Til hovedinnhold
Ledig plass

Butrening.Aktivitet er for deg som vil bli meir sjølvstendig i eit trygt miljø og stort fellesskap. Du set deg eigne mål, og undervisninga blir tilpassa deg.

Det er godt å ha ekstra støtte når du skal prøve noko nytt i kvardagen. For nokon kan det vere å ta kontakt med andre, å gjere daglege aktivitetar eller å reise. For andre kan det vere å få meir sjølvtillit.

På Butrening.Aktivitet får du tilpassa undervisning i trygge omgjevnader. Her trenar du på å bu åleine, delta i aktivitetar og å vere saman med andre ungdommar.

Saman får vi utrulege ting til å skje!

Det meste av det beste:
Friluftsliv | Mat/helse | Turplanlegging | Veiledningssamtalar | Fotobok | Nettvett/telefonbruk | Scenetrening | Personleg økonomi | Musikk | Drama/stemmebruk | Maling/snekring | Personleg hygiene | Filmlaging | Konfliktløysing | Rom-/klevask | Bedriftsbesøk | Utlandstur | Innsamlingsaksjon | Museumsbesøk | Skuleutveksling

PS:
Denne linja krev støtte frå NAV. Av den grunn kan det vere lurt å søkje tidleg. Søknadsskjema er tilgjengeleg frå 1. oktober og opptaket skjer fortløpande.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjå magasinet 2019/20 på nett
Les meir om studietur og linjeinnhald

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Reisemålet for Butrening.Aktivitet vert bestemt etter skulestart ut frå føresetnadane til elevgruppa. Skuleåret 2017-2018 er klassa i Sør-Spania. 

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar. 

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 4

Sunnmøre
Det er eit stadnamn spekka med turistattraksjonar. Her finn du dei sju underverka Geiranger, Hjørundfjorden, Ålesund, Flø, Strandafjellet, Sunnmørsalpane og Runde. Du får med andre ord verdsarv, djupe fjordar og sylkvasse tindar, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Og du får spennet mellom Noregs vakraste by og ein liten kunstnerstad. Til saman vert det 15 dagar med fellesturar på di nye heimebane. Eigentleg treng du ikkje meir. Men du får meir. På linjeturane får du verda med på kjøpet. 

Verda
Her (sunnmore.fhs.no/studieturar) kan du sjå film og bilder og lese meir om turane på Sunnmøre - og linjeturane til USA, Tanzania, Hawaii, Spania, Sør-Afrika og Midtausten. 

bildetekst

Ingfrid Grimstad

Lærar - Butrening.Aktivitet

Ingfrid har hovudansvaret for Butrening.Aktivitet og er utrulig nok snillare enn det sjølvaste Mor Theresa var på same alder. Ho er lærar i valfag som teatersport, kvilepuls og strikking/hekling. Ingfrid er utdanna musikklærar og spelar meir enn gjerne på go’følelsen.

Epost: ig@sufh.no
Telefon: 70009600/70009620

Beate H. Langnes

Lærar - Butrening.Aktivitet

Beate er ein av lærarane på Butrening. Aktivitet som har litt for mykje overskot. Som utdanna formingslærar har ho kreative valfag som redesign, maling og foto. Og berre for å vise at ho også kan roe ned, er ho valfaglærar i kvilepuls og mat på bål.

Epost: bhl@sufh.no
Telefon: 70009600/70009620

Martin Endresen

Lærar - Butrening.Aktivitet

Martin kunne vore mentoren til McGyver, men valde i staden folkehøgskulelivet. Her er han guttas mann på Butrening.Aktivitet. Martin er valfaglærar i knivlaging og andre praktiske fag. I tillegg er han ein nevenyttig vaktmeister om det vert tid til overs.

Epost: me@sufh.no
Telefon: 70009600/70009620

Eit år på folkehøgskule skil seg frå det du har gjort av skulegang tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt eller skiveke. Eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager festival på ein opplevingsgard. Ulikskapane til trass; under finn du eit døme på ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

"Forvent mykje, få meir"
Eit folkehøgskuleår kan ikkje dokumentarast i ein årsplan eller på ein nettstad. Dei gir berre ein liten, liten smakebit av kva som kan vente deg. Difor seier vi: "Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det." 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 25-30 ulike valfag. Du vel to av dei på haustsemesteret og to nye etter jul. Du bestem sjølv om valfaga skal supplere linjefaget ditt eller om du vil ha fag som utfordrar deg på heilt nye områder. NB: Valfagtilbodet kan variere noko frå år til år.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har eige danselinje. I dette valfaget kan du også få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Det blir timar med ulike dansestilar som til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kvikke finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Etter kvart set du akkordane saman og spelar og syng deg gjennom nye og gamle låtar.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet! Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg! Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet og til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Vipps, så har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett, motefotografering og forgrunn/bakgrunn.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? Velkomen og velbekomme...

Maxpuls/Treningsinstruktør

Eit praktisk fag der du lærer å bygge opp/leie ein treningstime for grupper. Du vel sjølv fordjuping: spinning, styrke eller kombitimar som til dømes step/styrke. Du får treningsinstruktørbevis.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både digitale og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Faget der omsorg og nestekjærlighet står i sentrum. Her blir det møte med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og saman med enslege, mindreårig asylsøkjarar.

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Frå bloggen

Begynn på folkehøgskole i januar!

Angrer du på at du ikke valgte folkehøgskole i august? Eller har du kun tid til å gå på folkehøgskole et halvt år? Sjekk ut ...

Les meir på bloggen ▷

Bestill katalogen for 2019/2020

Få full oversikt over skoler og linjer, og bli kjent med livet på folkehøgskole.

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Allround

Lundheim folkehøgskole
Fullt
Helårskurs A9 t/ukeKristen

Aktiv - Spania

Folkehøgskolen Nord-Norge
Ledig plass
HeilårskursKristen

Bo og fritid

Jæren folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs15 t/ukeFrilynt

Friluftsliv Ingen grenser

Alta folkehøgskole
Ledig plass
HeilårskursKristen

Bu og fritid

Fjordane Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs18 t/ukeFrilynt

Musikk Bo Fritid

Musikkfolkehøgskolen Viken
Ledig plass
Heilårskurs9 t/ukeKristen

Friluftsliv / Bu og fritid

Nordfjord folkehøgskule
Fullt
HeilårskursKristen

Aktiv hverdag - botrening

Høgtun Folkehøgskole
Ledig plass
Heilårskurs29 t/ukeKristen

Musikk, Bu og Fritid

Manger Folkehøgskule
Fullt
Heilårskurs21 t/ukeFrilynt

Aktiv Bo og Fritid - Europa

Valdres folkehøgskole
Venteliste
HeilårskursKristen

Botrening

Grenland Folkehøgskole
Fullt
HeilårskursKristen

Kreativ Livslære

Bjerkely folkehøyskole
Kontakt skulen
Heilårskurs16 t/ukeKristen