Til hovedinnhold

Friluftsliv/Fjellsport er linja for deg som vil ha ei bratt læringskurve. I tillegg til mykje klatring blir det mellom anna terrengsykling, elvepadling, skikøyring og surfing.

EIT ÅR MED UTSIKT
Fjell treng folk - og folk treng fjell. Difor skal vi vere i fjella. Dei bryr seg slett ikkje om du er fersk eller erfaren. Vi skal klyve og klatre. Sykle stiane og padle elvane. Teste grenser og likevel vere trygge. Smile breitt frå toppen av klatreruta. Nyte vinterdagane med ski på beina. Sette svingar i urørt snø. Tenne bål og oppleve stilla ved foten av fjellet.

Vi skal gløyme tida. Vi skal opp.

FAKTA

Buldretur til Frankrike 12 dagar
Skiveke/Høgrute over bre og fjell 5 dagar
Tinderangling 5 dagar
Brekurs 3 dagar
Segltur med Statsraad Lehmkuhl (fellestur) 5 dagar
Skiveke i Hemsedal (fellestur) 5 dagar
Sportsklatring 5 dagar
Kiting 3 dagar
Skikjøring i anlegg 3 dagar
Isklatring 3 dagar
Topptur 3 dagar
Elvepadling 3 dagar
Buldring 3 dagar
Fjelløping 2 dagar
Innføringskurs naturleg klatring 3 dagar
Bolting 2 dagar
Surfing 3 dagar
Terrengsykling 2 dagar
Vandretur på hausten 3 dagar
Kokelagstur 3 dagar
Førstehjelpskurs 2 dagar
Skredkurs 3 dagar
Felles snøholetur 3 dagar
Åleinenatt 2 dagar
Pilegrimsvandring 3 dagar

 

Les meir om linja på vår heimeside: friluftslivskulen.no/fjellsport

Alle våre linjer passar for dei som er interesserte i å lære om friluftsliv og ulike aktivitetar i naturen.

Dette vil du lære

Sjå meir tekst på linjesida på friluftslivskulen.no

Våre forventninger til deg

Vi forventar at du er villeg til å lære, vil bruke dine ressursar og erfaringar, og vil spele på lag med både tilsette og elevar på skulen.

Studietur: Interrail til Fontainebleau i Frankrike

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 12 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Når høstkulda kjem til Vereide sett vi oss på tog med retning mot Frankrike. Der oppsøker vi buldring i verdensklasse. Det vil bli ein tur med mykje læring, gode venner, togbytter i høgt tempo, støle armar, slitne klatresko, meistringsopplevingar og morsomme minner.

Studietur: Høgrute over bre og fjell

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

På våren tek vi turen gjennom av det finaste skiterrenget i landet. Vi kryssar bre, fjell og fjord i jakta på den beste snøen. Mellom fjella nyt vi god mat og mjuke senger på hytter.

Studietur: Innføringskurs i naturlige sikringar

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Etter å ha ha blitt trygg på å klatre på bolt og buldre, er det på tide med ei innføring i korleis ein kan sette sine eigne sikringar. Det blir også ein introduksjon i korleis ein klatrar fleire taulengder, og korleis ein gjer rappell over fleire taulengder.

Fyrvandring/kyst og kultur

Pris: 1 000

Kysten og havet er fylt av store kontrastar. Frå blikkstilt hav og sol i luggen til bølgesprut og storm i sydvesten. I dette landskapet har menneske levd i lange tider og etterlatt seg mykje kultur og historie. Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane. 

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 900

Jakt på hjort. Vi bur i flotte jakthytter rett ved sjøen.

Ski på Sunnmøre

Pris: 2 500

Vi drar til Sunnmøre og bor midt i smørøyet mellom topper, langrennsløyper og skitrekk. Strandafjellet ligger likeved, og blir det oppkjørt der, kan vi trekke til et mindre lokalt anlegg, Fjellsetra. Toppene når vi med feller under skia og er du mer opptatt av god glid, blir langrennsløypene stadig tråkket. Dette blir ei uke med god stemning og mulighet for å oppleve Sunnmøre på sitt beste. Vi håper pudderalarmen går!

Vintertur med topptur

Pris: Inkludert i linjepris

Vintertur kombinert med toppturar. To netter i telt (dei andre dagane bur du på skulen). Turområde blir i Gloppen eller i ei av nabokommunane. Det kan bli basecamp i Jølster med toppturar eller overnatting i Svatebotn ved Myklebustbreen og dersom vêrforholda tillet det, kan det blir tur på Snønipa.

Surfing i Hoddevika

Pris: 3 000

Hoddevika byr på god surf, fantastisk natur og god stemning. Denne veka skal vi oppleve alt kva Hoddevika har å by på. I tillegg til mykje viking surf i friskt norsk hav skal vi lære meir om å lese bølgjevarsel, forstå korleis bølgjer dannast og kva for forhold me ynskjer. På kveldstid vert det god tid til å få att varmen under eit pledd i sofaen med gitar og sjarmerande allsong.     

Segltur med Statsraad Lehmkuhl

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Har du lyst til å stå til rors på eit hundre meter langt seglskip, eller klatre i riggen 40 meter over bølgjene? Dette blir berre nokre av ingrediensane når vi legg ut på tokt med Statsraad Lehmkuhl. Gled deg til flotte døgn som manskap ombord på verdas største tremasta bark.

Å reise med Statsraad Lehmkuhl er ikkje ein skuletur der målet er det viktigaste. Det er å reise på ein måte som som spelar på lag med naturen. Og der opplevingane og felleskapet på seglturen vil gjere dette til ein tur du aldri gløymer. Undervegs er vi mannskap om bord, og lærer vi mykje om segling, tauverk, navigasjon og livet på sjøen. Og så blir vi betre kjent med kvarandre. Det kan kome godt med resten av året.  

I løpet av året har vi tre felles skuleturar der alle elevane er med. Dette toktet er den første fellesturen, og denne går av stabelen i september.

Skiveke i Hemsedal

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 5 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Tidleg i vintersesongen køyrer vi over fjellet til Hemsedal for å utvikle skiteknikken. Du vil få instruksjon på ditt nivå, anten du er heilt fersk eller har erfaring frå før.
Med desse skidagane i beina ligg alt til rette for fantastiske toppturar og djupe pudderdagar resten av sesongen!

Majestetisk vandring på Stadlandet

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Ei magisk vandring heilt ute ved havet, med storslått utsikt, er ei mektig oppleving. Vi går heile skulen, frå sandstranda, opp på toppane og kikkar ut på storhavet. Ein pilgrimsvandring, så langt vest du kjem, med folk du har blitt glade i og folk du har delt mange flotte opplevingar med. Den perfekte avslutninga på året.

Vintertur i Nordfjordfjella

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Vi utnyttar vinterfjellet i bakgården og dreg saman på tur for å lære grunnleggande ferdigheiter som overnatting, ferdsel og trivsel i snøen. Du vil til dømes lære å lage snøhole, iglo og kantgrop, og du får overnatte i desse.
Når mørket senkar seg og stjernehimmelen tittar fram, samlast vi rundt bålet for kveldssamling og hygge.

Toppturveke

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 3 dagar

Måltider pr dag inkludert: 4

Med høge fjell og djup snø er Vestlandet eit mekka for skientusiastar. Feller under skia gjer desse snødekte fjella tilgjengelige for leiken skikøyring. Me pakkar med oss telt for å kunne bu midt i smørauget, og det er her oppturen startar. Opp, opp, mot stadig flottare utsikt, før nedturen i djup pudder blir ein vel så stor opptur.

Valfrie prosjektveker

Obligatorisk: Nei

Pris: Inkludert i linjepris

Du får fordjupe deg i eit tema, ein aktivitet eller eit prosjekt, du kan kalle det ei valfagveke. Vi har prosjektveker i november, desember og mars. Du finn fullstendifg oversikt over alle prosjekta på vår eiga heimeside: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt/

Asbjørn Klakeg Forland

Friluftslivlærar

Epost: asbjorn@friluftslivskulen.no
Telefon: 48001277

Erlend Aunevik

Friluftslivlærar

Erlend er eit multitalent. Og dette multitalentet utfaldar seg spesielt innan ski, klatring, elvepadling og surfing. I tillegg er han ein skikkeleg gram-jeger, som nektar å bære på tungt utstyr. Han vil heller hakke tenner ei heil natt i den superlette soveposen sin, enn å bære på ein vanleg sovepose som andre folk.
 
Erlend har studert geografi, RLE, historie og friluftsliv.
 

Epost: erlend@friluftslivskulen.no
Telefon: 99506457

Vekene på Nordfjord folkehøgskule er veldig ulike. Nokre veker har du undervisning og tur med linja heile veka, andre veker er du mest på skulen. Ei veke kan sjå slik ut:

  • Måndag: Internatmøte. Rydde- og vasketid. Lunsj. Allmøte. Linjetime. Valfag.
  • Tysdag: Ord for dagen. Valfag.
  • Onsdag-fredag: Linjedagar/tur.
  • Laurdag: Seminar + elevkveld.
  • Søndag: Fri

På ettermiddagane/kveldane har du fri.

Last ned timeplan som pdf ↓

Skulerute 2023/2024

  • 19. august - Opningsfest
  • 15 -17. september - Frihelg
  • 6. - 15. oktober - Haustferie
  • 28 oktober - 100års jubileum
  • 3.-5 november - Frihelg
  • 18. november - Familiedag
  • 18. desember - Julefest
  • 19. desember - Juleferie
  • 4. januar - Første skuledag etter jul
  • 27. – 29. januar  - Frihelg
  • 16. - 25. februar -Vinterferie
  • 23. mars - 1. april - Påskeferie
  • 4. mai - Avslutningsfest
  • 8. mai - Siste skuledag

Les meir på friluftslivskulen.no

Du får fem valfag i løpet av skuleåret. Måndagsvalfag er på to timar, medan på tysdagane går valfaga frå frukost til middag. I tillegg til valfag kan du velje mellom mange prosjekt som går over ei eller to veker, les om prosjektvekene på: https://friluftslivskulen.no/valfag-og-prosjekt

Barmarkstrening

Skisesongen kjem fortare enn du anar, og då gjeld det å vere klar. Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke, og erfare korleis det kjennes på kroppen.

Basistrening

Her skal vi lære litt om trening, både uthald og styrke. Vi erfarer korleis det kjennest på kroppen. Dette er valfaget for deg som ikkje er redd for å bli våt, skiten og sliten!

Buldring

På skulen har vi ein 250 kvadratmeter stor innandørs klatrevegg. Her vert det mykje buldring og litt skruing av ruter.

Båtførarkurs

Er båten over 8 meter og/eller har 25HK eller meir, må du ha båtførarbevis. I dette faget får du undervisninga du treng, og du får ta eksamen.

Din tur

I løpet av hausten kan du planlegge og gjennomføre din eigen tur, åleine eller i ei gruppe. I samarbeid med lærar finn du turmål, og lagar gode planar. Og så gjennomfører du turen, stolt og glad!

Ekspedisjonstrening

Å bygge kroppen om til ei uthaldande maskin er ikkje gjort over natta! Vi skal dra tunge ting, springe bratte bakkar og pushe kvarandre til å gje alt - kvar gong. Du blir rusta til tøffe turar.

Fjelljibbing

Vi går på topptur, eller finn oss fine plassar for å lage hopp eller leike på ski. Førebu deg på knall og fall og mykje moro. Alle typar ski er ok!

Fjelltur

I dette valfaget går vi på dei fine fjelltoppane rundt skulen. Nyt den lokale utsikta! Om det er snø i høgda, brukar vi eit lågare terreng. Undervegs på turane får du øve på bruk av kart og kompass.

Fotball

Fotballtrening ute. Vi reiser til Sandane der vi har tilgang til stort treningsfelt, og der vi også kan leige kunstgrasbana. I desember har vi to lag med i ei folkehøgskuleturnering mellom 6 skular.

Fotografi

Gjennom eit år på Nordfjord har du unike høve til å ta flotte bilete. I dette faget får du grunnleggande kunnskap om teknikk og komposisjon, og du får lære om og prøve turfoto/actionfoto.

Fridykking

Pris: 1 200,-

Fridykking er ei form for dykking i vatn, der du berre brukar den lufta du har i lungene, utan bruk av utstyr for pusting. Tur til kysten eller Norangsdalen for å dykke.

Fyrvandring, kyst og kultur

Pris: 900,-

Denne veka skal me ut å sjå og bu i fyr langs kysten, gå turar, lage god mat og få oppleve noko av livet til fyrbøtarane.

Gitar

Er du så å seie blank på gitarspeling, men har lyst til å lære? Då har du sjansen no. Ta med gitar!

Golf

Pris: 1 000,-

Her vil du få lære grunnleggjande teknikk, reglar og korleis ein skal opptre på golfbana. Kurset er praktisk retta og vil i stor grad haldast ute på treningsfeltet/bana.

Handverksdagar: tre og keramikk

Du kan velje handverk som fag ei heil veke. Då kan du drive med smiing eller trearbeid, og om du vil kan du lage ditt eige longboard.

Havkajakk grunnkurs

Vi skal gjennomføre eit kurs som heiter "Grunnkurs hav". Dette er grunnleggande opplæring i padleteknikk og sikkerhet på havet. Du får Våttkort frå Norges Padleforbund.

Heilt grøn

Pris: 200,-

Vi skal tenke grøne tankar og lære nye triks for å kunne være litt meir miljøvenleg i kvardagen. Vi skal lage såpe av m.a. kaffigrut, lage verdens beste salve, resirkulere papir og lage sunt snop.

Hybelkokken

Korleis overleve på studentøkonomi langt vekke fra kjøkkenskapet heime? Her lærer du korleis du kan lage enkle, raske og gode rettar - utan å tømme lommeboka fullstendig.

Jaktveke i Høyanger

Pris: 1 700,-

Jakt på hjort i svært godt terreng. Vi bur i flotte jakthytter og lever det beste jegerlivet.

Jegerprøve

Eit praktisk og teoretisk kurs der du får tatt jegerprøva.

Jegerprøve og kystveke

Pris: 1 400,-

Teoretisk og praktisk jegerprøvekurs, du blir klar for små-og storviltjakt (for å gå på storviltjakt må ein i tillegg skyte den obligatoriske jaktprøven). Tur til kysten, fisking, seglebåt og god mat!

Julebakst og tradisjonsmat

Vi bakar lefser, gjærbakst, småkaker og julegodt. Avsluttar med fin julelunsj siste dagen.

Kite/toppturveke

Om du vil, og vêr og vind oppfører seg, blir det ei veke med kiting. Du får lære å bruke vind, kite og ski til å få fantastiske naturopplevingar.

Klatring

Lurer du på om klatring er noko for deg? Her får du prøve, og du treng ikkje ha erfaring. Vi reiser til Sageflåten og til klatrehallen på Sandane. Du kan ta brattkort-test i løpet av valfaget.

Klatring i hallar + isklatring

Pris: 1 050,-

Du får muligheten til å prøve deg på klatring, og det krever ingen tidlegare erfaring. Klatring i ulike hallar. Kanskje blir det ein tur til Hemsedal og isklatring.

Kniv og slire

I dette faget lærer du å lage skaft til eit ferdig knivblad. I tillegg lagar du slire til kniven, og lærer overflatebehandling av både skaft og slire.

Kråssbu

Allsidig trening er her eit stikkord. Vi skal lære teknikk, løfte vekter, svette, puste og nyte følelsen av ei intens og kjekk treningsøkt.

Langrenn

For deg som vil gå i Odd-Bjørn Hjelmeset sine skispor! Du lærer klassisk langrennsteknikk gjennom både øvingar og leik. Faget er for alle uansett erfaring.

Longboard

På sløyden kan du lage ditt eige longboard! Designet lagar du sjølv.

Mat i det fri

Lær å lage god mat på bål. Du får lære ulike teknikkar, alt frå mat på steinhelle til heilgrilling av kalkun.

Motorsagkurs og stibygging

Pris: 1 200,-

Kursdeltaker får opplæring i sikker felle- og kvisteteknikker. Sikkerhet og sikkerhetsregler. Deltakerne får innblikk i et aktuelt hogstopplegg. Andre uka blir det fokus på stibygging.

Revy

I løpet av to veker lagar vi revy! Og du kan plutseleg ha ei hovudrolle, bli låtskrivar, vere musikar, ordne med kostyme og sminke eller synge på scena.

Revyplanlegging

Kvart år lagar vi vår eigen Nordfjord-revy. I revyplanlegging valfag får du vere med å forme revyen, ved å jobbe fram tema og innhald.

Skiinstruksjon/topptur

Du får instruksjon i telemark/alpint. Vi reiser til skianlegg i Nordfjord: Harpefossen og Stryn. Om det er mykje betre forhold i fjellet, går vi på topptur i staden.

Smiing

I smia får du lage bruksting og pynteting av glødande og kaldt materiale (jarn): Lysestakar, lampettar, rammer, beslag. Du lærer å lage knivblad, og du lærer krøllsmiing.

Sport og spel

Pris: 900,-

Prøvar mange ulike sportar og aktivitetar som fotball, volleyball, badminton, squash. golf og disc-golf er blant aktivitetane vi kan komme innom.

Strikking

Dette faget kan du velje uansett om du er heilt nybegynnar eller om du har strikka litt før. Du lærer grunnleggande teknikkar, og å følgje eit mønster.

Surfmix

Pris: 3 000,-

Det blir surferelatert trening og aktivitetar i fjorden, kanskje ein tur til skatehall og sy din eigen skifteponcho. Turen går til Hoddevika for å surfe.

Terrengsykling

Vi syklar på grusvegar og fine stiar i nærområdet. Artige nedkøyringar og litt tunge oppoverbakkar.

Terrengsykling og stibygging

Vi syklar i skog og på fjell, og vi lagar og utbetrar sykkelstiar. Er det snøfritt, får vi nokre turar litt opp i høgda. Kan vere litt slitsomt, men viss du er motivert får vi det veldig artig!

Topptur/kite

Dette er for deg som vil lære å utnytte vinden med kite. Vi reiser dit der er snø og god vind. Om vinden avtar brukar vi beina, skia og fellene og går til toppen.

Topptur/skred

Eit fag for deg som vil lære meir om skredfare, skredvarsling og korleis gjere trygge vegval på tur.

Topptur/turleiing

Toppturar på ski. Målet er at du skal bli flinkare til å leie andre på tur. Vi roterer i gruppa slik at alle får god trening i å leie kvarandre og ta ansvar på tur.

Toving og keramikk

Ull-arbeid med både toving og nålefilting. Vi kan lage bruksting som sitjeunderlag, vottar, tøfler eller biletkunst. På keramikken brukar vi ulike teknikkar, du får også prøve dreiing og glasering.

Trearbeid

På sløyden kan du lage bruksting og pynteting som små møblar (små kister/skrin og skap), dreie skåler, lage tine og matboks. Du får prøve å dekorere med enkel treskjæring/karveskurd.

Treningsleir

Pris: 200,-

Ulike formar for trening og aktivitet. Ei heil veke med stor variasjon, svette og moro. Det blir uthald i form av løping og spinning. Styrke med og utan kroppsvekt, og crossbu-trening.

Utstyrslaging

Her får du sy dine eigne turklede. Kanskje du treng fotposar, vindvottar eller ein ny anorakk. Vi har mykje flott stoff og utstyr frå Norrøna, så du kan lage verkeleg flotte plagg og godt utstyr.

Det er her det skjer. Ikkje midt i det største lyskrysset i landet, eller i den største folkevrimmelen. Nei, det er her det skjer.

Her som fjella reiser seg frå dei grøne markane, der fjorden blenkjer mot deg i haustsola og der himmelen over deg er mørk nok til å kunne sjå stjernene på vinteren.

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 141 750,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom eller enkeltrom)
  • Bad på rommet
  • Bad på gangen
  • Årskort til bade- og treningsanlegg
  • Fulldempa terrengsyklar (linjedagar)
  • Studietur: Segltur med Statsraad Lehmkuhl
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Skiveke i Hemsedal
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Majestetisk vandring på Stadlandet
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Vintertur i Nordfjordfjella
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Toppturveke
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Valfrie prosjektveker
  • Studietur: Interrail til Fontainebleau i Frankrike
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Høgrute over bre og fjell
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Innføringskurs i naturlige sikringar
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 141 750,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

  • 1 000,-
  • Inkl. i prisen

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 141 750,-
(14 175,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Ta kontakt med oss i god tid om du har behov for tilpasningar, eller om du lurer på om vi kan tilrettelegge for deg.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Nora Staff Vågseth

Det morsomste med klatring, var å overvinne frykten for høyder, og å føle stor progresjon på kort tid, dette gav meg selvtillit. Etter hvert økte gleden og lysten til å prøve nye, vanskeligere ruter.

Frå bloggen

Masterstudent Rebekka anbefaler folkehøgskole før studier

– Alle sier folkehøgskole er utrolig, men man skjønner det ikke før man drar dit selv, sier Rebekka Alve (21) fra Oslo, et år etter ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Fjellklatring og bratt uteliv

Setesdal Folkehøgskule
Heilårskurs16 t/ukeFrilynt

Bratt - klatring, buldring og stisykkel

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Klatring og alpint friluftsliv

Lofoten folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Klatring - Bre, Fjell & Vann

Folkehøgskolen Nord-Norge
Heilårskurs24 t/ukeKristen

Musikk & Friluftsliv

Voss folkehøgskule
Få ledige plasser
HeilårskursFrilynt

Ski og klatring - Himalaya

Nordvestlandet folkehøgskole
Heilårskurs18 t/ukeKristen

Klatring, dykk og surf

Kristiansand folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Friluftsliv Ekstremsport

Sagavoll folkehøgskole
Heilårskurs12 t/ukeKristen

Friluftsliv

Nordmøre Folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

REIS Outdoor Adventure

Ålesund Folkehøgskole
HeilårskursKristen

Multisport

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Friluftsliv Camp Vestland

Sunnfjord Folkehøgskule
Kontakt skulen
Heilårskurs14 t/ukeKristen