ski og klatring

Lofoten folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Musikk Ski Snowboard

Toten folkehøgskole
Helårskurs A
Frilynt

Friluft / Lux

Helgeland Folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Switch - park & pudder -Geilo Hemsedal Østerrike

Hallingdal Folkehøgskole
Helårskurs
19 t/uke
Frilynt

Snowboard/Freeski

Elverum folkehøgskole
Helårskurs
16 t/uke
Frilynt

Ski og klatring

Sogndal folkehøgskule
Helårskurs
20 t/uke
Frilynt

Freeride Canada & Portugal

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Ski og snowboard | Trysil, franske alper, Tenerife

Ringebu Folkehøgskole
Helårskurs
13 t/uke
Frilynt

X-Sport - Portugal, Lombok & Bali

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
20 t/uke
Kristen

Frikjøring

Alta folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Ski Sykkel Surf

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Friluftsliv / Ski og surf

Nordfjord folkehøgskule
Helårskurs
20 t/uke
Kristen

Skatelinja - Japan og Barcelona

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
12 t/uke
Frilynt