The Christian folk high schools are built on Christian values. They are owned by, or associated with, Christian organizations or denominations. They encourage students with different interests and beliefs to apply.
Food: Vegetarian
Most schools will accommodate food allergies and other dietary needs. If you have questions, please contact the school directly.
Environmental certification:
Fairtrade
•
Grønt flagg
Location: Ulsteinvik
Study tour for the course: Spania
Study tour for the school: Geiranger, Pudderjakt på Bjorli, Gøy-på-landet
Målet med denne linja er først og fremst å gje deg opplæring i aktivitetar i dagleglivet (ADL). Her er fire ord på T viktige: tid, tryggleik, tilpassing og tillit. Fordi det er fleire vaksne på denne linja, kan du bruke meir tid når det er nødvendig. Du vil få trygge rammer når du skal lære, og oppgåvene blir tilpassa dine føresetnader. Du vil få tillit til å prøve nye ting og utvikle deg som menneske.
Fellesskap For nokre kan det viktigaste læringsmålet vere å få meir sosial trening. For andre kan det vere å få større sjølvtillit i ulike situasjonar ein møter i kvardagen. Denne læringa vil skje i eit stort fellesskap saman med 100 andre ungdommar.
Sjølvstendig Du vil få mykje trening i å bu åleine, slik at du blir meir sjølvstendig når du skal flytte for deg sjølv og starte vaksenlivet. Her vil du arbeide med tema som økonomi, reinhald, personleg hygiene, døgnrytme, kosthald og nettvett, for å nemne noko.
Eigne mål Kvar veke vil du få prøve deg på eit mangfald av aktivitetar innan mat og helse, musikk, kunst, friluftsliv og idrett. Saman med dei andre elevane i klassen vil du oppleve meistring og glede. Du vil setje deg mål og oppdage nye sterke sider ved deg sjølv.
14 dagar med kortreist glede På di nye heimebane får du mange dagar på tur med heile skulen. Saman med turistar frå heile verda får du sjå verdsarvområder i Geiranger med djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar.
I Ålesund, Norge sin vakraste by, tar du ein espresso og på fuglefjellet Runde ser du lundefuglen side om side med dedikerte naturfotografar med fotoutstyr til verdiar tilsvarende ein Tesla.
På Bjorli ventar ei veke på ski på det som kanskje er den mest snøsikre staden i landet. På Strandafjellet Skisenter helsar du på skiprofilar og får laussnøkøyring i verdsklasse midt i Sunnmørsalpane.
Året avsluttast på Hakallegarden. Då overtar skulen ein stor opplevingsgard og lagar ein "gøy-på-landet"-festival spekka med rare dyr, god mat, konsertar, diverse workshops, barbeque og cowboyfest.
Best av alt: Neste år er det din tur.
Geiranger
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
Det aller meste av det beste byrjar med ein god start. Det gjer også eit folkehøgskuleår
Etter tre-fire veker på skulen sjekkar du inn på vakre Orreneset Leirstad i Sykkylven, midt mellom bre, fjell og fjord i Sunnmørsalpane. Der kan du gå på fjelltur, ta eit morgonbad, sove i hengekøye, spele fotball og volleyball, padle, ete god mat og avslutte ein fullspekka dag i fred og ro framfor leirbålet.
Høgdepunktet for mange er likevel turen inn Geirangerfjorden i eigen sightseeingbåt. Då får du sjå dei verdskjende fossane og dei stupbratte fjellsidene på nært hald. Du får også med deg ein tur opp til den spektakulære fjellgarden Skageflå. Det er på sånne dagar du forstår kvifor cruiseturistar frå heile verda har Geiranger på si bucket list.
På denne turen får du god tid til å betre kjend med dei nye klassekameratane dine. Når du kjem attende til skulen har du lært fleire namn og fått fleire nye venner enn du trudde kunne vere mogleg på få dagar.
Pudderjakt på Bjorli
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø og gode skiopplevingar
Bjorli Skisenter er eit av dei mest snøsikre stadene i landet og byr på nydeleg skikøyring i dei elleve nedfartane. Her er løyper med variert vanskegrad - alt frå ein fem km lang nybyrjarvenleg rundløype til ein utfortrase rekna på Europacup-køyrarar som har det veldig travelt.
Bjorli byr også på fin, heisnær skogskøyring om du er av dei som likar det best. Her er små klippar du kan droppe frå, og dette er ein flott stad for å oppleve trygg og lett tilgjengeleg offpiste-køyring.
Dette er sosiale dagar med mykje skiglede i løypene, i parken, i laussnøen eller i solveggen utanfor varmestova. På kveldstid ventar god mat og like god underhaldning på Bjorliheimen som er eit tidlegare hotell. Og har du meir energi til overs, er det også mogleg å få seg ein treningstur i supre langrennsløyper.
Dette er kort oppsummert ei veke som dessverre er over alt for fort!
Gøy-på-landet
Mandatory: Yes
Price: Included in course price
På slutten av skuleåret pakkar vi soveposar og lavvoar og lagar vår eigen festival på ein bondegard.
Hakallegarden er ein opplevingsgard som har besøk av titusenar av turistar i løpet av eit år. Ei lita veke i slutten av april er det vi som tek over drifta av staden. Då er det til dømes du som skal stelle og fòre alpakkaen, påfuglen, eselet og miniatyrhestane. Og det er du som skal køyre Gråtass-traktoren.
Men festivalen er mykje meir enn berre dyrestell og gardsarbeid. Her er det mogleg å velje workshops der du kan padle på storhavet, segle i nordavinden, fiske frå ei 40-fots fiskeskøyte, vere med på RIB-turar, tove ull, lage batikk t-skjorter, flette eiga hengekøye, stisykle eller ete indrefilet steikt på bål i ein kjele med sand.
På ettermiddag- og kveldstid er det cowboyfest og linedance, kulturaften, konsertar, barbeque og konkurransar i bæring av staur, hesteskokasting og bogeskyting. Trøytt og utslitt går du og legg deg i soveposen i ein lavvoleir med plass til 120 medelevar.
Det er dette som er “Gøy på landet”.
The school has the YMCA-Mission and Christian anthropology as basis for the teaching. Our main subjects are: * Sport.Ballplay * Outdoor life (Multisport) * Water & ski * Music *Golf. You can travel to Ulsteinvik by airplane, bus and boat.