Til hovedinnhold

Personleg Trenar

  • Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
  • Telefon: 7000 9600
  • E-post: post@sufh.no
  • Kurslengde: Helårskurs
  • Oppstartsdato: 22.08.2026
  • Pris: fra 162 900,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
    Grønt flagg
    Internasjonal sertifisering for skoler som har opplæring i miljø.
  • Sted: Ulsteinvik
  • Studietur for linja: Treningsleir Europa
  • Studietur for skolen: Geiranger, Pudderjakt, Gøy-på-landet
Gira på PT-utdanning - og i tillegg få 30 studiepoeng?

På denne linja vil du lære så mykje om trening og helse at du rett etter skuleslutt kan bli sertifisert som Personleg Trenar i samarbeid med AFPT. Dei er størst i Norden på PT-utdanning. Faktisk kan du få 30 studiepoeng med på kjøpet om du ynskjer det. Det skjer i tilfelle via Høgskulen i Volda. Normalt kostar dette 60 000 kr. Du får det inkl. i linjekostnadane. 

Innhald
I løpet av året vil du lære om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Treningssenter
Undervisninga vil foregå på Sporty sine to treningssenter i byen. Her finn du ein crossfit-rigg, ein spinningsal, ein sal for gruppetreningar og det du treng av apparat og lause vekter. For 500 kr for eit heilt skuleår har du fri tilgong til treningssenter, klatrehall og badeland.

Folkehøgskuleår
Du får meir: Saman med andre linjer får du ballspel, surfing, RIB, vannsport, klatring, Via Ferrata og toppturar på ski og til fots i Sunnmørsalpane. I november venter ein treningsleir i varmare strøk med massevis av workshops. I sum får du dermed det beste av trening og eit folkehøgskuleår. 

Kurs
Hvis du ynskjer PT-sertifisering må du naturleg nok vere motivert for å jobbe målretta på fritida. Klarer du ein praktisk og teoretisk test rett etter skuleslutt har du ei EHFA nivå 4-sertifisering som gjer deg svært attraktiv som PT i inn- og utland. I tillegg kan du altså få 30 studiepoeng. 

Eigentleg er valget lett: Berre pakk treningsbag’n og kom!

Det meste av det beste
PT-utdanning | 30 studiepoeng | Programdesign | Treningslære | Anatomi | Fysiologi | Ernæring | Bevegelighet | Skadeforbygging | Base | Utholdenheit | Crossfit | Ballspel | Surfing | RIB | Vannsport | Klatring | Via Ferrata | Ski | Sunnmørsalpane

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/personleg-trenar/

Linja passer både for deg som anten berre ynskjer å fokusere på eigne treningsmål eller ynskjer å jobbe målretta for å bli ein PT. Det skjer i så fall i samarbeid med AFPT etter skuleslutt.

Dette vil du lære

I løpet av året vil du både jobbe med dine eigne treningsmål og med korleis du kan hjelpe andre til ein sunn og aktiv treningskvardag. På linja vil du lære mykje om treningsmetoder, programdesign, ernæring, anatomi, fysiologi, treningslære, bevegelighet, skadeforebygging, utholdenheit og mykje anna.

Våre forventninger til deg

Hvis du ynskjer å bli PT vil det forutsette ein solid eigeninnsats av deg. Det kan difor vere ein fordel, men ikkje eit krav, at du enten har gått idrettslinja på vidaregåande eller at du har erfaring frå systematisk trening frå tidlegare. Det viktigaste er likevel at du er motivert og at du er villig til å jobbe målretta for å utvikle deg fagleg.

Du søkjer deg inn på eit linjefag. Når året er omme kan det likevel vere opplegga på tvers av linjene som sit sterkast igjen.

Eit folkehøgskuleår er spekka med fellesopplevingar og turar - det finst nesten ikkje vanlege veker. Til det er det altfor mykje som skal gjerast på altfor kort tid. Litt struktur er det likevel i kvardagen.

Under kan du sjå det næraste vi kjem ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

Folkehøgskulelivet, og for så vidt livet generelt, liknar på Sunnmørsalpane: Det går opp og ned. Det fine er at du møter dagane med gode venner i ein heilt annleis skulekvardag enn på ein vidaregåande skule. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke.

Kva som blir ditt høgdepunkt i året gjenstår å sjå...

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje mellom 40-50 valfag som alle er inkludert i skulepengane. 

Du vel ulike valfag på mandagar og fredagar i fem perioder på haust og vår. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Du står sjølvsagt fritt til å velje om du vil lære noko nytt eller gjere meir av det du allereie er gira på. På denne måten set du saman ditt eige år.

Tilbodet vil naturlig nok variere noko - avhengig av talet på elevar, lærarsamansetjinga og interessa i elevflokken. Vi håper du har forståing for det. 

Ballspel

Det er lite som er så bra som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkompisar. Dei får du mange av, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ballaktivitetar.

Band / vokal

Du utfaldar deg i samspel med andre på instrument eller vokal innanfor ei tradisjonell pop/rock-besetning. Instrumenta er til fri bruk på fritida. Kanskje blir det ein mini-konsert på deg også?

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Chasing Light

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, sport-, portrett- og motefotografering.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Dansestilane er til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

E-sport

Du spelar på det nyaste og beste av maskinpark i lokalene til Metizport. Her lærer du strategi og lagspel av ein profesjonell e‑sportklubb heilt, heilt i verdstoppen i Counter‑Strike og Valorant.

Film-klassikarar

Du ser utvalde filmklassikarar frå ulike sjangrar og tidsepokar. Etterpå diskuterer du innhald, tema og filmspråk med klassekompisane og oppdagar at du ser film på ein ny måte neste gong.

Fotball

Gjer deg klar til eit fag med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette faget er for deg som har lyst å oppleve meir av sunnmørske fjell og hav.

Gitar

Faget er både for nybyrjarar og vidarekomne. Her lærer du sentrale akkordar og om korleis akkordar er bygde opp. Læraren er i norgestoppen som allsanggitarist - betre lærar finn du ikkje.

Golf - level 1

Faget er hovudsakleg for deg som vil ta "Veien til Golf"-kurset. Her lærer vi om reglar og trenar teknikkar (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Golf - level 2

Dette er for deg som har spelt endel tidlegare. Her jobbar du med sving, nærspel, putting og spelforståing. Du spelar på 9-holsbana til Sunnmøre GK og på klubben sin nye simulator.

Hjartevarme

Test ut om dette er noko du vil jobbe med i framtida! Du møter menneske frå ulike samanhengar, er på besøk hjå eldre og har opplegg saman med flyktningar og einslege asylsøkjar.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Du lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du imponere som kokk til kvardag og fest.

Impro / Scene

Du vil leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv for høgtideleg!

Innovasjon / Design

Skaparhuset er for deg som likar å utforske, skape, utvikle, dele idear, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikk-lab, VR-briller og robotar.

Klatring - level 1

Klatring i klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Klatring / buldring - level 2

I ein nye klatrehall og buldrehall vil du jobbe med bevegelsesteknikk og balanse. Du klatrar ute på nokre av dei mange sportsfelta med fokus på leding. Læraren held sjølv eit skyhøgt nivå.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet. Til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Så kjapt har du din eigen kniv og slire.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. Her blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Du formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Du malar på lerret med akrylmaling. Du jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje indrefilet pakka i deig og steikt rett på bålet?

Maxpuls

Eit praktisk fag der du får køyrd deg åleine eller i grupper. Du vel sjølv fordjuping: styrke, uthald eller crossfit. Gratis treningssenter 50 m frå skulen og gode løpestiar rett utafor døra.

MMA / Nærkamp / Sjølforsvar

Du lærar grunnleggande kampteknikkar, taktikk og sjølvforsvar. Du utviklar styrke, smidighet og sjølvtillit gjennom sparring med ein tidlegare profesjonell MMA‑utøvar i treningsstudioet hans.

Parkour / turn

Din nye leikeplass er i ein splitter ny turnhall med tumblingmatter, trampoliner og skumgrop. Her kan du jobbe inn nye triks saman med ein lærar som har vore i norgestoppen i parkour.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Det er mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

PR / SoMe

Du lærer å lage innhald og strategi for sosiale medier. Du jobbar med skulen eller linja di si profil. Du filmar, tek bilder, skriv innlegg og skapar engasjerande innhald frå kvardagen din.

Racket-mix

Her får du spele padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis. Faget er perfekt for deg som er glad i racket‑sportar, men ikkje vil velje berre éin. To squashbaner er til fri bruk på fritida.

Rando

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går du på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Redesign

Du startar faget med eit besøk på gjenbrukbutikken. Her kjøper du plagg og brukte kle som du etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Du kan også jobbe med møblar, lamper og liknande.

Sjakk

Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings- og sluttspel og med mål om å utvikle spelferdigheitene dine.

Skating

Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass med 500 kvadratmeter å boltre deg på! Du finn to ramper og ein street-del. Du jobbar med pushing, turning og drop‑in. Klarer du din fyrste Ollie?

Skriveverkstad

Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash

Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 m unna ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk og spilleforståelse, og framgangen ser du frå økt til økt.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kr. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre dette arbeidet.

Studio

Drøymer du om å lage eigen musikk? I skulen sitt studio lærer du om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Mac‑ar og Logic står til fri bruk heile døgnet.

Sweets By Cecilie

Du lagar franske makronar og andre go'saker. Du jobbar med fantasifull dekorering og eksperimenterer med smak og tekstur. Her skapar du dine eigne velsmakande meisterverk.

Terrengsykkel

10 syklar står og venter på deg som likar å utforske eit spektakulært "fjell-møter-hav"-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Læraren har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

VGS-fag

Dette er for deg som vil ta opp fag frå vidaregåande – anten for å kome inn på vidare studier eller berre for å forbetre ein eksamenskarakter. Her jobbar du sjølvstendig og i eige tempo.

Vokalgruppe

Vokalgruppa syng fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein mini-konsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikk, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep/forsvar. Det er eit fag der du vil sjå stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

X-fit / styrke

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon. X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Fra kr 162 900,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen (romtype: dobbeltrom)
  • Bad på rommet
  • Studietur: Geiranger
  • Studietur: Pudderjakt
  • Studietur: Gøy-på-landet
  • Studietur: Treningsleir Europa
  • Internett
  • Vaskemaskin
Minimumspris for linja 162 900,-

Du kan legge til (Huk av og se hvordan det påvirker prisen)

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 162 900,-
(16 290,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

Skulen har alt du treng av utstyr utover det personlege utstyret. Etter at du har takka ja til skuleplass vil du få ei pakkeliste som seier kva som er anbefalt å ta med.

På fritida har du tilgong til eit stort treningssenter med squashbaner 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kroner for eit heilt skuleår. 

Du vil møte tre lærarar på linja som alle på ulik måte vil følge deg opp i løpet av året. To av dei er sjølv Personleg Trenar og jobbar i dag som kursholdarar i PT-bransjen. Dei sørger for at du blir oppdatert på dei best dokumenterte treningsmetodane og den nyaste forskninga.

Sunnmøre Folkehøgskule er den einaste folkehøgskulen AFPT har eit samarbeid med. Det er på grunn av linja sitt høge faglege nivå at det også har eit samarbeid med Høgskulen i Volda der du kan ta 30 studiepoeng rett etter skuleslutt. 

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Reise, livsstil, helse

Risøy Folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

RAW

Fredrikstad Folkehøyskole, Haugetun
Helårskurs
Kristen

Team O2 - Danmark, Sierra Nevada.

Numedal folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

Life Changing Fitness - Marokko og Bali

Solborg folkehøgskole - Stavanger
Helårskurs
12 t/uke
Kristen

CrossFit - Interrail, Asia.

Numedal folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

PULS - trening, velvære & personlig vekst

Hedmarktoppen folkehøyskole
Helårskurs
18 t/uke
Kristen

Pulse & power Brasil

Skogn folkehøgskole
Helårskurs
14 t/uke
Frilynt

Råsterk Hyrox Bali

Molde Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Hardhaus - trening til Norges tøffeste yrker

Trondheimsfjord Folkehøgskole
Helårskurs
Kristen

Personlig trener

Follo Folkehøgskole
Helårskurs
15 t/uke
Frilynt

RÅSKINN: Fysisk og mental trening

Hurdal Verk folkehøgskole
Helårskurs B
14 t/uke
Kristen

Energyboost & Trening - Bali

Karmøy Folkehøgskule
Helårskurs B
10 t/uke
Frilynt

GOLF / instruksjon, spill, simulator

Stavern folkehøyskole
Helårskurs
Kristen

Beach & Volleyball

Sunnfjord Folkehøgskule
Helårskurs
14 t/uke
Kristen