Til hovedinnhold

Hest og rytter

  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 22.08.2026
  • Linjefag: 18 timer/uke
  • Pris: fra 166 900,-
  • Verdigrunnlag:
    Frilynt
    Dei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar, vegan
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Miljøfyrtårn
    Sertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.
    Debio
    Merkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
  • Sted: Stad kommune
  • Studietur for linja: Riding på Lusitano-hestar i Lisboa, Portugal, Agria Oslo Horse Show, Hingstekåring varmblodsridehestar i Herning, DK.
  • Studietur for skolen: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik, Fjord Explore, Vintertur til Stigedalen, Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr, Strandryddeseilas , Fellestur til Filippinene
Vil du utvikle deg som hesteperson og lære av dei beste? Med erfarne lærarar og mykje praksis får du styrke samspelet mellom deg og hesten, uansett kva nivå du startar på.

Dette er linja for deg som vil bli ein bevisst og kompetent rytter, og som vil bruke mykje tid saman med hesten. Her blir du ein del av eit erfarent og anerkjent hestemiljø. Du får prøve alt innan hestesporten, og vi brukar mykje tid på samspelet mellom deg og hesten. Det er viktig for at du skal forstå korleis hesten blir påverka av deg og tolke signala den gir.

Gjennom fleire hesterelaterte valgfag kan du tilpasse din eige timeplan og fordjupe deg i det du vil bli betre på, enten det er rideteknikk, styrke og stell. Eller kanskje vil du prøve noko heilt anna som yoga, funksjonell trening eller barista? Det er opp til deg.

Kva kan du vente deg?
🏇 Variert undervisning slik at du får utvikle deg som rytter
🐎 I ridinga får du klassisk dressur og sprang, og sjansen til å utforske hestesportens allsidigheit, med feltritt, køyring, voltige og horsemanship
💚 Fokus på hestevelferd og gode rutinar som gjer at både du og hesten har det bra
💪 Å utfordre deg sjølv i ulike settingar vil gi deg praktisk erfaring og fagleg utvikling i arbeidet med hest
🥰 Å vere ein del av eit engasjert og sosialt miljø der alle delar lidenskapen din for hest og riding
🏆 Sjansen til å delta på stemner i nærområdet
💪 Regelmessig trening og tett oppfølging av dyktige lærarar
🎓 Undervisning tilpassa ditt nivå og ambisjonar. Enten du er fersk på hesteryggen eller har mykje erfaring og vil bruke året som eit springbrett til vidare utdanning eller konkurranse

Fjordane folkehøgskule har lange tradisjonar med hest og er kjent for høg faglege kvalitet. Hos oss handlar riding om å forstå, samarbeide og utvikle seg saman med hesten. Her møter du lærarar som verkeleg kan faget sitt. Teamet består av autoriserte ridelærarar og køyreinstruktørar, ryttarar og mykje meir! Vi har tilgang til veterinær og spesialistar innan tannhelse og kiropraktikk, og kvart år kjem det ein saltilpassar på besøk.

Lærarane følger deg tett og tilpassar undervisninga til ditt nivå. Gjennom fokus på sits, balanse og forståing for korleis du verkar inn på hesten, kan du utvikle god rideteknikk og eit harmonisk samspel med hesten. For jo betre du meistrar teknikken, desto betre rytter blir du for hesten.

Fleire av våre tidlegare elevar har tatt utdanning innan hestefaget og jobbar no som faglærte hestefolk over heile landet.

Bli med på hingsteutstilling!

Første helga i mai blir den årlege hingsteutstillinga for fjordhestar arrangert på Nordfjordeid. Hit kjem hestefolk frå inn- og utland, og du får vere tett på flotte hestar, mønstring, testriding og køyring. I forkant kan du øve på mønstring og bruksprøvekøyring med skulehestane våre.

Om du ikkje har eigen hest, fortvil ikkje! Du kan låne ein av våre skulehestar. Desse fjordhestane er utruleg gode læremeistrar, sterke,uthaldande og samarbeidsvillige. Du får ansvar for hesten som om den er din eigen, med både stell og utstyr. Du kan også bruke den på stemner om du vil det.

Følg oss gjerne på TikTok og Instagram!

Linja for både deg som er nybegynnar og deg som er erfaren. Linja gir også eit solid grunnlag for vidare utdanning innan hestefaget, veterinæryrket eller studier mot husdyr- og landbruksfag.

Dette vil du lære

  • Sjansen til å ta «Grønt kort», eit kompetansebevis frå Norges Rytterforbund
  • Hestevelferd i praksis, stell, fôring, trening og kvile.
  • Korleis bygge godt samspel med hesten.
  • Forstå hestens kroppsspråk og signal, og korleis du påverkar den.
  • Ryttartrening og konkurranseriding
  • Dressur, sprang og feltritt
  • Konkurransekøyring, longering og tømmekøyring
  • Utstyrslære, hovpleie og beslag

Våre forventninger til deg

For at du skal få best mogleg utbytte av året er det viktig at du:

  • Er motivert og interessert i hest
  • Deltar aktivt i undervisninga, både på ridebana og i teori
  • Bidrar til eit godt klassemiljø og fellesskap med ei positiv innstilling
  • Opptatt av at hesten skal ha det bra
  • Open for læring
  • Vil prøve nye ting – "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert", Pippi Langstrømpe mentalitet

Mona Virtanen

Lærar Hest og rytter

Tilsett sidan 2005

Utdanning/erfaring:
Ridelærarutdanning ved British Horsesociety stage 1,2,3 & PTT. Hestefaglært, dressurdommar 1 NRYF. PPU ved NMBU på Ås. 

Har jobba ved Valnesfjord Helsesportsenter (terapi-riding), rideinstruktør ved stall i England og Sverige.

Hobbyar/interesser:
Konkurrert mykje i sprang og feltritt, no blir det mest dressur samt turar med dølahestane sine.

Epost: mona.virtanen@fjordane.fhs.no

Anja Grønnevik Kirketeig

Lærar Hest og rytter

Tilsett sidan 2012

Utdanning/erfaring:
Ridelærar trinn 1 og 2 frå Norsk Hestefagskule Starum.

Hobbyar/interesser:
Turar i fjellet med hundane, konkurrerer i dressur med dei to norske varmblodshestane sine.

Epost: anja.gronnevik.kirketeig@fjordane.fhs.no

Dagmund Førde

Lærar Hest og rytter

Tilsett sidan 2001

Utdanning/erfaring:
Køyrelærar trinn II frå Norsk Hestefagskule Starum. Fagbrev og utøvande hovslagar. Hestefaglært og PPU ved NMBU på Ås.

Hobbyar/interesser:
Avl og oppdrett av norske varmblodsridehestar, med fleire kåra hingstar av eigen oppdrett. Har vore aktiv konkurransekusk og har konkurrert i NM køyring. Likar å gå fjellturar med schæferhunden Diva.

Epost: dagmund.forde@fjordane.fhs.no

Øystein Høvig

Driftsleiar og lærar hest og rytter

Øystein er ein engasjert og løysingsorientert person. Alt kan ordnast!

Utdanning/erfaring:
Før han kom til Fjordane i 2017 var han yrkessjåfør i 13 år, og han har drive med hest sidan 1985. Øystein er kusk, ryttar og ein allsidig hestemann.

Hobbyar/interesser:
Likar å gå i fjellet og å vere aktiv ute.

Epost: oystein.hovig@fjordane.fhs.no

2026-27:

  • Skulestart: 22.08.26
  • September: Fellestur til Hoddevik 
  • Frihelg: 12.-14.09
  • Haustferie: fom. 02.10 (kl. 13) - 11. oktober (v.41). 
  • Oktober: Strandryddeseilas ved kysten
  • Frihelg: 13.-15.11.
  • Desember: Juleverkstad og "Jul på Fjordane"
  • Juleferie: 18.12. kl.13 - 03.01.
  • Januar: Annerledesveke
  • Februar: Fellestur til Stigedalen
  • Vinterferie: 19.02  (kl. 13) - 28. 02 (v. 8).
  • Mars/april: Linjeturar
  • Påskeferie:11. april (kl. 13) - 22. april
  • Avsluttning: 8. mai.
  • Fellestur til Krokpollen
  • Heim: 15.05.27

Valgfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har over 20 valgfag å velge mellom, alt frå sjonglering til barista. Valgfaga er valgfrie som namnet tilseier og du kan velge så mange du vil. Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Blankvåpen

Her trenar vi som vikingar med øksekast, sverd og skjold. Vi brukar blunte våpen og har sjølvsagt sikkerheit i hovudfokus under treninga.

Dans

Lær deg grunnleggande teknikkar i klassisk ballett, jazzdans, moderne dans og samtidsdans. Valfaget er for både nybyrjarar og erfarne. Her får du jobbe med balanse, fleksibilitet og uttrykk.

Dungeons & Dragons

Her er det kun fantasien din som set grensene. Skap din eigen karakter og utfordre både kreativiteten og problemløysingsevna di. Likar du rollespel og improvisasjon? Då er dette noko for deg.

Elevstyrte valfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Fem på topp

Er du glad i fjellturar? Bli med og utforsk dei flotte fjelltoppane rundt oss – både haust, vinter og vår.

Fysisk trening

Kom i form eller berre ha det kjekt med bevegelse! Her kan du trene det du likar.

Hest

Har du ikkje hest som linjefag, men vil kjenne gleda av å vere tett på ein hest? Her får du lære alt frå riding til stell!

HIIT-trening

I HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) køyre vi korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg.

Klatring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Kunst

For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk og maling.

Køyring/tømmekjøring

Valfaget for deg som vil jobbe med hesten frå bakken med tømmekøyring/tømmelongering eller trene på dressur-, presisjon- og maratonkøyring. Du kan vere med uavhengig av kva forkunnskap du har.

Linedance

Bli med på lavterskel linjedansing med feel good-stemning. Vi startar med enkle koreografiar og aukar etter kvart.

Lokale lag og organisasjonar

Vil du engasjere deg i lokalsamfunnet? Vi hjelpe deg med å finne det rette laget eller organisasjonen for deg. Du finn mykje informasjon om lokale lag og organisasjonar på www.stad.foreningsportal.no.

Prosjekthest – din hest i fokus

For deg med eigen hest som vil ha ekstra hjelp. Du vil lære alt frå innriding, innkøyring, lasting og longering, til handtering frå bakken. Om hesten vise problemåtferd, kan vi også jobbe med dette.

Redesign

Har du lyst å gje nytt liv til den gamle skjorta eller gardina? Lær deg å sy om plagg og bli med på klesbyttedagar. Dette valfaget er perfekt for deg som er kreativ og opptatt av gjenbruk.

Salmakar

Her får du opplæring i korleis du kan arbeide med lær som materiale. Lær deg teknikkar i salmakarfaget og lag alt frå belte til veske, eller reparer utstyr du har frå før.

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Sprangriding

Vil du jobbe meir med sprangriding? Dette er valfaget for deg som går på hestelinja og som har med eigen hest. Vi prøvar så godt vi kan å gjere valfaget tilgjengeleg for elevar som brukar skulehest.

Strikking

Har du lyst å strikke saman med likesinna som likar garn og strikking? Bli med på ein sosial, kreativ og kjekk time. Dette er eit valfag for alle – uavhengig av strikkeferdigheiter og nivå!

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Svømming/bading

Ein spasertur unna finn du eit 25 meter langt basseng for både trening og avslapping. Perfekt for dagens treningsøkt eller om du berre vil slappe av i boblebadet. Rund av med ein tur i badstova.

Teater

Er du glad i improvisasjon, standup og å lage skodespel? Det er noko av det du får vere med på her.

Volleyball

Vi trenar på teknikk og spelar volleyball i idrettshallen. Om véret er på vår side blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.

Voltige

Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får teste ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å jobbe med balanse, koordinasjon og styrke på hesteryggen.

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Årbok/foto

Har du lyst å lage ei minnebok som fangar opplevingane frå ditt beste år? Vi samlar minner, bilete og historier som alle elevane frå kullet ditt kan ta med seg når skuleåret er over.

Tenk deg eit år der du kan prøve mykje nytt eller gjere meir av det du likar aller best. Eit år der du vil møte nye menneske. Eit år med opplevingar og turar som du aldri vil gløyme. Tenk at dette kan bli ditt år

Linjer ved skolen

Les mer om skolen

Fra kr 166 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Tilgang til Hamnatrening aktivitet og helse
  • Bad på gangen
  • Studietur: Surf, fjell og camp | Overnattingstur til Hoddevik
  • Studietur: Fjord Explore
  • Studietur: Vintertur til Stigedalen
  • Studietur: Opplev naturkreftene på Kråkenes fyr
    • Mat (4 måltider per dag)
  • Studietur: Strandryddeseilas
  • Studietur: Riding på Lusitano-hestar i Lisboa, Portugal (20 000 kr)
    • Mat (2 måltider per dag)
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 166 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 166 900,-
(16 690,- per måned)
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Husk at du også trenger penger til dette

Dette utstyret får du låne av skolen

Vi har full tilgang til Norsk Fjordhestsenter sitt hestesportanlegg, der all praktisk og teoretisk linjeundervisning føregår. Her har du alt du treng for å trene, og ha det kjekt med hesten. Her er:  

  • Oppstallingsplass til 44 hestar
  • To store ridehallar
  • Ei stor utandørs køyre/sprangbane 
  • Terrenghinder for feltritt og maraton
  • Heildagspaddocker
  • Sprang- og dressursaler til skulehestane 
  • Vaskespilt
  • 6 maratonselar, 5 roadcarter og 2 maratonvogner  
  • Gode moglegheiter for å ri tur på fritida

Fagleg og sosialt
Vi ønskjer at alle elevane skal føle seg trygge, inkluderte og få moglegheita til å skape sitt beste år saman med oss. Difor tilpassar vi oss så langt vi kan, for at du kan delta og få ei god oppleving. Her er nokre av tiltaka vi kan tilby:

  • Treng du pausar, legg vi til rette for det.
  • Blir aktivitetane for krevjande for deg, finn vi alternative løysningar.
  • Vi har fokus på ein god og trygg oppstart, der alle skal bli sett og høyrt.
  • Du kan alltid snakke med linjelærar eller paviljonglærar om du treng andre tilpassingar som kan hjelpe deg.

Ta kontakt med oss for å høyre kva vi kan gjere for å tilrettelegge for dine behov.

Mat
Kokkane våre elskar å lage mat som smakar skikkeleg godt. Du kan derfor glede deg til å få servert fire næringsrike og gode måltid dagleg – frukost, lunsj, middag og kvelds, alt inkludert i skuleprisen. Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, veganar, vegetarianar, pescatarianar eller anna har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad. Berre gje oss beskjed på førehand, så ordnar våre dyktige kokkar det.

Vi er opptatt av kortreist mat, så kokkane våre handlar alltid lokale og sesongbaserte råvarer når dei kan. I Vikingtunet dyrkar vi våre eigne grønsaker, så du kan glede deg til å både sanke og ete poteter, jordbær, grønsaker og ulike urter som vi brukar i matlaginga på skulen.

Universell utforming
Ikkje alle bygga våre er universelt utforma, men vi gjer vårt beste for å leggje til rette for deg om du treng det.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Tidligere elever

Hedda Moland

Året på Fjordane har vært et år jeg aldri kommer til å glemme! Jeg har fått kjenne på høy puls i ungarsk post, ridd mange stevner og hatt det utrolig gøy. Jeg har lært masse om hest og funnet ut at jeg faktisk vil jobbe med det videre

Hedda Moland
Olivia Bjørge

–Jeg har lært utrolig mye! Både gjennom linjefag, valgfag, aktiviteter og ting jeg aldri hadde tenkt på å prøve før. På linja får vi masse kunnskap om alt innen hest, og vi får teste mye gøy som halsring, snørekjøring, arbeidssele og mounted games

Olivia Bjørge

Nyheter

Tok pause fra studiet for å gå på folkehøgskole

– Studie og folkehøgskole er to helt forskjellige hverdager, sier 20 år gamle Ida Vangen.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

2. Års hestesport

Fjordane folkehøgskule
Helårskurs
18 t/uke
Frilynt

Hesteliv

Peder Morset folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Hest og natur

Namdals folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Hest - Island

Nordvestlandet folkehøgskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Hestesport

Hurdal Verk folkehøgskole
Helårskurs
14 t/uke
Kristen

Økologisk småbruk

Fosen Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Dyrepasser - Park Nordica

Namdals folkehøgskole
Helårskurs
17 t/uke
Frilynt

Dyreomsorg, Sør-Afrika

Jæren Folkehøgskule
Helårskurs
12 t/uke
Frilynt

Dyreomsorg

Evje Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Islandshest, trekkhund, friluftsliv

Torshus folkehøgskule
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Hundekjøring - Finnmarksløpet

Alta folkehøgskole
Helårskurs
Kristen