Til hovedinnhold

Fjordane folkehøgskule

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors og Sirkus får du berre på Fjordane! Størst på hest: Allsidig hestesport. Naturglede med Friluftsliv All-inclusive. Vikingliv med eige langhus, Musikal med inspirasjon frå West End. For dei kreative: Saum og strikk og Kunst/foto/glas/reise. Tilrettelagt Bu og fritid. skapdittbesteår

Søk på skulenLinjer

Fjordane er ein skule der du får gjere mykje av det du likar best. Hos oss får du linjefag fem dagar i veka, i tillegg til mange spennande valfag og fordjupningsfag på ettermiddag og kveld. 

På Fjordane er du ein viktig bidragsytar til fellesskapet på linja, men du er betyr også noko for heile Fjordane-familien, uansett linjeval, interesser og føresetnader.

Skulen vår tar berekraft på alvor, og som Miljøfyrtårn jobbar vi kontinuerleg med å redusere klima- og miljøutsleppa våre. Fellesturane går til reisemål i nærområdet og vi gler oss til å vise deg det beste Vestlandet har å by på av spektakulære naturopplevingar

Fjordane ligg i sentrum av Nordfjordeid, midt i den vakre regionen Nordfjord og det er gangavstand til alt du treng: Butikkar, symjehall, kino, kulturhus, treningssenter og kafear er ein liten spasertur unna paviljongen du bur på. Det er også kort veg til Norsk Fjordhestsenter der mykje av undervisninga på hestelinjene skjer.

Fjordane folkehøgskule sine kjenneteikn er: 

Dette står vi for

Fjordane folkehøgskule skal gjennom ein meiningsfull kvardag utfordre elevar og tilsette til å vere ansvarlege deltakarar i eit berekraftig fellesskap. Vi skal saman skape vårt beste år gjennom utvikling, glede og vennskap.

Fel­les­fa­ga er ein vik­tig arena for å møtast på tvers av linjene. Dette er fag alle ele­vane har i lag, og som både utford­rar og engasjerer. Dan­ning er eit sen­tralt omgrep i folke­høg­skulen og hand­lar om men­nes­ke si utvikling av personen, evner, kul­tu­rell for­stå­ing, inn­sikt og moral.

Noko av det du får vere med på:

  • Jul i Stallen, som er eit viktig prosjektarbeid der heile skulen er engasjert
  • Kor og dans. Vi jobbar med songar og dans til avslutninga
  • Seminar. Vi leiger inn eksterne føredragshaldarar som tek opp viktige og interessante emne
  • Aktivitetsdagar
  • Stipendiataktivitetar
  • Juleverkstad
  • Morgonsamling
  • Infotime

Lokale turar til stadar som:

  • Geiranger som er på UNESCO si verdsarvliste
  • Briksdalsbreen 
  • Surfestaden Hoddevika
  • Ålesund 

Elevkveldar

Ein kveld i månaden arrangerer elevane elevkveld der dei sjølve er ansvarlege for middag, dessert og underhaldning. Ofte vel ein eit tema for kvelden. Dømer på elevkveldar er kokkekamp, bryllaup og halloween.

Du må ha minst 2 valfag, men kan velge så mange som du vil. Valfaga varierer i lengde frå 1-2 timar pr. veke.

Aerobic

Ein veldig kjekk måte å komme i bedre form på! Her kan alle som vil bli med og svette litt.

Band

Bli med i skulen sitt elevband! Dersom du er musikkinteressert, eller vil lære meir om å spele eit instrument er dette valfaget for deg.

Blankvåpen

Trening i bruk av øks, sverd og skjold med meir.

Elevstyrte valfag

Mange av studentane våre er ressurssterke på område som gjer at dei kan brukast som leiarar og lærarar for andre studentar på skulen. Dette kallar vi elevstyrte valfag eller elevstyrte aktivitetar. Dette veit vi først meir om når studentane kjem til oss.

Fem på topp

Vi er omgitt av fjell som byr på mange flotte fjellturar. I løpet av hausten og våren tek vi deg med på eit utval av fine toppar.

Filmkveld

Vi viser filmar i ulike sjangrar på storskjerm ein fast kveld i veka.

Foto

Vi jobbar med motiv, bearbeiding og framkalling i tradisjonell form.

Fysisk trening

Valfag der du kan trene deg i form.

Gitar

Grunnopplæring basert på rock og visesang.

Glassarbeid

Du får lage mindre ting av glass som f.eks smykker og pyntegjenstandar. Glasset blir smelta i omnar og er eit populært materiale å jobbe med.

Hest

For deg som ikkje har Hest som linjefag. Er midt i blinken for deg om du går på Vikingliv til dømes.

Klatring

Her lærer du å klatre i ein innandørs klatrevegg, som ligg i nærleiken av skulen.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk, glassarbeid og maling.

Lokale lag og organisasjonar

Finn du ut at du vil vere med i ein lokal organisasjon utafor skulen, hjelper vi deg med å skaffe deg "innpass". Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på denne adressa www.eidaportalen.no

Musikal og scenekunst

Dersom du går med ein songar, dansar eller skodespelar i magen er dette valfaget for deg! Du får prøvd deg på litt av det Musikallinja er innom. Her er det plass til alle som er glad i musikk!

PR

Her kan du vere med på å jobbe med skulen sitt PR-arbeid, gjennom film og sosiale medier.

Prosjekthest

For deg med eigen hest som vil ha litt ekstra hjelp. Her er det hesten som står i fokus i valfaget. Det kan vere innriding, innkøyring, lasting, longering, handtering fra bakken osb.

Salmaker

Du får opplæring i arbeid med lær, du kan for eksempel sy din egen grime, belte, hundehalsbånd. Du kan også reparere ditt eget utstyr.

Sirkus

Eit fysisk valfag, der du får prøve mange forskjellige sirkusdisiplinar. Her får du mellom anna trent koordinasjon, reaksjonsevne, balanse og styrke.

Sprangriding

For deg som går på hestelinjen og vil jobbe litt mer med sprangridningen, i første omgang de som har egen hest med seg, men vi prøver og å gjøre det mulig for de som bruker skulehest.

Strikking

Aldri tatt i eit par pinnar før, eller er du avansert strikkeguru? Dette er timen de treffast og utfører mirakel med pinnar og garn, samtidig som det er veldig sosialt.

Styrketrening

Dette valfaget er supert å få med seg uansett kva linje du går på! Det er godt for alle å få styrka muskulaturen i kroppen.

Surfing i Hoddevika

Surfeparadiset Hoddevik ligg i samme kommune som Fjordane, og er berre ein liten biltur unna. Du får testa ut surfebrettet, uavhengig om du er heilt fersk eller har erfaring frå før.

Svømming/bading

25 m basseng til disposisjon for div. aktivitetar og avsluttande badstue.

Teater

Improvisasjon, teatersport, standup og lage ditt eige skodespel er noko av det du får vere med på her.

Tømmekjøring

Her får du jobba hesten frå bakken både ved å tømmelongere og gjere ulike dressurøvingar. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Volleyball

Er hovudsakleg i idrettshall med volleyballnett, men har også moglegheit for beachvolley om det er eigna vêr og interesse for det.

Voltige

Turning på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn, gjennom yoga. Her jobbar du med øvingar som gjer deg smidigare samtidig som du finn din indre ro.

Årbok

Her skal du vere med å lage ei "minnebok" for kullet ditt som alle elvane kan ta med seg når skuleåret er slutt.

Strandryddeseilas

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2-3 dagar

Vi ryddar søppel og plast langs kysten vår! Samstundes skal vi ha base i den restaurerte galeasen "Loyal". Ein galeas er ei mellomstor seglskute som var vanleg i dei nordiske landa på 1800 og 1900-talet. 

Dagane vi er på tur består av segling mellom ulike ryddeplassar langs kystlinja vår, samstundes som vi tar del i arbeidet ombord den tradisjonsrike seglskuta. "Loyal" er utstyrt for fleire dagars seglas med toalett og ei fullt utstyrt bysse for matlaging. Mannskap og elevar lagar måltid i fellesskap. 

Vi brukar dagane på å rydde dei ytre øyane og ubebudde plassar og vikar utan veg for marint avfall. Vi prioriterar meir utsette område, og område som er vanskeleg å kome til utan båt. Alt etter kva vêret tillèt sjølvsagt. Dette er i hovudsak fantastisk flotte plassar å få besøkje i seg sjølv! 

På strandryddeseilaset kan du oppleve: 

  • Vere med og rydde strendene for plast og søppel
  • Sette garn og krabbeteiner
  • Fiske 
  • Lage mat av sjølvfanga råvarer
  • Segle med Loyal
  • Småturar til lands og til vanns

Loyal vart bygd i Hardanger i 1887 og er med det den eldste galeasen i verda som framleis kan segle!

Fjord Explore

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dagar

Spennande utforskingstur i maritimt fjordmiljø. Krokpollen ligg i ei lita bortgøymd bukt, veglaus, så hit må du gå ein liten tur i skogen eller kome sjøvegen. På denne turen står sjøaktivitetar i fokus. Bading, fisking, roing og padling, segling på fjorden så du får ro i sjela eller adrenalinkick på tube bak motorbåt. Du får ete di eiga nykokte krabbe, vere med på allsong og trekkspel i ustemt harmoni ut på kvelden, flytande bålplass, sove i hengekøye, telt eller innandørs.

Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

I starten av skuleåret reiser vi på ein "bli kjent-tur" til vakre Hoddevika. Dette eineståande surfeparadiset ligg berre ein liten time i bil unna skulen vår. Alle som vil, får prøve seg på surfebrettet, noko som er ei fantastisk oppleving enten du er heilt fersk eller er meir dreven på bølgene. Dersom du er glad i å gå på tur, byr Hoddevika også på fleire flotte turopplevingar i fjella som ligg rundt. Vi tar turen opp til toppar med fantastisk panoramautsikt! Ellers kan du gle deg til mange kjekke aktivitetar ilag med resten av gjengen, og til å avslutte dagen rundt bålet på stranda.

Vintertur til Stigedalen

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 2 dager

Turen til Stigedalen er spekka med kjekke snøaktivitetar. Her er det langrennsløyper rett utanfor døra, akebakkar, grillhytte og fine forhold for mykje moro. Heile skulen er med på denne overnattingsturen, og det foregår mykje sosialt både ute og inne. Vi akar, har snø-rugby, lagar snøskulpturar, grillar, går på ski, har talentkonkurranse, quiz, spelar spel, ser på film og et god mat. 

Bumiljøet hos oss er utprega intimt. Her bur de i små hus, paviljongar, og det er ei positiv utfordring for dei fleste. Paviljongane våre har 4 dobbeltrom og 2 enkeltrom. Når du går ut av rommet ditt, kjem du til fellesrommet med kjøkkenkrok. Bad og wc i tilknyting til fellesrommet.

På paviljongen får du oppleve korleis det er å bu ilag med andre, knytte varige vennskap med romkameraten din, oppleve fellesskap og vere ein del av det sosiale livet på skulen. Du må sjølvsagt vere med på å bidra til eit godt miljø på paviljongen, og ta del i dei felles gjeremåla. Du finn meir info her : Slik bur elevane

Fasiliteter

  • Kaffibar
  • Vikinglanghus og smie på skulen
  • Eigen kinosal
  • Fullt utstyrt elevkjøkken
  • Stor scene
  • Speilsal
  • Fullt utstyrt treningsrom med vekter, elipsemaskin, tredemølle og mykje meir
  • Gamingrom
  • Bålplass
  • Utandørs badestamp
  • Peisestove med biljard og tv
  • Bordtennisbord
  • Salmakarverkstad
  • Syrom
  • Utandørs volleyballbaner
  • Skulen og klasserom er opent til kl.23

Nordfjordeid ligg midt i Stad kommune i den vakre regionen Nordfjord i Sogn og Fjordane. Du kan reise til Fjordane med buss, bil, båt eller fly.

Buss

Det aller enklaste er å ta bussen. Det går direkteruter både frå Oslo og Bergen, og det er mogleg å reise frå Trondheim via Ålesund.

Fly

Dei næraste flyplassane heiter Sandane lufthamn og Ørsta/Volda lufthamn, og det er Widerøe som flyr til og frå.

Båt

Frå Bergen kan du også ta hurtigbåten til Måløy. Det går rutebuss frå Måløy til Nordfjordeid.

Bil

Det er gode vegar i alle retningar, men hugs at på vestlandet er det ofte ferger, tunellar og fjellovergangar. Om du køyrer bil, oppmodar vi alltid om å samkøyre med andre elevar. Sosialt og miljøvenleg!

Meir informasjon om reisa til Fjordane finn du på heimesida vår.

Fjordane

Finn reiserute fra der du bor

Nordfjordeid – ein pulserande tettstad!

Du kan gå til "alt" på 10 minutt

  • Kulturhuset Operahuset Nordfjord med konsertsal, kino og bibliotek (700 m)
  • Beachvolleybane og sandstrand midt i sentrum (1000 m)
  • Sagastad med Norges største rekonstruerte vikingskipskip! (1000 m)
  • Alti Kjøpesenter (1000 m)
  • Eidsgata med sin vakre arkitektur, koselege kafèar og unike butikkar (1000 m)
  • Om sommaren kan du oppleve ein av landets største og beste musikkfestivalar, Malakoff - perfekt for reunion!

Verdas beste vesle Stad

  • Spektakulær vestlandsnatur rett utanfor døra
  • Innandørs klatring og buldringHamna (1500 m)
  • Svømmehall og idrettshall (100 m)
  • Fleire fotballbaner i nærområdet (300 m - 1300 m)
  • Harpefossen skisenter og mange langrennsløyper (8 - 11 km)
  • Surfing på ei av dei beste surfestrendene i kommunen - og i landet - Hoddevika (1,5 time)
  • Skatepark (300 m)
  • Golfpark (1,3 km)

Finn din hjartestad!

Nordfjord - alt i ein fjord!

  • Skulestart: 26.08.23
  • September: Fellesturar til Hoddevik og Krokpollen
  • Frihelg: 16.09-18.09
  • Haustferie: fom. 06.10. kl.13-15.10. (v.41)
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 11.11.-13.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul i Stallen"
  • Juleferie: 20.12. kl.13 - 02.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Frihelg: 27.01.-28.01.
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 16.02. kl.13-25.02. (v.8)
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie: 22.03 kl.13-02.04. 
  • Avslutning: 04.05.
  • Heim:11.05.24

"Jul i Stallen" er vårt store fellesprosjekt der vi jobbar på tvers av linjene. Vi presenterer eit flott juleshow, lagar ting for å selge i julebutikken, har barneriding, vikingleir, smådyrshjørne og mykje meir. 50% av inntekta går til eit veldedig formål bestemt av elevane.

I tillegg til at det er valfag nesten kvar kveld i veka, lagar stipendiatane våre faste aktivitetar på kveldstid. Dette kan vere ballspel, kortspel, filmkveldar og mykje meir. Desse aktivitetane er frivillige, men absolutt å anbefale viss du vil ha det kjekt og bli kjent med medelevane dine.

laurdagskveldane likar vi å ha det ekstra koselig på skulen. Då lagar vi til noko snacks, og set gjerne på ein film i eit av kinoromma, spelar spel i peisestova eller har det kjekt med andre sosiale aktivitetar.

Aldersgrensa er 18 år, men yngre søkjarar blir også vurdert.

Bygninger

Bygningsmassa til Fjordane folkehøgskule er frå 1974. Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi legg til rette så godt vi kan for funksjonsnedsettingar. Hovudbygningen med undervisningsrom, matsal og forsamlingsrom har tilkomst med rampe. Internatet er bygd over ein etasje og ligg på bakkeplan, og vi har 1 paviljong som er universelt utforma. På heile internatet har vi 18 einerom utan bad.
Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Mat

Vi serverer vegetar- og vegansk mat til alle måltid. Denne maten er tilgjengeleg for alle. 
Vi tilbyr gluten- og laktosefri mat til dei som har behov for det, samt at vi tilpassar til andre allergikarar.
Gi oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg! 

Faglig og sosialt

Vi tilpassar så langt vi kan slik at det blir mogleg for deg å delta på lik linje med dei andre:
- Vi legg til rette for pausar
- Vi finn alternative løysningar om aktivitetane blir for omfattande
- Vi har fokus på ein god og trygg oppstart og eit inkluderende miljø
- Du kan snakke med linjelærar og paviljonglærar slik at vi kan legge til rette for deg!
Ta kontakt med oss om for å høre hva vi kan gjøre for å tilrettelegge for dine behov.

Silvia van Hesik Førde

Rektor

Tilsett sidan 1992, først som timelærar, deretter linjelærar, inspektør i 2002 og rektor frå 15.08.2016

Utdanning/erfaring:
Utdanna som bioingeniør, har tatt ridelærarutdanning trinn II i Nederland og Praktisk pedagogisk utdanning i Volda

Hobbyar/interesser:
Strikking, yoga og fjellturar. Avl og oppdrett av varmblodsridehestar. Har konkurrert i dressurridning med norske varmblodshestar frå eigen avl.

Epost: Rektor@fjordane.fhs.no
Telefon: kontor: 57889882 , mob: 92612455

Markus Bjorli

Kommunikasjonsrådgjevar

Utdanning/erfaring:

Bachelor i PR, Kommunikasjon og media, utvida til Master i media ved Høgskulen i Volda. Jobbar med alt av markedsføring og kommunikasjon for skulen, samt administrativt arbeid knytt til søkare og anna drift.

Hobbyar/interesser:
Musikk produksjon og speling, litteratur og friluftsliv.

Epost: post@fjordane.fhs.no
Telefon: 57 88 98 80 (kontor)

Annifrid Ueland

Inspektør

Tilsett sidan 2010, tidlegare elev på Fjordane, 1. og 2. års hestelinje

Utdanning/erfaring:
Ridelærar trinn 1 frå Norsk Hestefagskule Starum. Hestefaglært. Studert pedagogikk/didaktikk ved UMB.

Hobbyar/interesser:
Glad i fysisk aktivitet, friluftsliv og hest.

Epost: annifrid.ueland@fjordane.fhs.no
Telefon: 57889883 (kontor)

Mona Virtanen

Lærar Allsidig Hestesport

Tilsett sidan 2005

Utdanning/erfaring:
Ridelærarutdanning ved British Horsesociety stage 1,2,3 & PTT. Hestefaglært, dressurdommar 1 NRYF. PPU ved NMBU på Ås. 

Har jobba ved Valnesfjord Helsesportsenter (terapi-riding), rideinstruktør ved stall i England og Sverige.

Hobbyar/interesser:
Konkurrert mykje i sprang og feltritt, no blir det mest dressur samt turar med dølahestane sine.

Epost: mona.virtanen@fjordane.fhs.no

Anja Grønnevik Kirketeig

Lærar Allsidig Hestesport

Tilsett sidan 2012

Utdanning/erfaring:
Ridelærar trinn 1 og 2 frå Norsk Hestefagskule Starum.

Hobbyar/interesser:
Turar i fjellet med hundane, konkurrerer i dressur med dei to norske varmblodshestane sine.

Epost: anja.gronnevik.kirketeig@fjordane.fhs.no

Dagmund Førde

Lærar Allsidig Hestesport og Friluftsliv

Tilsett sidan 2001

Utdanning/erfaring:
Køyrelærar trinn II frå Norsk Hestefagskule Starum. Fagbrev og utøvande hovslagar. Hestefaglært og PPU ved NMBU på Ås.

Hobbyar/interesser:
Avl og oppdrett av norske varmblodsridehestar, med fleire kåra hingstar av eigen oppdrett. Har vore aktiv konkurransekusk og har konkurrert i NM køyring. Likar å gå fjellturar med schæferhunden Diva.

Epost: dagmund.forde@fjordane.fhs.no

Kjartan Haaland

Lærar: Friluftsliv All-inclusive

Utdanning/erfaring:

Utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.

Hobbyar:

Kjartan elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han elskar å klatre på alt fra småstein til større fjell, søke toppar på ski og sykkel, utforske havet - over og under, i vinden og på bølga.

Epost: kjartan.haaland@fjordane.fhs.no

Aslak Dahle

Lærar: Frilufstliv i samarbeid med Røde Kors

Det meste som kan gjerast utandørs synest Aslak er av interesse; om det er topptur til beins eller på telemark, klatring eller fridykking - gjerne med ei filosofibok i baklomma.

Aslak har gått Hærens 2-årige befalsskole og hadde teneste som sersjant i Sanitetsbataljonen. Han har også ei bacheloroppgåve i filosofi og ga ut diktboka “Tanker på tur” i 2019.

Epost: aslak.dahle@fjordane.fhs.no

Ingeborg Bjelland

Lærar Allsidig Hestesport og Friluftsliv

Tilsett sidan 2003, tidlegare elev på Fjordane, 1. års hestelinja.

Utdanning/erfaring:
Almennlærar, trinn 1 og 2, køyreutdanning frå Norsk Hestefagskule Starum, køyretrenar 1 NRYF, sensor kuskesertifisering og under utdanning som bruksprøvedommar.

Hobbyar/interesser.
Avl og oppdrett av fjordhest, likar å jobbe med unghest, strikking, friluftsliv og turar i fjellet. Tidlegare konkurrert i køyring.

Epost: ingeborg.bjelland@fjordane.fhs.no

Martin Riedel

Lærar Movement X

Tilsett sidan 2016

Utdanning/erfaring:
Bachelorgrad «Circus and Performance Art» frå Nederland. Utøvande artist. Spesialisert på «Chinese pole», men meistrar fleire andre sirkusdisiplinar som luft-akrobatikk, einhjulssykkel, akrobatikk og «hand-to-hand». Er artist på det verdskjende sirkuset Cirque du Soleil.

Hobbyar/interesser:
Trompet, surfing, skate- og longboard. 

 

Epost: martin.riedel@fjordane.fhs.no

Naomi Bratthammar

Lærar Movement X

Tilsett sidan 2019

Utdanning:
Codarts University of Arts Rotterdam, med Bachelorgraden Circus and perfoming arts. Over dei siste åra har ho jobba både som solo artist og saman med fleire større kompani. Ho er også med-grunnleggar og fortsatt aktiv i kompania Hyldra Collective, Circanario og Frøya Collective. 

Hobbyar: Sy, strikke, lese, tur i skog og fjell,riding, danse, surfe, skate, fiske.

Epost: naomi.bratthammer@fjordane.fhs.no

Johanne K. Ilje

Lærar Musikal West End

Utdanning/erfaring:

Johanne er utdanna musikalartist ved Institute of Contemporary Theatre i Brighton, England. Ho har også en bachelor i Japansk fra UiO.

Ho er oppvaksen på Nordfjordeid og har vore svært aktiv i kultur- og scenelivet opp gjennom åra. Ved sidan av å vere lærar på Fjordane folkehøgskule, har Johanne også diverse song- og sceneoppdrag ved sidan av. 

Hobbyar:

Lese, puslespel og brettspel

Stig Gunnar Myren

Lærar Vikingliv

Tilsett sidan 2016

Utdanning/erfaring:
Allmennlærar; musikk, historie, samfunnsfag, religionshistorie, forming og foto. Mellomfag ped. IKT

Hobbyar/interesser:
Teater; scenografi, regi, lyd og lys. Drifte musikkfestivaler, markedsøring. Drifte vikingmarked, vikingtid, handverk, fiske, fangst og mat. Musikk; gitar, bass, kor. Andre; foto, nærradio, reiser og hunden Eir.

Epost: stig.gunnar.myren@fjordane.fhs.no

Heidi Merete Sægrov-Øygard

Lærar Bu og fritid

Tilsett sidan 2019

Utdanning og erfaring:

Bachelor i Vernepleie, Høgskulen på Vestlandet. Vidareutdanning i Psykisk Helse, Høgskulen på Vestlandet. Har jobba i fleire år med barn og unge som treng ekstra bistand i kvardagen.

Hobbyar/Interesser:

Yoga, handball, fotball, styrketrening, matlaging, sy, fjell, fjord, SUP og TV-seriar.

Epost: heidi.saegrov@fjordane.fhs.no

Gunnhild Myklebust

Internatleiar og lærar Bu og fritid

Tilsett sidan 1986

Utdanning/erfaring:
Fagbrev kokk, internatleiar

Hobbyar/interesser:
Hagearbeid, strikking, vere aktiv utandørs, kose seg i godt selskap.

Epost: gunnhild.myklebust@fjordane.fhs.no

Bettina Brenna

Miljøterapeut Bu og fritid

Tilsett sidan 2015, tidlegare elev på Fjordane, 1. og 2. års hestelinje

Utdanning/erfaring:
Ridelærar trinn 1 frå Norsk Hestefagskule Starum.
Bachelor i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, Lillehammer

Hobbyar/interesser:
Hest, riding, konkurrere i dressur, glad i fysisk aktivitet, turar i fjellet, fotografering og strikking.

Epost: bettina.norgaard.brenna@fjordane.fhs.no

Trine Funderud

Miljøterapeut Bu og fritid

Tilsett sidan 2020.

Utdanning/erfaring:

Sosionom, hestefaglært og har introduksjonskurs i dyreassisterte intervensjonar.

Hobbyar/interesser:

Hest, hund, friluftsliv, strikking, sying, matlaging og baking.

Epost: trine.funderud@fjordane.fhs.no

Caroline Olsen

Miljøarbeidar Bu og fritid

Tilsett sidan 2014, tidlegare elev på Fjordane, 1. og 2. års hestelinje

Utdanning/erfaring:
Billakkerar, har òg arbeidd ein del i hotell- og restaurantbransjen.

Hobbyar/interesser:
Hest, hund og blomster.

Epost: anna.caroline.olsen@fjordane.fhs.no

Marit Sægrov

Miljøarbeidar Bu og fritid

Tilsett sidan 2013

Utdanning/erfaring:
Barne- og ungdomsskulelærar i Selje, lærar på Nordfjord Folkehøgskule, sjølvstendig næringsdrivande, reisebyrå.

Hobbyar/interesser:
Friluftsliv, mat og tradisjonar.

Epost: marit.segrov@fjordane.fhs.no

Lisbet Mæhlum

Miljøarbeidar Bu og fritid

Tilsett sidan 2019, tidlegare elev på Fjordane, 1. og 2. års hestelinje

Utdanning/erfaring:

Vidaregåande skule, fagbrev barne- og omsorgsarbeidar.

Hobbyar/interesser:

Hest, aerobic, fjellturar, ski og fartsfylte aktivitetar.

 

Epost: lisbet.maehlum@fjordane.fhs.no

Elena Tefre

Lærekandidat Bu og fritid

Tidlegare elev på Bu og fritid og på hestelinja.

Lærekandidat frå hausten 2019.

Hobbyar og interesser:
Ein ekte dyrevenn! Er spesielt glad i hund og hest. Likar godt å gå på tur.

Epost: elena.tefre@fjordane.fhs.no

Thor Olav Paulsen

Kjøkkenleiar

Utdanning/erfaring:
Kokkeskule. Jobba i Frankrike i tre månader etter utdanninga si, deretter på ulike hotell og restaurantar i Noreg. Thor Olav har jobba 10 år som forpleiningssjef på båt og har vore på (nesten) alle verdens hav!

Hobbyar/interesser:
Likar svært godt å spele dataspel og å vere i lag med familien sin.

Epost: thor.olav.paulsen@fjordane.fhs.no

Synnøve Humborstad

Kokk

Tilsett sidan 2012

Utdanning/erfaring:
Kokk ved Nordfjord Hotell 1996-2011.

Hobbyar/interesser:
Familie og venner, baking, er styremedlem i Kjølsdalen Montessoriskule, klubbrådgjevar i Trekløveret 4 H.

Epost: synnove.helen.humborstad@fjordane.fhs.no

Anna-Rita Verlo

Kokk

Tilsett sidan 1996

Utdanning/erfaring:
Kokk med fagbrev

Hobbyar/interesser:

Turar i skog og mark, fiske, fotografering, brodere og danse.

Epost: anna-rita.verlo@fjordane.fhs.no

Øystein Høvig

Driftsleiar og lærar Allsidig hestesport

Øystein er ein engasjert og løysingsorientert person. Alt kan ordnast!

Utdanning/erfaring:
Før han kom til Fjordane i 2017 var han yrkessjåfør i 13 år, og han har drive med hest sidan 1985. Øystein er kusk, ryttar og ein allsidig hestemann.

Hobbyar/interesser:
Likar å gå i fjellet og å vere aktiv ute.

Epost: oystein.hovig@fjordane.fhs.no

Inge Lindvik

Vaktmeister

Tilsett sidan 2002

Utdanning/erfaring:
Bonde og førskulelærar, fotolinja ved Sogndal Folkehøgskule

Hobbyar/interesser:
Bondeliv og sauer.

Epost: inge.kjell.lindvik@fjordane.fhs.no

Linjer på Fjordane folkehøgskule

Ride- og køyresport

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Kreativ saum og strikk

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Friluftsliv All-inclusive

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Allsidig hestesport

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Musikal West End

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Movement X - Modern Circus

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Kunst - Foto - Glas - Reise

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Vikingliv

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

2. Års hestesport

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Bu og fritid

Fjordane folkehøgskule
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Allsidig hestesport, vår 2024

Fjordane folkehøgskule
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt

Movement X - Modern Circus, vår 2024

Fjordane folkehøgskule
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt

Kunst - Foto - Glas - Reise, vår 2024

Fjordane folkehøgskule
Halvårskurs vår18 t/ukeFrilynt
Søk på skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Tok pause fra studiet for å gå på folkehøgskole

– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen