Til hovedinnhold

Golf.Idrett - haust

  • Sunnmøre Folkehøgskule – Ulsteinvik
  • Telefon: 7000 9600
  • E-post: post@sufh.no
  • Kurslengde: Halvår — høst
  • Oppstartsdato: 22.08.2026
  • Linjefag: 30 timer/uke
  • Pris: fra 89 500,-
  • Verdigrunnlag:
    Kristen
    Dei kristne folkehøgskulane har eit kristent verdigrunnlag. Dei er eigde av, eller knytt til, kristne organisasjonar eller trussamfunn. Dei vil gjerne ha elevar med ulike interesser og livssyn.
  • Tilbyr: Vegetar
    Dei fleste skulane legg til rette for dei som har matallergiar og andre behov. Ta gjerne kontakt med skulen.
  • Miljøsertifisering:
    Fairtrade
    Sertifisering for skoler som tilbyr Fairtrade-merkede produkter og bevisstgjør om rettferdig handel.
    Grønt flagg
    Internasjonal sertifisering for skoler som har opplæring i miljø.
  • Sted: Ulsteinvik
  • Studietur for linja: Sør-Afrika
  • Studietur for skolen: Geiranger
Få ein perfekt miks av masse golf, ulike idrettar og tur til Sør-Afrika!

På denne linja vil du spele på ulike baner på Sunnmøre. I tillegg speler du i Sør-Afrika i november. Her får du svinganalyse av ein lærar med 0,8 i handicap som ynskjer å formidle golfglede, anten du er ein fersk eller erfaren spelar.

Heimebane
På Sunnmøre GK si 9-holsbane har du gratis spelerett og du har fri tilgong til klubben sin nye Trackman simulator. Bana ligg berre eit langt utslag frå skulen. Her kan du spele så myke du vil på fritida. Om du ynskjer meir speletid kan du også ha golf valfag. Legg du til speling i helgar og på kveldstid, vil du garantert få nok golf til å utvikle deg.

Meir enn golf
Utanfor golfsesongen vil du vere saman med linja Idrett.Ball. Då får du ulike ballspel, surfe i Hoddevika, klatre Via Ferrata, køyre styggfort på gokartbana, vere snikskytter i paintball, dødse frå 5-meter’n, teste ut ein dag med paraglider, trene så mykje du vil på treningssenter og mykje anna.

Sør-Afrika
På turen til Sør-Afrika får du spele på nokre fantastiske golfbaner. Du får høg puls i ditt fyrste fallskjermhopp og i verdas lengste strikkhopp på 216 m, du surfar og er sjølvsagt ein dag på Safari. På Robben Island får du besøke fengselscella til Nelson Mandela.

Eigentleg er vel saken klar?
Berre pakk golfbagen og kom!

Det meste av det beste
Sør-Afrika | Gratis spelerett | Trackman golfsimulator | Sunnmøre Golfklubb | Golf i Cape Town | Veien til golf-kurs | Svinganalyse | Spel ned hcp ditt | Turnering | Fotball/volleyball | Treningssenter | Surfing | Paragliding testdag | Stup/døds | Paintball | Leirdueskyting | Frisbee-/fotballgolf | Fallskjerm | Safari

Info om halvårskurset
For mange kan det vere vanskeleg å få til eit heilt år på folkehøgskule, enten på grunn av militærteneste, studiar eller jobb. Då kan eit halvårskurs vere ei glimrande løysing. Det er lenge nok til at du blir kjent med elevane og kjem inn i det sosiale miljøet.

Sidan studieturen ligg på hausten, er prisen høgare på haust enn på vår. Då er det greitt å vite at du får støtte frå Lånekassen.

PS: Ein del av innhaldet vil vere saman med heilårskurset. Det kan bety at nokre av punkta ovanfor vert flytta til vårsemesteret. Det er difor ikkje er sikkert at du får oppleve alle aktivitetane. Vi håpar likevel at du får meir enn nok til å bli fornøgd.

Fortsatt nysgjerrig?
Les meir om linja på sunnmore.fhs.no/linjer/golf-idrett

På Sunnmøre GK si 9-holsbane har du gratis spelerett og du har fri tilgong til klubben sin nye Trackman simulator. I tillegg speler du på fantastiske banar i Sør-Afrika i november.

Dette vil du lære

Golflærar Per Bernt har for tida 0,8 i handicap. For han er den største motivasjonen å formidle golfglede til både ferske og erfarne spelarar. Opp gjennom åra har linja hatt elevar med 54 i handicap og elevar med pluss-handicap. Om du ynskjer det, vil han gje deg svinganalyse som bidreg til at du spelar deg ned i handicap i løpet av skuleåret.

Våre forventninger til deg

Eit friår er ikkje det same som eit år fri. I staden kan du jobbe med interessa di på ein heilt ny måte.

Ingen forventer sjølvsagt at du skal mestre alle aktivitetane frå før. Det viktigaste du kan bidra med er ei sporty innstilling, stå-på-vilje og ein lyst til å teste ut nye aktivitetar. Då blir resultatet ofte eit godt klassemiljø med venner du kanskje vil ha for resten av livet. 

Per Bernt Aske - Golf og Idrett

På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" er beinhard på fotballbanen, følsom på putting-greenen og mannen bak hashtagen #minjobberbedreenndinferie.

Epost: pba@sufh.no
Telefon: 91661814

Du søkjer deg inn på eit linjefag. Når året er omme kan det likevel vere opplegga på tvers av linjene som sit sterkast igjen.

Eit folkehøgskuleår er spekka med fellesopplevingar og turar - det finst nesten ikkje vanlege veker. Til det er det altfor mykje som skal gjerast på altfor kort tid. Litt struktur er det likevel i kvardagen.

Under kan du sjå det næraste vi kjem ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

Folkehøgskulelivet, og for så vidt livet generelt, liknar på Sunnmørsalpane: Det går opp og ned. Det fine er at du møter dagane med gode venner i ein heilt annleis skulekvardag enn på ein vidaregåande skule. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke.

Kva som blir ditt høgdepunkt i året gjenstår å sjå...

Last ned årsplan som pdf ↓

Du kan velje mellom 40-50 valfag som alle er inkludert i skulepengane. 

Du vel ulike valfag på mandagar og fredagar i fem perioder på haust og vår. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Du står sjølvsagt fritt til å velje om du vil lære noko nytt eller gjere meir av det du allereie er gira på. På denne måten set du saman ditt eige år.

Tilbodet vil naturlig nok variere noko - avhengig av talet på elevar, lærarsamansetjinga og interessa i elevflokken. Vi håper du har forståing for det. 

Ballspel

Det er lite som er så bra som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkompisar. Dei får du mange av, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ballaktivitetar.

Band / vokal

Du utfaldar deg i samspel med andre på instrument eller vokal innanfor ei tradisjonell pop/rock-besetning. Instrumenta er til fri bruk på fritida. Kanskje blir det ein mini-konsert på deg også?

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Chasing Light

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, sport-, portrett- og motefotografering.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Dansestilane er til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

E-sport

Du spelar på det nyaste og beste av maskinpark i lokalene til Metizport. Her lærer du strategi og lagspel av ein profesjonell e‑sportklubb heilt, heilt i verdstoppen i Counter‑Strike og Valorant.

Film-klassikarar

Du ser utvalde filmklassikarar frå ulike sjangrar og tidsepokar. Etterpå diskuterer du innhald, tema og filmspråk med klassekompisane og oppdagar at du ser film på ein ny måte neste gong.

Fotball

Gjer deg klar til eit fag med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette faget er for deg som har lyst å oppleve meir av sunnmørske fjell og hav.

Gitar

Faget er både for nybyrjarar og vidarekomne. Her lærer du sentrale akkordar og om korleis akkordar er bygde opp. Læraren er i norgestoppen som allsanggitarist - betre lærar finn du ikkje.

Golf - level 1

Faget er hovudsakleg for deg som vil ta "Veien til Golf"-kurset. Her lærer vi om reglar og trenar teknikkar (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Golf - level 2

Dette er for deg som har spelt endel tidlegare. Her jobbar du med sving, nærspel, putting og spelforståing. Du spelar på 9-holsbana til Sunnmøre GK og på klubben sin nye simulator.

Hjartevarme

Test ut om dette er noko du vil jobbe med i framtida! Du møter menneske frå ulike samanhengar, er på besøk hjå eldre og har opplegg saman med flyktningar og einslege asylsøkjar.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Du lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du imponere som kokk til kvardag og fest.

Impro / Scene

Du vil leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv for høgtideleg!

Innovasjon / Design

Skaparhuset er for deg som likar å utforske, skape, utvikle, dele idear, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikk-lab, VR-briller og robotar.

Klatring - level 1

Klatring i klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Klatring / buldring - level 2

I ein nye klatrehall og buldrehall vil du jobbe med bevegelsesteknikk og balanse. Du klatrar ute på nokre av dei mange sportsfelta med fokus på leding. Læraren held sjølv eit skyhøgt nivå.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet. Til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Så kjapt har du din eigen kniv og slire.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. Her blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Du formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Du malar på lerret med akrylmaling. Du jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje indrefilet pakka i deig og steikt rett på bålet?

Maxpuls

Eit praktisk fag der du får køyrd deg åleine eller i grupper. Du vel sjølv fordjuping: styrke, uthald eller crossfit. Gratis treningssenter 50 m frå skulen og gode løpestiar rett utafor døra.

MMA / Nærkamp / Sjølforsvar

Du lærar grunnleggande kampteknikkar, taktikk og sjølvforsvar. Du utviklar styrke, smidighet og sjølvtillit gjennom sparring med ein tidlegare profesjonell MMA‑utøvar i treningsstudioet hans.

Parkour / turn

Din nye leikeplass er i ein splitter ny turnhall med tumblingmatter, trampoliner og skumgrop. Her kan du jobbe inn nye triks saman med ein lærar som har vore i norgestoppen i parkour.

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Det er mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

PR / SoMe

Du lærer å lage innhald og strategi for sosiale medier. Du jobbar med skulen eller linja di si profil. Du filmar, tek bilder, skriv innlegg og skapar engasjerande innhald frå kvardagen din.

Racket-mix

Her får du spele padel, squash, pickleball, badminton og bordtennis. Faget er perfekt for deg som er glad i racket‑sportar, men ikkje vil velje berre éin. To squashbaner er til fri bruk på fritida.

Rando

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går du på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Redesign

Du startar faget med eit besøk på gjenbrukbutikken. Her kjøper du plagg og brukte kle som du etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Du kan også jobbe med møblar, lamper og liknande.

Sjakk

Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings- og sluttspel og med mål om å utvikle spelferdigheitene dine.

Skating

Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass med 500 kvadratmeter å boltre deg på! Du finn to ramper og ein street-del. Du jobbar med pushing, turning og drop‑in. Klarer du din fyrste Ollie?

Skriveverkstad

Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash

Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 m unna ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk og spilleforståelse, og framgangen ser du frå økt til økt.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kr. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre dette arbeidet.

Studio

Drøymer du om å lage eigen musikk? I skulen sitt studio lærer du om musikkproduksjon, opptaksprosessar og miksing. Mac‑ar og Logic står til fri bruk heile døgnet.

Sweets By Cecilie

Du lagar franske makronar og andre go'saker. Du jobbar med fantasifull dekorering og eksperimenterer med smak og tekstur. Her skapar du dine eigne velsmakande meisterverk.

Terrengsykkel

10 syklar står og venter på deg som likar å utforske eit spektakulært "fjell-møter-hav"-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Læraren har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

VGS-fag

Dette er for deg som vil ta opp fag frå vidaregåande – anten for å kome inn på vidare studier eller berre for å forbetre ein eksamenskarakter. Her jobbar du sjølvstendig og i eige tempo.

Vokalgruppe

Vokalgruppa syng fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein mini-konsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikk, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep/forsvar. Det er eit fag der du vil sjå stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

X-fit / styrke

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon. X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Fra kr 89 500,-

Inkludert

  • Undervisning
  • Mat og rom på skolen
  • Studietur: Geiranger
  • Studietur: Sør-Afrika
    • Visum
Minimumspris for linja 89 500,-

Lån og stipend

Studiestøtten for neste år vedtas av Stortinget i desember, ny beløp for studiestøtte legges inn etter det.
Summen du må dekke selv 89 500,-
(17 900,- per måned)
Vår betalingsplan er i stor grad tilpassa utbetalinga frå Statens lånekasse.
Når du takker ja til skoleplassen må du betale et administrasjonsgebyr. Resten av summen betaler du månedsvis gjennom skoleåret. Nærmere informasjon får du fra skolen.

Dette utstyret får du låne av skolen

På Sunnmøre GK si 9-holsbane har du gratis spelerett og du har fri tilgong til klubben sin nye Trackman simulator.

Skulen har alt du treng av utstyr utover det personlege utstyret ditt. Etter at du har takka ja til skuleplass vil du få ei pakkeliste med oversikt over kva som er anbefalt å ta med.

På fritida har du også tilgong til eit stort treningssenter med squashbaner 50m frå skulen. Dette, og byen sitt badeland og klatrehall, kan du bruke så mykje du vil for 500 kroner for eit heilt skuleår. 

Ein av Norges finaste folkehøgskular er eit tidlegare hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er dine næraste naboar. Her bur du på store rom med eige bad med dusj, og med ei fantastisk utsikt over hav og fjell.

Ein av dei største fordelane med skulen er at alt er under same tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsalen, elevstover og klasseromma utan å ta på ytterkle. Det er ikkje berre praktisk, det gjer det også mykje meir sosialt og lettare å byggje eit godt skulemiljø.

Eit av elevromma er tilpassa rullestolbrukarar. Det er heis mellom etasjene og bygget er difor tilgjengelege for alle. Mikrofonar og lydanlegg finst i alle felles undervisningsrom.

Søk på linjaMer om skolenSkolens nettside

Nyheter

Demokratibussen 2025: Ungdomspolitikere reiser sammen og møtes til debatt

Fra 24. til 26. mars setter ni ungdomspolitikere seg på samme buss for å bo, debattere og møte elever på fire folkehøgskoler på Vestlandet.

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen

Linjer som ligner

Surf & Summit // HØST 26

Møre Folkehøgskule
Halvår — høst
Frilynt

Multisport - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Slow fashion & Søm - HØST 26

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — høst
Frilynt

SjøSnøSurf - haust

Sunnmøre Folkehøgskule
Halvår — høst
30 t/uke
Kristen

Høst - halvårskurs

Kristiansand folkehøgskole
Halvår — høst
15 t/uke
Kristen

Fleks høst 26

Risøy Folkehøyskole
Halvår — høst
29 t/uke
Kristen

Beach & Volleyball, haust 2026

Sunnfjord Folkehøgskule
Halvår — høst
14 t/uke
Kristen

Halvårskurs vår: Kampsport MMA Thailand

Skogn folkehøgskole
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt

Kreativ MIX (høst)

Vefsn Folkehøgskole - Toppen
Halvår — høst
15 t/uke
Frilynt

Høstkurs Din framtid

Åsane folkehøgskole - Bergen
Halvår — høst
Frilynt

Humor & Scene - halvårskurs høst 2026

Ringerike Folkehøgskole
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt

Yoga & Friluftsliv - HØST 26

Stavanger Urban Folkehøyskole StUF
Halvår — høst
Frilynt

Utøvende Musikk - halvårskurs høst 2026

Ringerike Folkehøgskole
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt

Design & Fashion - halvårskurs høst 2026

Ringerike Folkehøgskole
Halvår — høst
16 t/uke
Frilynt