
- Fjordane folkehøgskule
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: Interrail Europa
- Studietur for skulen: Strandryddeseilas , Fjord Explore, Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik, Vintertur til Stigedalen
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Stad kommune
- Oppstartsdato: Laurdag 26. august 2023
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 126 600,-
Drøymer du om å sy og strikke dine eigne kle, vere i eit kreativt miljø og finne din eigen stil? Du lærer ulike teknikkar og lagar di eiga garderobe. Vi er klimamotivert, redesignar og gjenbrukar.
På kreativ saum lærer du å sy dine eigne kle heilt frå scratch. Linja har eige syrom som er ope dag og kveld.
- Du får konstruere mønster tilpassa din eigen kropp
- Sy av metervare etter ferdige mønster
- Lære ulike sy-teknikkar
Vi er opptatt av å tileigne oss ny kunnskap og inspirasjon. Difor fartar vi rundt, både lokalt i Nordfjord, men også på litt lengre turar. På desse reisene skal vi for eksempel på jakt i secondhand-butikkar! Vi leitar etter gamle skattar som kanskje kan få eit nytt liv i dine hender. Vi skal også besøke skreddarar og andre institusjonar som driv med kreativ saum og kunst.
Når ein skal lage sin eigen garderobe, er kreativ strikking ein naturleg del av prosessen. Strikking kan både gjerast avansert, leikent, lett, meditativt, avslappande, kreativt og regelbunde. Det er opp til strikkaren!
- Du får jobbe med ulike fargekombinasjonar, mønster og garnkvalitetar.
- Utforske oppskrifter med alternativt garn
- Lage eigne mønster til plagg
- Reparere, redesigne, modifisere mønster og jobbe med restegarn
- Handfarge garn
Ein dag i månaden brukar vi naturen som klasserom saman med andre linjer på skulen. Du blir kjend med medelevane dine og du får oppleve den varierte naturen på Nordvestlandet. Vi lærer nyttige life-skills som å lage mat på bål, du kan sove ute, fange din eigen fisk og kjenne på vêr og vind.
Naturen er ein fin arena å hente inspirasjon til kreativiteten din!
Andre kreative fag på Fjordane: musikal, kunst og sirkus. For valfag eller inspirasjon!