
- Fjordane folkehøgskule
- Telefon: 57 88 98 80
- E-post: post@fjordane.fhs.no
- Kurslengde: Heilårskurs
- Studietur for linja: Linjetur til Island
- Studietur for skulen: Strandryddeseilas , Fjord Explore, Surf, fjell og camp - Overnattingstur til Hoddevik, Vintertur til Stigedalen
- Verdigrunnlag: FrilyntDei frilynte folkehøgskulane har verdigrunnlag som ikkje tek utgangspunkt i eitt bestemt livssyn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
-
Tilbyr: Vegetar, veganDei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
- Miljøsertifisering:
MiljøfyrtårnSertifisering for skoler som dokumenterer miljøinnsats og viser samfunnsansvar.DebioMerkeordning for skoler som har økologisk mat og drikke.FairtradeSertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
- Stad: Stad kommune
- Oppstartsdato: Laurdag 26. august 2023
- Linjefag: 18 timar/veke
- Pris: fra 126 600,-
- Følg linja på Facebook
- Følg linja på Instagram
Bli med på ei reise både gjennom tid og til ulike stadar. Ta del i den norske kulturarven, og lær om korleis vikingane levde. Utforsk gamle mat- og handverkstradisjonar, og den vakre Nordfjordnaturen.
Vikinglivlinja har fokus på friluftsliv, matauk og sjølvberging. Naturen har alltid vore ein viktig ressurs for mennesket, og her får du lære å hauste og skape av det fjord, fjell og hav har å by på. Vi tar med fiskestanga i sekken, slår leir og lagar mat på bål. Gled deg til å kjenne på den gode stemninga og samholdet med gjengen rundt bålet.
Du får også prøve deg i rolla som handverkar, og du lære å halde i hevd gamle handverkstradisjonar som stammar heilt tilbake til vikingtida. Metall, tre, stoff, skinn, glas og leire skal formast av deg til ting som ein viking ville ha brukt.
Tenk å kunne smi ditt eige bestikk, eller sy dine eigne sko i lær. Du får også lære å sy dine eigne klede, veve med brikkeband, lage smykke og fine ting i tre, for å nemne noko. Dette er linja for deg som vi lære meir om kulturarven vår, både historia og i praksis.
Hesten var eit viktig framkomstmiddel og arbeidskraft for vikingane. På skulen vår får du moglegheita til å utforske hesteinteressa di gjennom det valfrie fordjupningsfaget i hest. Vi har fleire fordjupningsfag du kan velge mellom, enten på di eiga linje eller ei av dei andre linjene på skulen.
Les meir om linja her: fjordane.fhs.no