Til hovedinnhold

Sunnmøre Folkehøgskule

Ein av Noregs finaste folkehøgskular er eit tidlegare SAS-hotell. Hav, fjordar, strender og Sunnmørsalpar er våre næraste naboar. Det er difor klatrarar, musikarar, filmskaparar, surfarar, skikøyrarar, kunstnarar og friluftsfolk kjem reisande hit frå fjern og nær. Dei vil oppleve noko vilt, vakkert og ekte. 

Søk på skulenLinjer


Musikk.Friluft | Idrett.Ball | Golf.Idrett | Multisport | SjøSnøSurf | Global.Safari | Alarm.Beredskap | Bo.Aktiv

På Sunnmøre finn du Geiranger, Hjørundfjorden, Strandafjellet Skisenter, Sunnmørsalpar og Runde Fyr. Her får du med andre ord djupe fjordar og sylkvasse vestlandstindar, brear, fuglefjell og skikøyring i verdsklasse. Legg vi til at Via Ferrata Loen og surfespot’n Hoddevika berre ligg halvannan time unna, forstår du at di nye leikegrind har det meste å by på.

Likevel: Eit år på folkehøgskule kan vere vanskeleg å dokumentere med ord og bilder. Denne nettstaden gjev berre ein liten smakebit av kva som ventar deg. Difor seier vi ofte: Du må oppleve det for å forstå det. Du må vere her for å få det!

Sjekk ut YouTube-kanalen
Sjekk ut skulebrosjyra på nett

Dette står vi for

«Vær deg sjølv. Stå opp for andre!»
Vi skal vere ein stad der komfortsona di vert utfordra, men der du likevel kjenner deg trygg på at du er på rett plass. Difor er det viktig at verdiar som ærlegdom, respekt og kjærleik pregar både undervisning, fritid og internatliv.

Vi er ein rusfri skule og byggjer på eit kristent og humanistisk verdigrunnlag. Slagordet til eigarane våre, KFUK-KFUM, er «Ver deg sjølv, stå opp for andre». Vi håper du opplever det som meir enn berre fine ord.

Eit friår er ikkje det same som eitt år fri. I staden seier vi at det er eit år med fridom til å lære. Og folkehøgskulen er ikkje opptatt av karakterar, men av karakteren din. Difor har vi nokre fellesfag som vi kallar for danningsfag. 

Med danning meinar vi forenkla sagt den kunnskapen du sit igjen med etter at du har gløymt det du har lært. Tygg litt på den!

Det handlar om noko meir enn faktalærdom og om å ta imot formidling. Det handlar om det som festar seg. Då snakkar vi - med litt store ord - om ein skule for livet. 

I løpet av skuleåret kan du velge mellom 35-40 valfag som alle er inkludert i skulepengane. Nokre av dei er på tre timar, andre ein heil dag. Då kan du lære nye ting eller gjere meir av det du likar best. Slik kan du sette saman ditt eige år. NB: Tilbodet kan variere noko frå år til år.

Ballspel

Det er lite som er så gøy som ei knallhard ballspeløkt med gode lagkompisar. Dei får du mange av, anten du er mest gira på volleyball, futsal, basket, innebandy eller andre ballaktivitetar.

Band/vokal/studio

Her kan du utfalde deg i samspel med andre på ulike instrument innanfor tradisjonell pop/rock-besetning. Undervisninga foregår i heilt nye øvingslokaler med eige studio og Mac'ar klar til bruk.

Barista

I skulen sin eigen vesle kaffebar kan du lære meir om prosessen frå kaffebønne til kaffekopp. Det blir tid til både espressobaserte drikkar, handbrygg, Latte Art og besøk på kaffebrenneri.

Dans

Skulen har mange gira dansarar. I dette valfaget kan du få terpe trinn, lære nye bevegelsar og oppleve danseglede. Dansestilane er til dømes hiphop/funk og jazz/contemporary.

Filmproduksjon

Eit folkehøgskuleår er spekka med opplevingar. Nokre av dei lagrar du på netthinna. Andre festar du til film. I dette faget lærer du korleis du kan jobbe med opptak, redigering og etterarbeid.

Fotball

Eit fag med mykje leik med ball og sjølvsagt mykje spel. Gjennom øvingar og spelsituasjonar får ein utvikle seg sjølv og samstundes evna til samspel med andre. Læraren har erfaring frå 1. div-spel.

Friluftsliv, topptur vinter

Dette er faget for deg som er glad i toppturar på ski eller brett. I løpet av vinteren/våren går vi på ei rekke kjende, kvasse og spektakulære toppar i Sunnmørsalpane - så lenge forholda tillet det.

Friluftsliv/segling

Her vil du segle nokre av dagane. Andre dagar kan du klatre, padle kajakk, gå på fjellturar eller lage mat på bål. Dette er eit fag for deg som har lyst å oppleve meir av både sunnmørske fjell og hav.

Frå Jord til Bord

Bli med litt vidare i kokkekunsten. Det blir hausting av frukt og bær, fermentering, sylting, behandling av fisk og partering av kjøt. Det heile avsluttast med å lage ein nydeleg kombucha-drikk.  

Futsal

Futsal er innefotball i gymsalen med høgt tempo, harde taklingar, leikne detaljar og kjappe finter. Økta består av noko øving og mykje spel. Lærar Per Bernt har erfaring frå 1.div-spel.

Gitar

Dette er eit nybegynnarkurs i gitar. Her lærer du nokre sentrale akkordar og litt om korleis akkordar er bygd opp. Læraren er i norgestoppen som allsanggitarist. Betre vegleiar finn du ikkje.

Golf

Golf-faget passer både for den etablerte golfar og for deg som aldri har rørt ei golfkølle. Her trenar vi teknikk (grep, sving og oppstilling) på driving rangen, putting greenen og den lokale bana.

Hybelmat

Lær deg herlege rettar til studentlivet. Her kan du plukke opp gode middagstips. Vi lagar mat etter prinsippet sunt-godt-billeg. Etter faget kan du kanskje imponere som kokk til kvardag og fest.

Innovasjon og Design

Dette er for deg som likar å leike, utforske, skape, utvikle, bygge, teste, fikse og lage prototypar. Her finn du 3D-printerar, laserkutterar, elektronikklab, vr-briller, robotar og mykje meir.

Klatring

Klatring i ny klatrehall, på utendørs klatrefelt eller på buldresteinar på Flø. Målet er grunnleggande sikrings- og bevegelsesteknikkar. Det blir lagt tilrette til å gå opp til brattkortprøva.

Knivlaging

Her får du designe ditt eige knivskaft, tilpasse og utforme det slik at det passar til bladet. Til slutt lage ei lærslire som passar til den ferdige kniven. Så kjapt har du din eigen kniv og slire.

Kreativ foto

Du lærer komposisjonsmessige og fototekniske grep for å ta bedre bilder. Det blir jobba med motivvalg og ulike teknikkar. Tema vil vere naturfoto, portrett og motefotografering.

Kvilepuls

Nokre gongar går verda for fort. Då er det lurt å lære korleis du kan roe ned tempoet. I faget blir det varierte økter med yoga, spa, strikking, bålkos, maling, musikk, massasje, basseng og god mat.

Longboardverkstad

Lag ditt eige longboard. Vi formpressar og limer saman finèr til brett. Deretter byrjar designprosessen i forhold til form, uttrykk og funksjon - og til slutt bruk av lakk og maling.

Maling

Vi malar på lerret med akrylmaling. Vi jobbar med billedkomposisjon, fargebruk, trykkteknikkar, behandling av verktøy, collage og decoupage, din eigen kreativitet og enkel photoshop.

Mat på bål

Lyst på pizza steikt på bål i ein kjele med sand? Eller lammelår tilberedt i ei kokegrop halvmeteren under jorda? Eller kanskje mørbrad pakka i deig og steikt rett på bålet? God fordøyelse!

Maxpuls

Eit praktisk fag der du får køyrd deg åleine eller i grupper. Du vel sjølv fordjuping: styrke, uthald eller crossfit. Gratis treningssenter 50 m frå skulen og gode løpestiar rett utafor døra.

Minnebok

For mange er eit år på folkehøgskule det beste året i livet. Då er det viktig å ta vare på minnene. I dette faget kan du vere med å fylle skulen si minnebok med ord og bilder og påvirke utsjånaden.

Parkour

500 meter frå skulen har det dukka opp ein splitter ny turnhall med trampoliner, tumblingmatter, Airtrack og skumgrop. Der vil du lære deg nye tricks av Håkon Igland, lærar på Parkour-linja. 

Piano

Du får opplæring i piano med vekt på besifringsspel. Vi har mange piano på skulen, både el og akustiske. Det ligg difor til rette for at du kan halde fram med å øve lenge etter at timen er over.

Redesign

Vi startar faget med eit besøk på Fretex (gjenbrukbutikken). Her kjøper vi plagg og brukte kle som vi etterpå designar og syr til eigne, nye kle. Vi kan òg jobbe med møblar, lamper og liknande.

Sjakk

Tidlegare har du spelt nettsjakk eller saman med vener, men no er tida inne for å ta det eit skritt vidare. Fokuset blir på opnings- og sluttspel og målet er at du skal utvikle spelferdigheitene dine.

Skating

Møre Skatehall er ein perfekt leikeplass! Her har du 500 kvadratmeter å boltre deg på. Du finn to ramper og ein street-del. Ein av timelærerane, Johannes Aukan, har forresten vore med i X Games. 

Skriveverkstad

Gira på å auke skrivelysta di? Maria Parr, forfatteren av Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal, er klar til å hjelpe deg med det. Ho lovar store mengder med skriveglede, uansett nivå. 

Squash

Skulen har ein lærar som er ein råtass i squash, og 50 meter unna skulen ligg squashbanene. Det er ein bra kombo. Fokuset er på slagteknikk og spilleforståelse, og framgangen ser du frå økt til økt.

Stop poverty

Kvart år samlar elevane inn pengar til eit prosjekt i Ilula i Tanzania. Førre skoleår kom det inn nær 650.000,- kroner. I dette faget kan du vere med å planlegge og gjennomføre det elevstyrte arbeidet

Teatersport

Her skal du leike og le, improvisere og dramatisere. Du lærer grunnleggande reglar i teatersport der både skodespelarar og publikum spelar ei aktiv rolle. NB: Du bør ikkje ta deg sjølv så høgtideleg!

Terrengsykkel

10 fatbikes står og venter på deg som likar å sykle i eit spektakulært fjell-møter-hav-landskap. Det er også flotte, tekniske stiar i nærleiken. Lærar Henrik har vore svensk landslagskøyrar i Trial.

Vokalgruppe/kor

I vokalgruppa syng vi fleirstemte songar i ulike musikalske sjangerar som f.eks pop, jazz, musikal eller klassisk. Kanskje vert du utfordra til å vere solist eller dirigent på ein minikonsert.

Volleyball

Det vert fokus på teknikktrening, mykje spel og innlæring av ulike roller i angrep og forsvar. Det er eit fag der du kan få stor framgang lagmessig og individuelt. På våren deltek du på ei turnering.

Volontør

Her står omsorg i sentrum! Det blir møter med menneske frå ulike samanhengar i nærmiljøet til skulen, på heimebesøk hjå gamle og opplegg saman med flyktningar og einslege asylsøkjarar.

X-fit

X-fit er inspirert av treningsforma Crossfit og er ei variert og funksjonell trening, utført med høg intensitet. Du trener både styrke og kondisjon, og X-fit er god basistrening - uansett idrett.

Yoga

Eit fag der fysisk aktivitet og mindfullness møter kvarandre. Du får øvelsar som gjev styrke, fleksibilitet, balanse og avspenning, ro og nærvær. Yogastilane vil vere ashtanga, vinyasa og yin.

Skiveke

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

I mars flyttar vi heile skulen til fjells på jakt etter laussnø. For mange er dette eit stort høgdepunkt. På dagtid køyrer vi ski eller snowboard og legg gjerne inn ei langrennsøkt. På kveldstid ventar det god mat og like god underhaldning. Dette er ei veke som dessverre er over så alt for fort!

Safari.Sunnmøre

Obligatorisk: Ja

Pris: Inkludert i linjepris

Dei beste fellesopplevingane kjem ofte når vi er på tur saman. Difor har vi tilsaman 14 dagar på fellesturar.

Vi startar året med ein opningstur i Sunnmørsalpane. I løpet av året har vi også turar til Ålesund og fuglefjellet på Runde. I mars har vi ei skiveke på Bjorli, før året avsluttast med ein tur til opplevingsgarden «Hakallegarden». Her fyller vi dagane med seminar, dyrestell, cowboyfest, liveband, BBQ og fjellturar. Vi trur du vil like det.

Sjekk inn, sjekk ut!
På eit tidlegare kurs- og konferansehotell bur du på store rom med eige bad med dusj, og med ei fantastisk utsikt over hav og fjell. 

Ein av dei største fordelane med skulen er at alt er under same tak. Det betyr at du kan gå frå rommet ditt til matsalen, elevstover og klasseromma utan å ta på ytterkle. Det er ikkje berre praktisk, det gjer det også mykje meir sosialt og det blir lettare å byggje eit godt skulemiljø.

På tunet ligg skulen sin gymsal og eit stort treningssenter med styrkerom, crossfit og squashbanar. Som medlem i KFUK-KFUM (150 kr per skuleår) har du fri tilgong til treningssenteret og Ulstein Arena med eit nytt badeland og ein ny klatrehall.

Fasiliteter

  • Frisbeegolfbane
  • Kaffebar med baristamaskin
  • TV-rom med Premier League-abonnement
  • Musikkavdeling med utstyr til fri bruk
  • Lydstudio med Logic
  • Redigeringsrom for musikk/film med Mac'ar
  • Bandscene
  • Formingsrom
  • Kapell med utsikt over himmel og hav
  • Elevstover
  • Bordtennis/biljard
  • Vaskemaskiner/tørketromlar i kvar etasje
  • Fleire elevkjøkken
  • Trådløst nettverk på kvart rom

Di nye Heimebane

Velkomen til bygdebyen Ulsteinvik. Dette er ein stad med ca 8000 innbyggarar og er eit handelssenter for ein region på drøye 25.000 mennesker. Ulsteinvik ligg rett sør for Ålesund og har blitt blitt kåra til Noregs mest attraktive tettstad. Byen er kanskje mest kjend for ein verdsmeister i hekkeløp, NRK-serien Heimebane, skipsindustrien og fotballaget Hødd. 

Ulsteinvik er utanfor allfarveg. Heldigvis! Men ikkje lengre unna enn at du kjapt kjem deg dit du vil. Om du vil flyge, har du fleire val. Du kan flyge SAS/Norwegian frå Ålesund lufthamn, Vigra. Den ligg 45 min frå skulen. Enda nærare er Widerøe sine avgangar frå Ørsta-Volda lufthamn, Hovden. Den er berre ein knapp halvtime frå skulen. 

I tillegg går det to daglege bussavgangar frå Ulsteinvik i retning Oslo. Det er og god bussforbindelse i retning Trondheim og Bergen. 

Finn reiserute fra der du bor

  • Ulstein Arena med badeland og klatrehall*
  • Stort treningssenter 50 m frå skulen*
  • Kulturhus med kino- og konsertsal
  • Ulike kaffebarar og spisestadar
  • Fleire kjøpesenter
  • Golfbane
  • Flytstiar for terrengsykling
  • Ny innandørs friidrettshall
  • Ny turnhall med trampoliner og skumgrop
  • Ny fotballstadion med innandørs fotballhall (Hødd)

* Fri tilgong om du er medlem i skulen sitt lokallag av KFUK-KFUM (150 kr per skuleår)

Det finst nesten ikkje vanlege veker på ein folkehøgskule. Til det er det for mykje som skal gjerast på kort tid. Nokre veker er vi på studieturar. Andre perioder har vi musikalprosjekt og skiveke eller vi flyttar heile skulen ut på landet og lager vår eigen festival på ein opplevingsgard.

Litt struktur er det likevel i kvardagen. Under finn du eit døme på det næraste vi kjem ei gjennomsnittsveke.

Last ned timeplan som pdf ↓

Folkehøgskulelivet, og for så vidt livet generelt, liknar på Sunnmørsalpane - det går opp og ned. Det fine er at du møter dagane med gode vener i ein heilt annleis skulekvardag enn det du er van med frå tidlegare. Faga er færre og fridomen er større. Det gjer året ulikt frå veke til veke.
Kva som blir ditt høgdepunkt i året gjenstår å sjå...

Last ned årsplan som pdf ↓

Kvart år samlar vi inn pengar til vår Stop Poverty-kampanje. Dei siste åra har vi samla inn 500.000-700.000 kroner. Desse midlane går til eit arbeid for foreldrelause born og unge åleinemødre i Ilula i Tanzania. Våre samarbeidspartnarar er Ilula Orphan Program og Ilula YWCA. 

Stop Poverty er ein kampanje utvikla av KFUK-KFUM Global der målet er å utrydde ekstrem fattigdom innan år 2030. Utgangspunktet er at Gud har skapt nok ressursar til alle, at fattigdommen er menneskeskapt og at vi menneske difor kan utrydde den.

 

"Skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule".
Desse orda er henta frå skulen sine over 100 år gamle ordensreglar, og gjeld den dag i dag. Du merkar det på ulike måtar. Kvar ettermiddag og kveld, vekedag som helg, er det mykje liv og røre i gymsalen, dansesalen, formingssalen, treningsstudioet, musikkstudioet, øvingsrommet, kapellet og elevstover.

Og om du skulle trenge nokon som pusher deg litt ekstra; ikkje ver uroleg. Vi har 12 fjorårselevar som er handplukka for å skape god stemning slik at du får eit så bra år som mogleg.

Her er berre ein liten smakebit av alt det som skjer av kveldsaktivitetar:

  • Fri tilgong til Ulstein Arena med badeland og klatrehall*
  • Fri tilgong til treningssenteret vegg-i-vegg med skulen*
  • Fri tilgong til gymsalen vegg-i-vegg med skulen 
  • Fotball- og volleyballtreningar kvar veke
  • Elevkveldar/miljøkveldar kvar laurdag
  • Kapellsamlingar kvar mandag
  • Formingsaktivitetar
  • Quiz-kveldar
  • Filmkveldar

* = Medlem i skulen sitt lokallag av KFUK-KFUM (150 kr per skuleår)

Sunnmøre Folkehøgskule er sertifisert både som "Grønt Flagg" og Fairtrade-skule.
Vi jobbar ut ifrå bærekraftsvedtaket til folkehøgskulane om å redusere CO2-utsleppet vårt med 40 % innan 2030. Vi, og dei andre skulane, rapporterar difor statusen kvart år gjennom Miljøfyrtårn sin portal.

17 berekraftmål
Bærekraft handlar ikkje berre om miljø, men alle dei 17 FN-måla for berekraft. Vårt fokus omhandlar fleire av desse, sjølv om forbruk, miljø og rettferdig fordeling er mest framtredande. Vårt håp er du, og vi,  dette året får med oss kunnskap, bevisstheit og gode vanar som påverkar både miljø og ressursfordeling på ein positiv måte vidare i livet 

Miljønemd
Skulen har ei miljønemnd sett saman av elevar og tilsette som kvart år lagar eit årshjul med ulike aktivitetar. Vi har fokus på berekraft både gjennom seminar, loppemarknad, valfag, fellesfag og linjefag. Vi jobbar også heile tida for å velgje gode berekraftige løysingar når det gjeld transport, bygg og anlegg.     

I opptaket vert fylgjande kriterier vurdert: 

  • Aldersgrense 18 år
  • Fråver og karakterar i orden og åtferd blir vurdert
  • Relevant informasjon om eventuelle sosiale, fysiske eller medisinske forhold
  • Skulen vurderer samansetninga av elevar
  • Inntak av elevar med behov for særskilt tilrettelegging vert gjort ut frå skulen sin kapasitet og kompetanse
  • Oppgåver/verv i KFUK-KFUM
  • Tidspunkt for søknad

Linja Global.Safari kan vere utfordrande for personar med nedsett helse og spesialkost grunna krevjande utlandsreiser

Bygninger

Heile skulen er under eitt tak, og er i stor grad universelt utforma. Det betyr at du kan bevege deg frå rommet ditt til matsalen og dei ulike klasseroma utan å måtte opne mange dører eller ha på ytterkle.

Vi har innført støydempande tiltak i matsalen, og vi kan legge til rette for teleslynge. Bygningsmassene er tilgjengelege for rullestol og skulen har eit overnattingsrom tilpassa rullestolbrukar.

Alle elevrom har eige bad på rommet. Skulen har også eit handicaptoalett i fellesområde, og heis som gjer at ein lett har tilgang til alle etasjer dersom ein har nedsett bevegelsesevne. Ytterdørene er sensorstyrt med automatisk opning og lukking.

Mikrofonar og lydanlegg finst i alle felles undervisningsrom, og teleslynge er i fleire av dei.

Mat

Vi tilpassar allergiar og spesialkost som til dømes gluten- og laktosefri mat. I tillegg har vi tilbod om vegetarmat. Gje oss beskjed i god tid slik at vi kan legge til rette for deg. 

Faglig og sosialt

Vi ynskjer å skape eit fagleg og inkluderande miljø for alle elevane på skulen. Til å hjelpe oss med det har vi mellom anna stipendiatar (andreårselevar). Dei bidreg med sosiale aktivitetar på ettermiddag og kveldstid. Skulen har også ei tilrettelagt linje Bo.Aktiv for dei som treng ekstra tilrettelegging, fagleg eller sosialt.

Lærarar

Håvard Kopperstad Funderud

Lærar - Musikk.Friluft

Håvard er ein sportsidiot som heldigvis vart eit musikkgeni. Løpeskoa og langrennskia er borte og no er han i staden lærar og frilansmusikar. Håvard bles hardare i trombona enn orkanar bles på Vestlandet og han likar gjerne å gje flat loop-pedal. 

Epost: hkf@sufh.no
Telefon: 70009600

Henrik Petersson

Lærar - Multisport

Svensken er to meter høg og to meter brei og er ei maskin med sekken full av horsepower, turerfaring og godt humør. Henrik er tidlegare landslagskøyrar i trail og var først ute med Multisport-konseptet. No er linja så bra at alle andre skular ynskjer å etterlikne den.

Epost: hp@sufh.no
Telefon: 70009600

Per Bernt Aske

Lærar - Golf og Idrett

På Vestlandet er alt lov når det gjeld namnekombinasjonar. Per Bernt er idrettslæraren med 0,8 i hcp i golf og 1. divisjonsspel for Hødd. "PB" inviterer motspelar til å bruke leggskinn på kunstgrasbana, men leverer også følsomt nærspel på putting-greenen. 

Epost: pba@sufh.no
Telefon: 70009600

Jan Einar Roos

Lærar - SjøSnøSurf

Jan Einar er mannen bak SjøSnøSurf, men føre alle andre når det er konkurranse. Han har eigen seglbåt og kan segle like godt til lands som til vanns. Det er ikkje Jan Einar som fann opp fjella på Sunnmøre, men han sjekkar jamnleg at dei funkar som dei skal. 

Epost: jer@sufh.no
Telefon: 70009600

Øyvin Sønnesyn

Lærar - Global.Safari

Sønnesyn er sønn til ein av skulen sine tidlegare rektorar. Fekk difor tidleg smaken på folkehøgskule. Han har jobba mange år som musikklærar, men har no bytta ut dur og moll med tur og toll. Øyvin er i norgestoppen i allsang og i verdstoppen i small talk.

Epost: os@sufh.no
Telefon: 70009600

Ingfrid Grimstad

Lærar - Bo.Aktiv

Ingfrid har hovudansvaret for Bo.Aktiv-linja og er utrulig nok snillare enn det sjølvaste Mor Theresa var på same alder. Ho er lærar i valfag som teatersport, kvilepuls og strikking/hekling. Ingfrid er utdanna musikklærar og spelar meir enn gjerne på go’følelsen når det trengs. 

Epost: ig@sufh.no
Telefon: 70009600/70009620

Beate H. Langnes

Lærar - Bo.Aktiv

Beate er ein av lærarane på Bo.Aktiv som har litt for mykje overskot. Som utdanna formingslærar har ho kreative fag som redesign, maling og foto. Og berre for å vise at ho også kan roe ned, er ho valfaglærar i kvilepuls og mat på bål.

Epost: bhl@sufh.no
Telefon: 70009600/70009620

Sondre Jordheim

Lærar - Bo.Aktiv

Dei vaksne blir berre yngre og yngre. Sondre er Ungkaren med Bachelor i folkehøgskule. Han starta som ein gira friluftslivselev i 21/22, test ut stipendiatlivet året etter og er plutseleg Hødd-henta til eit tredje år, denne gong som lærar på linja Bo.Aktiv.

Epost: sj@sufh.no
Telefon: 45874998

Vegard Aksnes

Lærar - Alarm.Beredskap

Vegard er ein rar kombo av hard trening, avslappa friluftsliv, klatring, padling, snekring, musikk, røykdykkar og sjåfør i brannvesenet. Vegard har befalsutdanning frå Sjøforsvarets Gymnastikkskole og har rykka opp til å bli ein sjølvskriven kaptein på Alarm-linja.

Epost: va@sufh.no
Telefon: 70009600

Administrasjon

Arnt Ole Grimstad

Rektor

Kongen på haugen. Nærmar seg 50 år og allereie jobba ved skulen i omlag halvparten av dei. Han starta som musikklærar og har snart vore rektor dei siste par tiåra. Arnt Ole er ein lokal songar med ei basstemme verda treng og eit talent for store standupscener.

Epost: aog@sufh.no
Telefon: 70009600/70009602

Øystein Vegge

Inspektør

Øystein skaper god stemning med lekne ordspel. Med lang erfaring frå bre, fjell og fjord er han høgt og lavt i det som skjer på skulen. Øystein har budd i alle dei 11 fylka i landet. Han kjenner difor sikkert naboen din, og du vil nok kjenne igjen litt av dialekta di når han snakkar.

Epost: ov@sufh.no
Telefon: 70009600/70009605

Kathrine H. Sæternes

Internatleiar

Ein kvar heim treng ei kjærleg kvinne. Vi har vår i internatleiar Kathrine. Ho er sjukepleiar i botnen, god på toppen og likar å bli kalla husmor. Det er henne du først oppsøker dersom du er sjuk eller treng nokon å snakke med. Det brukar å hjelpe.

Epost: khs@sufh.no
Telefon: 70009600/70009604

Bodil Muren Voldsund

Kontorfullmektig

Bodil har tittelen kontorfullmektig, men jobbar i praksis som kontorallmektig. Det er ho som skaper godt fyrsteinntrykk på telefon og e-post. På kontoret rett innanfor hovudinngangen har ho ei oversikt som berre søkemotoren Google kan måle seg med.

Epost: post@sufh.no
Telefon: 70009600

Oddgeir Nygjerde

Økonomileiar

Sunnmørske dollar er ikkje det viktigaste i livet, men for ein skule er det greitt å ha orden på økonomien. Difor har vi Oddgeir. Den tidlegare bankmannen sørger for at vi betaler det vi skal og får inn det vi treng. Han er ein av dei som utan problem forstår «tallenes klare tale».

Epost: on@sufh.no
Telefon: 70009600/70009603

Driftspersonalet

Tord Aksnes

Vaktmeister

Vaktmeisternes Mester har enno ikkje passert dei førti, men har allereie kjeledressen full av erfaring og heimesnekra løysingar. Han er tømrar, akkurat som Jesus, og gjer dagleg små og store miraklar på bassigitarar og på skulen si bygningsmasse. 

Kidane T. Haile

Vaktmeisterassistent

Kidane er ein alt-mulig-mann som aldri seier nei når han blir spurt om noko. Og om det dukker opp ei oppgåve som han ikkje har vore borti tidlegare, er mottoet velkjend: «Dette har eg aldri gjort før, så det klarer eg heilt sikkert.»

Arve Ertesvåg

Kjøkkensjef

Arve har ansvaret for at elevane får mat fire gongar om dagen og at bygda får det dei treng til catering, kurs og selskap. Hans viktigaste oppskrift, er naturleg nok oppskrifta på suksess. Og som ein gla'laks og ivirg sportsfiskar bidreg han gjerne sjølv med kortreiste råvarer.

Tor Inge Warholm

Kokk

Tor Inge har jobba på ulike kjøt- og fiskerestaurantar i inn- og utland. I tillegg har han segla på dei sju hav. No har han vendt grytene heimover for å trylle på eit kjøkken nær deg. Her er han rå som sushi og serverer middagar krydra med kjærleik.

Borghild Ulstein

Kokk

Borghild er ein institusjonskokk som sjølv har blitt ein institusjon. I eit kvart århundre har ho laga mat til folket. Det gjer at repertoaret av «kokkens favorittar» blir større og større og større. Ho veit at vatn kokar ved 100 grader og at mjølk kokar når du snur ryggen til.

Monica Skotte

Kokk

Monica er kokken som sannsynligvis bakar Sunnmøres beste sjokoladekake. I tillegg er ho lærar på valfaget «hybelmat» der målet er å lage variert mat etter mottoet «sunt, bra, billig». Det siste punktet er sjølvsagt heilt i tråd med kokken sitt etternamn.

Maharit Halafe

Kokk

Maharit starta på skulen som lærling og enda opp som kokk. På fritida trenar ho mykje på treningssenteret og ho får dips og crunches til å høyrast ut som starters på en gourmetmeny. Når det gjeld Maharit anbefalar vi difor: «Don`t mess with the chef»!

Yonlada Ask

Kjøkkenassistent

Det vert sagt at nokre spor varer evig, men då har dei ikkje sett dei plassane Yonlada har vaska. For alt du finn igjen etter ho er rein glede og rein luksus. Av den grunn er det forståeleg at elevane seier: «shit ass, her ble det ikke bare rent, men suverent».

Sibel Aydin

Kjøkkenassistent

For eit par tusen år sidan meldte ein fyr at mennesket ikkje berre lever av brød åleine. Det forstår Sibel veldig godt. For i tillegg til brød og sirkus fyller ho også opp ein nydeleg salatbar til kvar einaste lunsj. Det er ikkje rart ho vert kalla Flex-Sibel.

Patrycja Jurgiel

Kjøkkenassistent

Patricia er ei av dei som jobbar raskare enn sin eigen skugge. Eller fortare enn svint som det heiter på fagspråket. Ho har bytta bort kanelbollar og dobbel latte i eit lokalt bakeri med heimebaka brød og rundstykker hos oss. Det fortjener ho ein takk-for-maten-tale for. 

Stig Grønmyr

Assistent

Dei fleste arbeidsplassar har ein kollega som det er ekstra lett å bli glad i. Vi har vår i Stig. Han starta som elev i førre årtusen og har blitt skulen sin trufaste hjelpar. Her ryddar han i matsalen, held orden på kjeldesorteringa og serverer frukt og nytrekt kaffi kvar einaste dag.

Linjer på Sunnmøre Folkehøgskule

Alarm.Beredskap

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Musikk.Friluft

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Idrett.Ball

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Golf.Idrett

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

SjøSnøSurf

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Multisport

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Global.Safari

Sunnmøre Folkehøgskule
HeilårskursKristen

Bo.Aktiv

Sunnmøre Folkehøgskule
Kontakt skulen
HeilårskursKristen

Leiartrening

Sunnmøre Folkehøgskule
Fullt
Stipendiatlinje24 t/ukeKristen
Søk på skulenSkulen si nettside

Dette seier tidlegare elevar

Amanda Ros - Musikk.Friluft - 21/22

Dette er et veldig sosialt år, og det er lett å få venner. Her blir du godt kjent med alle.

Amanda Ros - Musikk.Friluft - 21/22
Benjamin Riska - SjøSnøSurf - 21/22

Jeg følte jeg kom til et anna land da jeg kom hit. Jeg hadde aldri sett sånn natur før.

Benjamin Riska - SjøSnøSurf - 21/22
Fredrik Oliver Paulsen - Golf.Idrett - 21/22

Dette har vært tidenes år! Jeg tror jeg rett og slett har blitt en annen versjon av meg sjøl.

Frå bloggen

Har bodd fire år i kollektiv med venner fra folkehøgskolen: – Trygt og gøy

Ingrid-Elisabeth og mange flere velger å flytte i kollektiv med venner fra folkehøgskolen, etter endt folkehøgskoleår.

Les meir på bloggen ▷

Få gratis skolekatalog i postkassa!

Få katalog med full oversikt over alle folkehøgskoler i posten. Bli kjent med skolene i ro og mak, og diskuter med venner og familie!

Bestill katalogen