Til hovedinnhold

Musikk feat. Friluft

Dei fleste linjedagane er du i øvingslokala, i studio eller på scena. Her kan du utvikle deg på det du allereie er god på. Om gitar er hovudinstrumentet ditt, er det likevel ikkje usannsynleg at du sit bak trommesettet på huskonsertar og jamsessions.

Du vil få lære meir om låtskriving, opptak og miksing. Instrument, Mac’ar og Logic står til fri bruk. På Norges kanskje mest aktive musikklinje får du likevel enda meir. På go’versdagar blir du gira av kajakk, ski, surfing og klatring. I London og i Sør-Europa får du ulike  workshops, musikalar og konsertar. Dette er eit halvår der musikk vert miksa med dei beste friluftslivsaktivitetane Sunnmøre har å by på.

Det meste av det beste:
Studietur til London | Huskonsertar | Friluft.Sunnmøre | Studioarbeid | Låtproduksjon | Jamsessions | Loop pedal | Rytmelære/høyrelære | Låtskriving | Band | Musikkvideo | Samspel | Sangteknikk | Kor/vokalgruppe | Besifring piano/gitar | Surfing | Toppturar | Klatring | Kajakk

Info om halvårskurset:
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Linjeinnhaldet kan variere noko frå år til år, mellom anna pga veret. Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett
Les meir om Musikk.Friluft på sunnmore.fhs.no

London

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Måltider pr dag inkludert: 3

Du treng ikkje reise langt for å oppleve heftig storbypuls! London byr på det meste av det beste. Her er det nesten for mykje å velje mellom...

Dei fyrste par dagane er du ein litt annaleis turist når klassa har sin eigen «Amazing Race»-versjon. Då får du sett nokre av dei mest kjende attraksjonane som Big Ben, The London Eye, Soho, Hyde Park, Oxford Street, Piccadilly Circus, Buckingham Palace, Covent Garden, Tower of London, Madame Tussauds og andre turistattraksjonar. Undervegs får du challenges for å tene ein pund eller ti, for eksempel som gatemusikant eller som musikar på t-bana. I tillegg får du kjenne på storbystemning når du opplever ein Premier League-kamp i fotball eller når du oppsøkjer dei største handelgatene på shopping-jakt.

Men London er så mykje meir. I trange smågater finn du skjulte skattar på musikkforretningar og vintage-butikkar. Kanskje kjøper du di fyrste LP-plate der? Og på Abbey Road kopierer du The Beatles og tek det obligatoriske bildet der du krysser gata saman med dine beste venner. I løpet av dagane er det også lagt opp til workshops, studiobesøk, artistmøter, konsertar, klubbscener og musikalar som gjer at du blir gira og får sett noko at det hippaste musikkverda har å by på.

I London får du ei fin blanding av fellesopplegg med heile klassa, valfrie opplegg i smågrupper og tid til eigne prosjekt. Det blir ein solid miks av musikkopplegg og storbypuls. Vi trur ikkje du blir skuffa…

 

Her kan du lese meir om skulen sine studieturar.

Interrail Europa

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Varighet: 1 veke

Umiddelbart etter Londonturen ventar enda ei turoppleving. Då reiser vi direkte vidare til Sofia i Bulgaria for å treffe linja SjøSnøSurf som er på sin interrailtur. Saman reiser vi rundt i Sør-Europa med tog og buss før vi til slutt endar opp i Hellas. Herifrå er det fly tilbake til Norge. Reiseruta blir endra litt kvart år, men opplevinga av å oppsøke nye kulturar, møte nye folk og nye plassar er den same. 

I videoen kan du sjå litt av kva linja SjøSnøSurf fekk med seg på turen i 2023. 

Håvard Kopperstad Funderud

Lærar - Musikk.Friluft

Håvard er ein sportsidiot som heldigvis vart eit musikkgeni. Løpeskoa og langrennskia er borte og no er han i staden lærar og frilansmusikar. Håvard bles hardare i trombona enn orkanar bles på Vestlandet og han likar gjerne å gje flat loop-pedal. 

Epost: hkf@sufh.no
Telefon: 70009600

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Linjer ved skulen

Les mer om skolen

Fra kr 79 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: London
    • Mat (3 måltider per dag)
  • Studietur: Interrail Europa
Minimumspris for linja 79 500,-

Lån og stipend

Summen du må dekke selv 79 500,-
(15 900,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr på rundt 2500 kroner. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Skulen er universelt utforma.

Søk på linjaMeir om skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Karin

Sjekk ut Karin Melón på Spotify eller Youtube.

Karin
Wingsuits

Sjekk ut Wingsuits på Spotify eller Youtube.

Frå bloggen

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som liknar denne

Visuell kunst & Street Art

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvårskurs høstFrilynt

Høsteventyr 2024 - Polarhund og friluftsliv

Folkehøgskolen 69 Grader Nord
Halvårskurs høstKristen

Tegneserie & Manga halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Multisport - halvårskurs høst 2024

Ringerike Folkehøgskole
Halvårskurs høst16 t/ukeFrilynt

Skuespill halvår, høst 2024

Solbakken folkehøgskole
Halvårskurs høst36 t/ukeFrilynt

Forberedelse til førstegangstjeneste (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Matlinja (høst 2024)

Øyrekka folkehøgskole
Halvårskurs høst13 t/ukeFrilynt

Friluftsliv X // Bali - haust 24

Møre Folkehøgskule
Halvårskurs høst15 t/ukeFrilynt

Freeride, høst 2024

Rødde folkehøgskole – Trondheim
Halvårskurs høstKristen

Musikk

Sunnhordland folkehøgskule
Halvårskurs høstFrilynt

Spillutvikling halvår

Bjerkely folkehøyskole
Halvårskurs høstKristen

Musikkproduksjon - høst

Skjeberg Folkehøyskole
Halvårskurs høst17 t/ukeFrilynt