- Fjordane folkehøgskule
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: Brighton og London - Musikal West End
- Studietur for skulen: Strandryddeseilas , Fjord Explore, Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik, Vintertur til Stigedalen
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Stad kommune
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 126 250,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
- Følg linja på Youtube
Velkomen til eit år som gjer draumar til verkelegheit! Enten din draum er å bli trygg på ei scene eller du drøymer om å bli utøvar i West End, så har vi kompetansen til å hjelpe deg å nå målet
for deg som elskar å stå på scena! Kanskje du ser ei framtid med vidare utdanning innan utøvande scenekunst? Det er også linja for deg som aldri har framført noko på ei scene, men som har veldig lyst å prøve! Musikal West End gir deg ei innføring i heile scenekunst-registeret og du får fordjupe deg i både song/vokal, dans og drama.
Mykje av det du likar best
I løpet av eit år på Musikal West End får du undervisning i mange spennande linjefag:
- Songteknikk
Du lærer å synge på ein trygg måte. Vi går gjennom byggesteinane for song: pust, produksjon, filter/artikulatorar, med meir. I byrjinga vil vi jobbe i fellesskap, med moglegheit for individuelle songtimar etter dei første vekene. - Danseteknikk
Vi jobbar teknisk med ulike dansestilar som ballett, jazz og Musical Theatre (MT). - Fysisk teater og ensemble
Du lærer du å fortelje historier med kroppen på ein ny måte. Vi jobbar med ensembleøvingar (gruppe) og lærer om korleis vi kan jobbe saman som ei samanhengande gruppe. - Tekst og skodespelarteknikk
Du lærer skodespelarteknikkar og måtar å jobbe med tekst på. Vi går gjennom dei klassiske teknikkane som mellom anna Stanislavski, Meisner og Chekov. Seinare i året vil vi også jobbe mykje med korleis vi skal tilnærme oss monologar/duologar og jobbe med auditionmateriale for deg som ønsker å søke deg vidare på utdanning innan scenekunst. - Stemmebruk for scene
Vi jobbar med snakke-stemma vår. Vi brukar mykje tid på pusteteknikkar og avspenning slik at vi kan få ei klar, uanstrengt stemme som held ut på scena og når ut til publikum. - Ensemble-song
Vi lærer å synge saman. Vi jobbar med harmoniar, dynamikk og stilartar, og bygger opp materiale som kan framførast. Acting Through Song Vi jobbar med å formidle ei forteljing gjennom song. Vi kombinerer skodespelarteknikkar med songteknikkar, og lagar ei heilskapleg oppleving for publikum.
Å bli kjend med seg sjølv og andre
Å gå på folkehøgskule betyr for mange å få nye vener, oppleve nye ting og kanskje lære noko heilt nytt. På Musikal West End handlar det også mykje om å bli kjend med seg sjølv og kven ein er, samt finne ut korleis ein fungerer saman med andre i kreative prosessar. Vi samarbeider også med andre linjer på skulen når vi lagar oppsetjingar og framføringar, eller når vi skal lage portefolio som du kan bruke i mellom anna søknader til vidare studiar.
Internasjonalt samarbeid
Fjordane Folkehøgskule har oppretta eit samarbeid med Institute For Contemporary Theatre i Brighton. Dette samarbeidet gir unik tilgang til West End og scenekunstindustrien i England.
Les meir: fjordane.fhs.no