Til hovedinnhold

Ei variert og innhaldsrik linje for deg med ambisjonar om å konkurrere i sprang, dressur, køyring eller feltritt etter ønske. Undervisninga blir tilpassa ditt nivå. Ta gjerne med din eigen hest.

Denne linja er for deg som ønsker å satse på riding og køyring.

Satsar du på å delta på NM Fjordhest? Hos oss kan du og hesten din spisse formen fram mot NM. Vi har brei kompetanse og erfaring på å få ekvipasjar klare for Fjordhest NM.

Har du solid bakgrunn i riding eller køyring, og ønsker du kanskje å fokusere meir på dette enn det ein får på Hest Allround? I ridinga vil du få utvikle ferdighetane dine ekstra i både sprang og dressur. Vi fokuserer på at både du og hesten skal få allsidig trening, og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/ kusken sin innverknad på hesten. Vi samarbeider med den lokale rideklubben om å arrangere stevner i løpet av året, samt at vi reiser rundt på stevner i nærområdet.

Vi har også valfag som er retta mot hest. Du kan velje mellom sprangriding, tømmekøyring, køyring og prosjekthest, der får du moglegheita til å fordjupe deg meir i det du ønsker å fokusere på med hesten din.

Har du ikkje med din eigen hest er det ikkje noko problem. Du får då bruke ein av dei flinke skulehestane våre som går LB/LA med øvelsar til MB i dressur, middels kjøring, 80-90 cm baner i sprang og feltritt.

Vi har besøk av spesialistar innan tannhelse, kiropraktikk og saltilpasning.

I køyresport får du trene på konkurransekøyring i form av dressurkøyring, presisjonskøyring mellom postar og kjegler, og maratonkøyring.

Få meir informasjon om linja på: fjordane.fhs.no - Hest Ride- og køyresport.

Du som vil ut og starte konkurransar, og har ein del erfaring frå tidlegere. Du bør meistre hesten i skritt, trav og galopp.

Dette vil du lære

  • Dressur
  • Sprang
  • Feltritt
  • Konkurransekøyring (dressur/presisjon/maraton)
  • Longering og tømmekøyring
  • Utstyrslære
  • Hovpleie
  • Veterinærfag

Obligatorisk: Nei

Pris: 13 000

Måltider pr dag inkludert: 2

Ri på vakre og dyktige hestar

Drøymer du om å sitte på ein flott Lusitano som dansar avgårde i ein perfekt passage? Vi reiser til ein førsteklasses rideskule i Portugal. Her får du moglegheita til å prøve på alt i frå dressuren si grunnriding til dei meir avanserte passager og piaff. Uansett kva nivå du er på, vil kombinasjonane av desse vakre, høgt utdanna hestane, og den høge kvaliteten på undervisninga gjere at du utviklar dressurkunnskapane dine.

Opplev spennande Lisboa

Vi skal også nyte nokre dagar i Lisboa som er hovudstad i Portugal. Her kan du oppleve ein by som er ein av dei eldste i Europa. Lisboa er karakteristisk med bratte bakkar, der det også går trikkar som ein kan følgje. Hostellet vi bur på er ei vakker bygning som tidlegare var den sveitsiske ambassaden.

I Lisboa kan du besøke den lange stranda og bydelen Alfama langs vatnet som deler Lisboa i to,  med storbyen Almada på andre sida av brua. Det er mykje å oppleve i Lisboa.

Vi kan ta ein tur på det gamle slottet Castelo de Sao Jorge, eller vandre i gatene i den eldre bydelen Belem.  Er vi der på riktig dag i veka har vi også moglegheita til å ta ein tur på Thieves Market, ein stor kjent loppemarknad.

Strandryddeseilas

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-3 dagar

Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet. 

Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap. 

Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv! 

På strandryddeseilaset kan du oppleve: 

  • Vere med og rydde strendene for plast og søppel
  • Sette garn og krabbeteiner
  • Fiske 
  • Lage mat av sjølvfanga råvarer
  • Segle med Loyal
  • Småturar til lands og til vanns

Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!

Fjord Explore

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Spennande utforskingstur i maritimt fjordmiljø. Krokpollen ligg i ei lita bortgøymd bukt, veglaus, så hit må du gå ein liten tur i skogen eller kome sjøvegen. På denne turen står sjøaktivitetar i fokus. Bading, fisking, roing og padling, segling på fjorden så du får ro i sjela eller adrenalinkick på tube bak motorbåt. Du får ete di eiga nykokte krabbe, vere med på allsong og trekkspel i ustemt harmoni ut på kvelden, flytande bålplass, sove i hengekøye, telt eller innandørs.

Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet, noko som er ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du gle deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.

Vintertur til Stigedalen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat. 

  • Skulestart: 26.08.23
  • September: Fellesturar til Hoddevik og Krokpollen
  • Frihelg: 16.09-18.09
  • Haustferie: fom. 06.10. kl.13-15.10. (v.41)
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 11.11.-13.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul i Stallen"
  • Juleferie: 20.12. kl.13 - 02.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Frihelg: 27.01.-28.01.
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 16.02. kl.13-25.02. (v.8)
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie: 22.03 kl.13-02.04. 
  • Avslutning: 04.05.
  • Heim:11.05.24

Du må ha minst 2 valfag, men kan velge så mange som du vil. Valfaga varierer i lengde frå 1-2 timar pr. veke.

Aerobic

Ein veldig kjekk måte å komme i bedre form på! Her kan alle som vil bli med og svette litt.

Band

Bli med i skulen sitt elevband! Dersom du er musikkinteressert, eller vil lære meir om å spele eit instrument er dette valfaget for deg.

Blankvåpen

Trening i bruk av øks, sverd og skjold med meir.

Elevstyrte valfag

Mange av studentane våre er ressurssterke på område som gjer at dei kan brukast som leiarar og lærarar for andre studentar på skulen. Dette kallar vi elevstyrte valfag eller elevstyrte aktivitetar. Dette veit vi først meir om når studentane kjem til oss.

Fem på topp

Vi er omgitt av fjell som byr på mange flotte fjellturar. I løpet av hausten og våren tek vi deg med på eit utval av fine toppar.

Filmkveld

Vi viser filmar i ulike sjangrar på storskjerm ein fast kveld i veka.

Foto

Vi jobbar med motiv, bearbeiding og framkalling i tradisjonell form.

Fysisk trening

Valfag der du kan trene deg i form.

Gitar

Grunnopplæring basert på rock og visesang.

Glassarbeid

Du får lage mindre ting av glass som f.eks smykker og pyntegjenstandar. Glasset blir smelta i omnar og er eit populært materiale å jobbe med.

Hest

For deg som ikkje har Hest som linjefag. Er midt i blinken for deg om du går på Vikingliv til dømes.

Klatring

Her lærer du å klatre i ein innandørs klatrevegg, som ligg i nærleiken av skulen.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk, glassarbeid og maling.

Lokale lag og organisasjonar

Finn du ut at du vil vere med i ein lokal organisasjon utafor skulen, hjelper vi deg med å skaffe deg "innpass". Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på denne adressa www.eidaportalen.no

Musikal og scenekunst

Dersom du går med ein songar, dansar eller skodespelar i magen er dette valfaget for deg! Du får prøvd deg på litt av det Musikallinja er innom. Her er det plass til alle som er glad i musikk!

PR

Her kan du vere med på å jobbe med skulen sitt PR-arbeid, gjennom film og sosiale medier.

Prosjekthest

For deg med eigen hest som vil ha litt ekstra hjelp. Her er det hesten som står i fokus i valfaget. Det kan vere innriding, innkøyring, lasting, longering, handtering fra bakken osb.

Salmaker

Du får opplæring i arbeid med lær, du kan for eksempel sy din egen grime, belte, hundehalsbånd. Du kan også reparere ditt eget utstyr.

Sirkus

Eit fysisk valfag, der du får prøve mange forskjellige sirkusdisiplinar. Her får du mellom anna trent koordinasjon, reaksjonsevne, balanse og styrke.

Sprangriding

For deg som går på hestelinjen og vil jobbe litt mer med sprangridningen, i første omgang de som har egen hest med seg, men vi prøver og å gjøre det mulig for de som bruker skulehest.

Strikking

Aldri tatt i eit par pinnar før, eller er du avansert strikkeguru? Dette er timen de treffast og utfører mirakel med pinnar og garn, samtidig som det er veldig sosialt.

Styrketrening

Dette valfaget er supert å få med seg uansett kva linje du går på! Det er godt for alle å få styrka muskulaturen i kroppen.

Surfing i Hoddevika

Surfeparadiset Hoddevik ligg i samme kommune som Fjordane, og er berre ein liten biltur unna. Du får testa ut surfebrettet, uavhengig om du er heilt fersk eller har erfaring frå før.

Svømming/bading

25 m basseng til disposisjon for div. aktivitetar og avsluttande badstue.

Teater

Improvisasjon, teatersport, standup og lage ditt eige skodespel er noko av det du får vere med på her.

Tømmekjøring

Her får du jobba hesten frå bakken både ved å tømmelongere og gjere ulike dressurøvingar. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Volleyball

Er hovudsakleg i idrettshall med volleyballnett, men har også moglegheit for beachvolley om det er eigna vêr og interesse for det.

Voltige

Turning på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn, gjennom yoga. Her jobbar du med øvingar som gjer deg smidigare samtidig som du finn din indre ro.

Årbok

Her skal du vere med å lage ei "minnebok" for kullet ditt som alle elvane kan ta med seg når skuleåret er slutt.

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors og Sirkus får du berre på Fjordane! Størst på hest: Allsidig hestesport. Naturglede med Friluftsliv All-inclusive. Vikingliv med eige langhus, Musikal med inspirasjon frå West End. For dei kreative: Saum og strikk og Kunst/foto/glas/reise. Tilrettelagt Bu og fritid. skapdittbesteår

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 133 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på gangen
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 133 500,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 133 500,-
(13 350,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi leiger anlegget og skulehestane til Norsk Fjordhestsenter, og har tilgang til to ridehaller 20x40 m. Ei stor utebane på 40x80 m, vaskespillt, store og trivelige bokser og luftegarder. Det går ridestiar til fjells fra Norsk Fjordhestsenter. Rett ved Norsk Fjordhestsenter ligg det eit travspor som vi kan nytte i undervisningstida. Vi har tilgang til fullt utstyrte klasserom med prosjektor på skulen og på Norsk Fjordhestsenter

Dette utstyret må du stille med selv

Ridehjelm, sko med hæl, ridebukse eller tettsittande bukse utan saum, sikkerhetsvest. Stallklær, varme og vanntette klær til vinteren

Bygningar
Bygningsmassa til Fjordane folkehøgskule er frå 1974. Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi legg til rette så godt vi kan for funksjonsnedsettingar. Hovudbygningen med undervisningsrom, matsal og forsamlingsrom har tilkomst med rampe. Internatet er bygd over ein etasje og ligg på bakkeplan, og vi har 1 paviljong som er universelt utforma. På heile internatet har vi 18 einerom utan bad. Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Mat
Vi serverer vegetar- og vegansk mat til alle måltid. Denne maten er tilgjengeleg for alle. 
Vi tilbyr gluten- og laktosefri mat til dei som har behov for det, samt at vi tilpassar til andre allergikarar.
Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Fagleg og sosialt
Vi tilpassar så langt vi kan slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre:

  • Vi legg til rette for pausar
  • Vi finn alternative løysningar om aktivitetane blir for omfattande
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderende miljø
  • Du kan snakke med linjelærar og paviljonglærar slik at vi kan legge til rette for deg!

Ta kontakt med oss om for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

- Folkehøgskolen ble for meg et springbrett til videre utdanning

Sigrid har alltid vært interessert i hest. Folkehøgskoleåret ga henne likevel mye ny kunnskap, og ble veien inn til videre utdanning. Nå er hun snart ...

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

2. Års hestesport

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Hest, riding

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Allsidig hestesport

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Hest, kjøring

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Hesteliv

Peder Morset folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Hest - Island

Nordvestlandet folkehøgskole
Heilårskurs15 t/ukeKristen

Fra traver til ridehest

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Hestesport

Hurdal Verk folkehøgskole
Heilårskurs14 t/ukeKristen

Hundekjøring - Finnmarksløpet

Alta folkehøgskole
Få ledige plasser
HeilårskursKristen

Islandshest, trekkhund, friluftsliv

Torshus folkehøgskule
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Økologisk småbruk

Fosen Folkehøgskole
Venteliste
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Dyreomsorg

Jæren Folkehøgskule
Heilårskurs12 t/ukeFrilynt